Utdanning nr 04-2014

Kronikk

Å lage ein god skule

Mangemed skral heilskaps- forståing vil styre skulen. Og all styring har sin verknad.

landet. Vi leitte etter juks og fanteri. Vi fann ein privatskule der alle elevane i ein stor samfunns- linjeklasse hadde karakteren 6 i kroppsøving. Bortimot fysisk umogeleg, men karakteren var heilt sikkert kvalitetssikra, sett av ein kompetent faglærar, kanskje med mild rettleiing frå rek- tor. Karakterar frå sentralt sensurerte fag viste at skulen hadde eit godt fagleg nivå, men karakterar skulen sjølv hadde kontroll med, var generelt mis- tenkeleg gode. Skulen skal byggje på høgverdige verdiar. Ikkje minst er det viktig at den etiske standarden er høg. Alle elevane skal kome ut frå skuleverket med ein høgverdig etikk; i alle fall med høg etisk kompe- tanse. Læraren skal difor ha høg etisk kvalitet, og har ansvar for at eleven får leve under påverknad frå denne høgetiske kvaliteten. Prokuratorknep var i alle fall før eit minusord, men no veit eg ikkje. «What Did You Learn in School Today?» song Tom Paxton og mange andre. Tenkt tilfelle: Karakterane er sette. Eleven har fått sin rettferdige karakter. Men så har læraren vore for einsidig opphengd i fagleg dugleik og har ikkje passa på jussen. Føre- skrivne varsel har ikkje vore sendt innanfor fris- ten. No kan familiens advokat kome på bana. Etikk trumfar sjølvsagt ikkje jus, og læraren må kanskje setje ein betre karakter enn eleven er god for. Og spørsmålet ein kan stille: «What Did You Learn in School Today?» Samfunnet forventar lærarar med høg etisk standard. Men kva skjer med etikk og moral dersom dei må tilpasse seg ein skule styrd av økonomar og juristar, eit styringssystem med konkurranse på ein perfekt marknad sommodell? Eleven som kunde Eg hugsar ubehaget då rektor hadde vore på eit svært viktig kurs, berre for rektorar. Han trudde neppe på den nye bodskapen, men han gjorde som han var befalt, samla alle lærarane på skulen og sa: Eg kjem til dykk med bod om ei stor glede: Heret- ter er ikkje eleven lenger elev, men skal tenkjast på og omtalast som kunde. Vi skjønte at no hadde endå ein gong ein haug misjonærar kome i posisjon for å laga store og vik- tige framtidsplanar for skulen. Vi kjende slett ikkje noka stor glede, men kunne berre vone at heller «What Did You Learn in School Today?»

Asbjørn Geithus pensjonert lektor

FOTO PRIVAT

ILLUSTRASJON ToneLileng | post@tonelileng.no

Psykologien lærer oss alt langt framme i grunn- boka at ein kan påverke korleis val vert tekne ved å bruke straff eller vederlag. I forskingslaboratorium fungerer dette godt med rotter, så kvifor skulle det ikkje fungere for lærarar i skulen? No seier alle at læraren er den viktigaste faktoren i skulen. Då må læraren styrast til å gjere slike val at han blir lærar, blir verande lærar, og ein god lærar. Vi veit at lærarar ikkje let seg styre av pengar, av om løna er låg eller høg, men der er mykje anna som kan trekkje folk til læraryrket. Lærarutdanninga har vore fireårig sidan 1992. No er det stor semje om å gjere den femårig og nå masternivå. Det er neppe viktig at løna går opp slik at dette ekstra året er ei god investering for den unge læraren. Alle veit at til lengre utdanning, til større vørdnad får den som utdannar seg. Unge menneske, særleg dei mest ressursrike, vil nok strøyme til denne nye femå- rige vørdnaden. Dei som kostar på seg endå lengre utdanning for arbeid i skulen, vil truleg oppleve endå større vørdnad. Sjølv har eg med mine sju år på universitetet, mitt hovudfag i norsk og min lektortittel levd med vørdnad på topp, og løn ein del lengre ned på stigen. Men så pass truande er eg at eg veit at pengar er uvesentleg samanlikna med å få leve eit rikt åndeleg liv. Skrøpeleg vesen Eg har lese i ei stor bok at mennesket er eit skrø- peleg vesen. Slik ville Skaparen ha det. Ein kan mistenkje dei som lagar planar for skulen å ta for lett på at svært mange vil tilpasse seg dei systema dei møter ut frå det dei opplever som sine eigne interesser. Også moralen kan måtte tilpassast! Nokon kvar har lese om skular som syter for at svake elevar er «sjuke» på dagar når viktig måling går føre seg. Slikt hjelper på snittet og plasseringa på lista over kvalitetsskular. Det vert ikkje mindre freistande å jukse dersom resultatet får innverk- nad på tildeling av ressursar til skulen. For nokre år sidan sat eg saman med ein som hadde tilgang til all karakterstatistikk for heile

«Alle dei som har fått innført systemet med mål- og kontrollstyring, har dei fått på plass dette systemet for sine eigne arbeidsplassar?»

>

50 | UTDANNING nr. 4/21. februar 2014

Made with