Utdanning nr 04-2014

Kronikk Emnar du på ein kronikk, er det lurt å presentere ideen for redaktør Knut Hovland kh@utdanningsnytt.no. Utgangspunktet er at temaet må vere interessant og relevant – og språket godt og forståeleg – for ei brei lesargruppe. Stoff som byggjer på forsking, må vere popularisert. Det betyr blant anna at forskings- resultatet er det sentrale i teksten og at det som handlar ommetode, har ein mykje mindre plass. Lengda kan vere mellom 12.500 og 17.000 teikn inklusive mellomrom. Litteraturliste og referansar må vere inkluderte i talet teikn. Eventuelle illustrasjonar må ikkje sendast limt inn i wordfila, men separat som jpg- eller pdf-fil.

attraktive, også jobbar i skulen. Økonomiske ned- gangstider gjer det altså lettare for kommunar og fylkeskommunar å finne kvalifisert arbeidskraft. Media fortel om frustrerte kommunestyrerepre- sentantar utover heile landet, som skar ned bud- sjettet i fjor og må skjere ned endå meir i år. Skulen er ein så stor del av kommuneøkonomien at sku- len ikkje kan skjermast for nedskjeringar. Færre lærarar skal gjere same jobben som før. Der vert meir stress for alle i skulesamfunnet. Tilstanden i kommuneøkonomien i Noreg for tida gjev såleis ikkje noko god grunn for potensielle lærarar til å velje skulen. Og truleg vil nedskjeringane få fleire til å forlate skulen. Framtidsutsiktene for kommu- neøkonomiane er det få som ser optimistisk på, men Oslo Børs set stadig nye rekordar. Karriere og rettar Den nye regjeringa signaliserer at det no skal bli mogeleg å gjere karriere i klasserommet for dei flinke lærarane. Det står att å sjå om alle lærarar får opprykk dersom alle er flinke. Dei som satsar på slik karriere, vil vel anstrenge seg for å sikre seg plusspoeng som er relevante for avansement. Eg kan berre håpe at dette ikkje svekkjer den kollegi- ale solidariteten, der ein stør og hjelper kvarandre utan å tenkje på kva som gagnar eigen karriere. Og at alle framleis vil delta i ulike sosiale aktivitetar skulen skipar til, viktige aktivitetar som ikkje gjev karrierepoeng. Lærartrivsel Norsk skule skårar høgt på elevtrivsel, og det er flott. Det er sikkert kjekt å forske på elevtrivsel og å kunne formidle positive funn frå Noreg når forskarane frå mange land møtest. Eg ønskjer meg like mykje og god forsking på lærartrivsel. Eg skal ikkje ta på meg å svare for alle lærarar om kva som er viktig for å trivast, men eg kan svare for meg sjølv, og det skulle ikkje forundre meg om fleire tenkjer i mine baner. At skulen har fokus på det faglege og pedagogiske arbeidet utan å forsøme det sosiale. At samarbeid i kollegiet fun- gerer på alle felt med mål om at alle skal gjere framsteg. «Vi må gjere kvarandre gode», sa Nils Arne Eggen, utdanna lektor i norsk, i Rosenborg. At leiarressursane er innretta på å stø opp om det faglege og pedagogiske arbeidet, både ved rettlei- ing og deltaking i ulike utviklingsprosessar. At dei såkalla tidstjuvane vert minimerte. Godt byråkrati trengst, men lat skulen ha passe mykje oppgåver for byråkratar. Lat ymse leiarar få bruke tida si til

