Utdanning nr 04-2014

Kronikk

ikkje denne nye læra vart for langvarig. Marknads- liberalismen var i framgang som dagens mote, og har i mange år rota mykje til. Presise, individtilpassa planar Elevkunden skal få tilbod ommaksimal målopp- fylling. Mange og skreddarsydde planar skal gje kvar skreddarsydde elev maksimal læring. Der- som ein i dei gode, gamle dagar hadde ein solid plan for faget for heile året, hadde læraren eit godt grep. No må ein ha tre planar for kvar klasse, til- passa til ulike elevar, ulike nivå. Kanskje det ikkje er så unormalt med læraren som skreiv i eit lesar- innlegg at han hadde sju planar i faget i ein klasse for at alle elevar skulle ha ein optimal plan. Ein far gjekk gjennom alle plandokument for sonen i åttande klasse, og fann at sonen skulle innretta seg etter 296 mål. Og eleven skal ha eit medvite forhold til målpunkta under skulearbeidet sitt. Nokon kvar skjønar at dette er urealistisk. Men for Herren, og for herrar som er vande med å styre via skrivebordet, er ingenting umogeleg. Dei ser klårt at for å nå alle måla er kontroll avgjerande, kvalitetskontroll. Eg las nett om kontraspionasjearbeid i USA, i FBI. Ein som sat med kontrollarbeid, fortalde at han på skrivebordet sitt kvar dag fekk levert ein stabel på over ein halv meter med rapportar og oppsum- meringar. Hans oppgåve var å komprimere dette og formidle det vidare. Han kunne kome gjennom maks 10 cm gjennom ein flittig arbeidsdag. Den stakkars mannen hadde mist trua på systemet. Men forbausande mange held fast ved trua at i deira verd vil meir kontroll føre fram. Reaksjonar på kontroll Riksrevisjonen skal passe på mangt, også passe på mange byråkratar. Ein forskar har funne ut at byråkratane vert hefte ved arbeidet kontrollane frå riksrevisjonen pålegg dei, og at dei byråkratane som vert oftast kontrollerte, reagerer mest nega- tivt. Utruleg kva forskarar kan finne ut! Men i sku- «Norsk skule skårar høgt på elevtrivsel, og det er flott. … Eg ønskjer meg like mykje og god forsking på lærartrivsel.»

len skal auka rapportering og kontroll ha ein sterk positiv effekt. Gjer mot andre det du vil at andre skal gjere mot deg, sa ein klok mann. Med ein liten vri kan ein seie: gjer mot deg sjølv slik du gjer mot andre. Alle dei som har fått innført systemet med mål- og kontrollstyring, har dei fått på plass dette systemet for sine eigne arbeidsplassar? Vi veit at masochistar finst, men har dei det? Misjonærar ser ofte i svart-kvitt Historia syner at i periodar slår mykje nytt gjen- nom. Vår tid opplever akselererande endringar på mange felt. Det er uunngåeleg at i slike periodar tenkjer mange: Bort med alt det gamle! Nokre med stor innverknad fann ut at klassar med klasserom var forkasteleg. Berre individet fekk vere individ, så «ville alt gå så mye betre». Lag opne landskap, vekk med veggar! Meir uro, meir støy, bråk og dår- leg konsentrasjon burde ikkje vere uventa resultat. Tavler var passé. Vekk med dei! Den store flek- sibiliteten ved tavlebruk, der læraren formidlar, eller der elevar skriv og moment vert diskuterte i klassen, vart føysa vekk av misjonærane som såg bruken av tavla utan konkurransekraft med det nye. At leverandørar av nytt og dyrt utstyr hadde sine eigne interesser når dei framstilte kor fantas- tisk alt skulle bli, vart lite vektlagt. No skulle data- maskinar ta over. Når kvar elev hadde si berbare maskin, ville menneskeslekta nå nye høgder. Eg ser av debattinnlegg om skule at klasserom vert oppretta att. Og at ei meir edrueleg vurdering av korleis ein kan bruke datamaskiner og mobilar kjem fram. Tekst-TV 29. des. 2013: «Unge Høyre vil fjerne ordninga med å gi PC-er til alle elever. De mener feil IKT-bruk gir konsentrasjonssvikt og dårlige resultater.» Den som først no har kome fram til denne konklusjonen, og truleg med til- gang på berbar datamaskin gjennommange år, er jammen treg. Men ære til Unge Høyre; betre seint enn aldri! No må ein ikkje gå i den andre grøfta og tape av syne dei mange og store mogleghei- tene datateknologien opnar for i skulen. Ut frå ei grunnhaldning om fleksibilitet må vi bli flinke til å

bruke kvar metode, kvar reiskap til det den er best til. Albert Einstein sa: «Det er umogeleg å løyse problema ved hjelp av den tenkinga som skapte dei». Med denne innsikta som grunnlag bør ein gå gjennom utviklinga i skulen siste tiåra. Eitt av mine ønskje for 2014 og endå vidare er at fleire og fleire, også mellom politikarane og byråkratane, forstår at Einstein har rett, sjølv om dei ikkje for- står relativitetsteorien. Regjeringa har ansvar For få byrjar på lærarutdanning. For mange avbryt utdanninga. For få startar som lærarar etter fer- dig utdanning. Og for mange sluttar etter kort tid i skulen. Men no kjem nye kostar, med nye fokus. Regjeringa er tydeleg; Kvaliteten på lærarane skal opp. Lærarutdanningsinstitusjonane må altså levere frå seg studentar med meir solid kunnskap. Slikt er lett å seie. Så får vi sjå korleis målet skal verte realisert. Dei lærarane som alt er utdanna, må bli betre. Dei må difor få etter- og vidareut- danning så det monnar. Det skal bli spennande å sjå kor store forbetringsbitar som vert laga til dei yrkesaktive lærarane. Helgesamlingar duger neppe til eit slikt storverk. Statsråd Torbjørn Røe Isaksen sa i Utdanning for november 2013 at «Vi har oppdaget at ambisjonene våre på etter- og videreutdanningsfeltet er større enn det systemet kan levere». Statsråden skal ha ros for å ha opp- daga dette. Eg kan ikkje hugse at han sa dette før valet. Kanskje han ikkje forstod dette før valet? Eg vonar han likevel held fast på ambisjonane og syter for at det vert satsa det som skal til for å rea- lisere dei. Han greier nok å overtyde finansminis- ter Siv Jensen til å stille med nok pengar. Kommuneøkonomi Lærarar kan brukast til mangt. I tider då det er lett å finne arbeid, og då dei som treng arbeidskraft, er villege til å betale godt for god arbeidskraft, kan mange både potensielle og fungerande lærarar velje noko anna enn å vere lærar. I nedgangstider med stor arbeidsløyse vil ledige jobbar vere meir

52 | UTDANNING nr. 4/21. februar 2014

Made with