Yrke nr. 2 -2015

YRKE MAI 2015 • 27

YRKESFAG TEMA I VALKAMPEN

På Høgre sitt landsmøte var styrking av yrkesfaga tema. Fleire fylkeslag hadde sendt inn krav om handling for å skaffe fleire læreplassar og sikre rekruttering av nok lærarar. Det er eit engasjement, og ein vilje til å prioritere yrkesfaga i det politiske landskapet. På Høgre sitt landsmøte var styrking av yrkesfaga tema. Fleire fylkeslag hadde sendt inn krav om handling for å skaffe fleire læreplassar og sikre rekruttering av nok lærarar. Det er eit engasjement, og ein vilje til å prioritere yrkesfaga i det politiske landskapet. Skal vi tru SSB, vil vi innan 2030 kome til å mangle 13 0000 fagarbeidarar. Ein av Høgre sine medlemmar i KUF-komiteen på Stortinget, Kent Gudmundsen, meiner at Høgre sitt landsmøte no tar eit «kraftig grep» og «fornyar yrkesfagløftet». Eit av tiltaka er å stille strengare krav til det offentlege, slik at dei legg til rette for fleire læreplassar. Så får vi håpe at dei private følgjer opp. Det er ikkje lenge sidan Arbeiderpartiet fremja eit forslag på Stortinget som også handla om eit løft for yrkesfaga. Ikkje mindre enn 33 tiltak låg i dette forslaget. Felles for mange av desse er at dei «ber regjeringa om å styrke…» «leggje til rette for…» eller «leggje fram ei sak om» noko. Til å vera eit dokument med 33 kulepunkt, er forslaget særs utydeleg – men det osar av gode intensjonar og god vilje.

Samstundes held vi på med å implementere Stortingsmelding 22 På rett vei som eit samla Storting slutta seg til. Mange av dei tiltaka som er skissert her, er gode tiltak som eg har stor tru på kan medverke til å vidareutvikle fagopplæringa. At så mange politiske parti også støttar eit løft, er løfterikt for valet til hausten. FORBUNDS KOMMENTAREN

Eg vonar at dei vil snakka opp yrkesfaga, og at dei vil kome med forpliktande løfter om kva dei faktisk skal gjere. Vi har i lang tid jobba for å ruste opp skulane med utstyr og kompetanse, og her ligg også noko av svaret på korleis vi skal løfte fagopplæringa. Medan byråkratane undersøker korleis situasjonen er rundt om, veit vi frå vår eiga medlemsundersøking at 4 av 10 yrkesfaglærarar ikkje har det utstyret kompetansemåla krev. Mange manglar også formell kompetanse for å undervise på yrkesfag. Korleis kan vi gjere dette til viktige spørsmål i fylkestingvalkampen? Vi treng at medlemar og tillitsvalte snakkar høgt om behovet for å rusta opp dei vidaregåande skulene. Vi må krevje at det blir høve til å ta etter- og vidareutdanninga. Vi treng innlegg i lokalavisar, at det blir stilt spørsmål på valmøta og at ein utfordrar politikarene på kva dei faktisk skal gjere for å oppfylle løfta sine. Det er de, medlemmene og tillitsvalde på yrkesfag, som eig fagkunnskapen og veit kva som trengs. De er de som kan fortelje kvardagshistoriene om korleis elevane opplever skulen i dag og kva behova for morgondagen er. Det er desse historiene som kan gjere ein politisk forskjell når det gjeld i kva grad nasjonale politiske ambisjonar for yrkesfaga blir realisert.

Ragnhild Lied er leder av Utdanningsforbundet

Slik er altså situasjonen: Medan dei politiska rammene blir lagde nasjonalt, er det i kommunane og i dette tilfellet, særskilt i fylkeskommunane at den nasjonale politiske viljen skal omsetjast til praksis. Det er politikarane på fylkesnivået som skal målbæra dei nasjonale ambisjonane for yrkesfaga.

Godt val!

Made with