Utdanning nr 16 - 2014

Aktuelt

Skader vert under- rapportert, men barna må likevel ikkje miste høve til utforsking og fysisk aktiv leik, står det i ein ny rapport. ILL.FOTO ELISABETHARNET

Barnehagane melder ikkje alle ulykker

Langt frå alle ulykker somskjer i barnehagane, blir melde til kommunen slik dei skal.

Å melde skader stel av den knappe tida

hadde arbeidet med dei mange lovene og for- skriftene som barnehagane skal drive etter. Det blir jobba systematisk med å oppdatere persona- let i lovverk og å gjennomgå rutinar ved ulykker. Alle barnehagane hadde førstehjelpskurs jamleg, heiter det.

Ein annan årsak til at ulykker ikkje blir melde, er at dei tilsette i barnehagane i ein viss grad ser på skademelding som ein tidstjuv, ikkje som eit tiltak for kvalitetsutvikling. Handlingsendring, men òg enklare rutinar for å melde frå, bør kunne bøte på dette, heiter det i rapporten. Når dei kommunale barnehagane er flinkare til å melde frå om ulykker enn dei private, kan det kome av at kommunane arbeider tettare med dei barnehagane dei eig sjølve for å få dei til å melde frå, enn med dei private barnehagane. Rapporten refererer også til ein tidlegare studie der det kjem fram at det er stor skilnad på kor alvorleg ein ulykke må vere før barnehagane melder frå. Somme rapporterer berre om barnet må til lege, andre om det er fare for seinskadar, medan andre rapporterer også mindre skader. Arbeid med rapportering og oppfølging av ulyk- ker hadde høg prioritet i barnehagane. Det same Kor alvorleg ein ulykke er, avgjør rapportering

TEKST KirstenRopeid | kr@utdanningsnytt.no

Utforsking og aktiv uteleik må ikkje hindrast

Rapporten «Kommuners rutiner og praksis for å følge opp ulykker/hendelser sommedfører skader på barn i barnehager» byggjer på ei undersøking i fem anonymiserte kommunar. Rapporten er laga ved Dronning Mauds Minne Høgskole på oppdrag frå Utdanningsdirektoratet. Ifølgje rapporten meiner dei fleste som er inter- vjua i desse kommunane, både i barnehagane og i kommuneadministrasjonen, at det er ei under- rapportering av skadar. Det går òg fram av rappor- ten at private barnehagar rapporterer mindre enn kommunale. Fleire av informantane trekte fram risikoen for å bli hengt ut som ein årsak til dette. Blir det meldt ommange ulykker, kan det setje bar- nehagen i dårleg lys. Mange av dei spurte meinte at reportasjeserien VG har hatt om avvik i barneha- gane, framstilte barnehagane altfor negativt.

I rapporten blir det trekt fram at arbeidet med å hindre ulykker ikkje berre må vere konsentrert rundt å ta bort eller halde barna unna ting som kan vere farleg. Barnehagar har til dømes slutta å bruke eit turområde utafor barnehagen etter ei risikovurdering. Det kan føre til at barna får færre høve til utforsking og fysisk aktiv leik. I staden oppfordrar rapporten barnehagane til å hjelpe ungane til å øve opp risikomeistring. På sikt vil det førebyggje ulykker, står det i rapporten. Tidlegare studiar har vist at det varierer svært i kor stor grad kommuneleiinga har innsikt i skade- og ulykkestal for eigen kommune.

25 | UTDANNING nr. 16/3. oktober 2014

Made with