Utdanning nr 16 - 2014

Ut i verden

Kirgisistan

Canada

Lærarar kjempar for snittløn

Langvarig lærarkonflikt er over

Den største lærarorga- nisasjonen i Kirgisistan trugar med streik dersom ikkje lærarane kjem opp på gjennomsnittsløna i det sentralasiatiske landet i løpet av neste år. Ifølgje forbundsleiaren Asylbek Toktogulov tener lærarar i gjennomsnitt rundt 920 kroner i måna- den, og i somme delar av landet ligg dei under det styresmaktene reknar somminimum ein kan leve av, om lag 650 kroner. Gjennomsnittsløna i landet er om lag 1375 kroner, seier forbunds- leiaren ifølgje nyhende- byrådet AKI Press.

Lærarane i den kanadiske delstaten British Columbia går attende til jobb etter å ha streika sidan slutten av mai. Ein ny avtale skal vonleg sette stopp for nesten 30 år med konflikt mellom lærarorganisasjonen og styresmaktene.

TEKST HaraldF. Wollebæk | hw@utdanningsnytt.no

Forhandlingane mellom delstatsstyresmaktene og lærar- organisasjonen BC Teachers Federation enda med ein seksårig kollektiv avtale. Han inneber ein lønsauke på 7,25 prosent i løpet av denne perioden. Dessutan skal lærarane få 100 minutt til førebuing og etterarbeid i veka, og det er sett av 400 millionar kanadiske dollar til fleire lærarstillingar, melder det kanadiske kringkastingsselskapet CBC. Ifølgje nyhendebyrået Canadian Press har det dei siste 30 åra vore eit svært dårleg tilhøve mellom delstatsstyresmaktene og lærarorganisasjonen, med strid ommellom anna arbeidsvilkår, retten til sentrale avtalar og klassestorleik. Den nye avtalen vert derfor omtalt som historisk. – No kan vi arbeide saman med dei aller viktigaste i utdan- ningssystemet, lærarane, i staden for å krangle og slåst heile tida, seier statsministeren i British Columbia, Christy Clark. – Avtalen vil gje meir ressursar til elevane, sikre fleire spesia- listar og lærarar og verne lærarane sine konstitusjonelle rettar, seier leiar Jim Iker i BC Teachers Federation til CBC.

Utsett skulestart Om lag 500.000 elevar og meir enn 40.000 lærarar har vore omfatta av streiken, som førte til at starten på skuleåret vart utsett. Lærarorganisasjonen har vorte kritisert av foreldre som meiner streiken har råka borna for hardt. Ved eit høve vart ei streikemarkering i byen Vancouver møtt av motdemonstrantar frå det eksil-kinesiske miljøet i byen med krav om at dei skulle komme seg attende på jobb, skriv den Hongkong-baserte avisa South China Morning Post. Lærarorganisasjonen BC Teachers Federation sin leiar Jim Iker (til ven- stre) har stått i fronten for lærarstreiken i delstaten British Columbia i Canada. FOTO JONATHANHAYWARD/AP/NTBSCANPIX

Bestill undervisningsmateriell helt GRATIS! ELEVOPPGAVER / MILJØ OG KLIMA / SPILL / SEKSUALUNDERVISNING / BARNS RETTIGHETER / KNYTTET TIL KOMPETANSEMÅL

NÅ OVER 80

MATERIELL

✱ Ulike kilder – alt på et sted! ✱ Oppdatert og aktuelt materiell! ✱ Stort utvalg i forskjellige fag!

kostnadsfrie undervisningsmateriell

19 | UTDANNING nr. 16/3. oktober 2014

Made with