å leie utviklinga på skulen, både det pedagogiske arbeidet og det faglege læringsarbeidet. Lat dei få tid til å leie særleg nykomarar. Lat dei vere viktige som pådrivarar med mål om å utvikle ei ambisiøs grunnhaldning på alle felt. Å høyre til Det er kjekt å sjå at ein del skular tek grep og finn attende til å vektleggje fellesskap. Dei erfarer at med klasseorganisering går det betre med ro og orden, og elevane kan betre rettleiast. Arbeids- konsentrasjonen vert betre. Å høyre til ein stad er viktig. Å ikkje høyre til nokon stad er skadeleg, skadeleg også for læring. Om alle høyrer til i ein klasse, er det fullt mogeleg å få til fleksible opplegg tilrettelagde for elevar med ulike kapasitetar. At elevar som har ulike kapasitetar, lever i lag, er på ulike måtar utviklande for alle. Alt kan bli gift om ein overdoserar Du kan øydeleggje all god mat med for mykje suk- ker, og med for mykje salt. Kva ingrediensar skal skulen innehalde, og i kva mengder, for å få ein god skule? Det går an å få mange variantar av ein god rett ved at mange har sin måte å lage den på. Men ein rett må ha visse rammer. Også skulen vert best ved at der er fleire variantar, alle laga av folk med høg kompetanse og stort engasjement. Og så kan smakinga og utprøvingane gå. Alle vert ikkje einige om kva som smakar aller best. Innanfor ramma kan diskusjonen og utprøvinga gå; Kva er passe målstyring og passe kontroll? Svært mange vil nok seie ja til at der må vere meir rettleiing enn det er no. Rett til å uttale seg Men eg ser teikn på at lærarstanden sine ønskje om ein god skule kan bli overkøyrde av slike som veit best, og som har makt til å påtvinge skulen stor skade. Per Kristian Sundnes frå KS svarar slik på spørs- mål frå Utdanning i nummeret for desember 2013: Spørsmål: Ett av kravene er å gi lærerne min- dre tid til selvstendig arbeid. Hva er bakgrunnen for det, når lærerne sier de allerede har for knapp tid til å utføre de lovpålagte oppgavene? Sundnes svarar: Vårt poeng er at vi ikke bør ha en arbeids- tidsavtale som står i veien for å finne den beste disponeringen av arbeidstiden, slik at alle opp- gavene kan bli løst til beste for elever, lærere og skoleledelse. Så flott! DersomKS kan få bort arbeidstidsavta-

len, i alle fall slik den er sett saman for tida, så kan alle oppgåver bli løyste ! Mao Tse Tung sa: Den som ikkje gjer undersø- kingar, har ingen rett til å uttale seg. Kva undersø- kingar, eigne eller andre sine, byggjer Sundnes på? Legg desse fram! Har noko land fjerna alle avtalar slik Sundnes vil, og så har dei mirakuløst fått tid til å utført alle oppgåvene? Praksis er kriteriet på sanning Dette er også eit Mao-ord. Det er nok ikkje berre lærarar som opplever at folk som ikkje utfører arbeidet på grunnplanet, veit best korleis ting skal gjerast. Det er lett å planleggje storverk på papiret. Og for all del; planar har vi bruk for. Det avgjerande er likevel korleis planane fungerer i praksis. Eg har ein kjepphest; At alle skuleplanlagarar måtte prøve ut planane sine i eitt år i skulen. Om det var slik, ville mykje tyleskap vore unngått. Samarbeid eller konfrontasjon Også den som underviser, treng undervisning, sa filosofen Heraklit for 2500 år sidan. Hans grunn- tanke om at alt endrar seg passar godt til vår tid. Så får vi sjå omHøgre i regjering får til kvalitetshe- ving av lærarstanden. Eg reknar med at dei forstår at alt utviklingsarbeid må skje i samarbeid med dei som gjer arbeidet, for dei ser best korleis det og det vil fungere i praksis. Kanskje KS stiller til forhandlingar med slike haldningar at «Vårt poeng er at vi ikke bør ha en arbeidstidsavtale som står i veien for å finne den beste disponeringen av arbeidstiden, slik at alle oppgavene kan bli løst til beste for elever, lærere og skoleledelse». Då vel dei full konfrontasjon. Utdanningsforbundet må slipe sine våpen. Det er mykje mogeleg det vert bruk for dei. Mitt favorittmål Når ein les gjennom alle dei målformuleringar som har vore styrande for norsk skule, så ser ein mykje og ulik tenking. Eg finn livsrøynsle og god vilje i det meste. Dersom eg av alle slags målpunkt gjennom skulehistoria skulle velje eitt einaste, så ville det bli at alle skal bli «gagns menneske i heim og samfunn». Men slik tenking er sjølvsagt både umoderne og uambisiøs og kan ikkje måle seg mot dei hundrevis av punkt den oppveksande slekt skal formast etter.

53 | UTDANNING nr. 4/21. februar 2014

Made with