Utdanning nr 16 - 2014

Fra forbundet

Utdanningsforbundet Ragnhild Lied | leiar i Utdanningsforbundet

FOTO TOM-EGILJENSEN

Kven tener på endringar i arbeidsmiljølova?

«Den norske arbeidslivs- modellen er under press.»

Regjeringa sende før ferien på høyring fleire forslag omendringar i arbeidsmiljølova. Dette kom ikkje uventa. I Regjeringsplattforma heiter det at: Regjeringen vil «myke opp arbeidsmiljøloven, blant annet når det gjelder gjennomsnittsberegning av arbeidstid, alter- native turnusordninger og uttak av overtid» og «legge til rette for et åpent arbeidsliv, blant annet gjennomå utvide adgangen til bruk av midlertidige ansettelser slik at reglene for privat sektor blirmer like reglene i staten.» Spørsmålet omdet er behov for å endre arbeids- miljølova var dessutan eit tema både i valkampen og har vore eit tema i det politiske ordskiftet med ujamne mellomrom over tid. Regjeringa meiner at det er nødvendig å endre arbeidsmiljølova mellom anna for å gjere det enklare å kome inn på arbeidsmark- naden for grupper som i dag står utanfor. Det gjeld folkmed ulike funksjonshemmingar, innvandrarar og dei som ikkje har klart å skaffe seg ei grunnutdanning i ung alder. Dessutan meiner regje- ringa at det trengst endringar for å auke effektiviteten i arbeidslivet og gjere det enklare for folk å kombinere arbeid og fritid. Dette er alle høgverdige mål. Hovudinnvendinga mot fleire av forslaga er at det ikkje ligg føre dokumentasjon som viser at dei forslaga om endring som no blir fremma, vil oppfylle desse mål- settingane. Det forslaget som har fått mest omtale, er forslaget om å gjere det enklare å tilsette mellombels. Regjeringa viser til at dei fleste som blir tilsett mellombels, får fast jobb etter kvart. Men det gjeld i ein situasjon der det er strenge krav til grunnlaget for å bruke ei slik tilsettingsform. Dei viser dessutan til reglane i tenestemannslova som gjeld statstilsette. Det gjer dei trass i alle meldingane om korleis desse reglane blir misbrukt til å halde til- sette i mellombels tilsetting gjennomhalve arbeidslivet. Regjeringa ser bort ifrå faren for at mange av dei som i dag har rett til og får fast tilsetting, i framtida berre får mellombels tilsetting, med alle dei negative følgjene dette har for dei det gjeld. Truleg er det heilt andre og meir aktive tiltak sommå til for å få fleire av dei utsette gruppene inn på arbeidsmarknaden, til dømes lønnstilskott

og høgre kvalitet på oppfølging. Dessutan er det merkeleg at ein ikkje foreslår meir målretta tiltak mot enkelte grupper, til dømes typiske pendlaryrke, enn å foreslå generelle endringar somgjeld alle. Når ein les forslaga til endringar i arbeidsmiljølova i samanheng, blir det tydeleg at dei har lite å gjeremed dei måla for arbeidslivs- politikken som regjeringa har lista opp. I staden trer det fram eit bilete av ei regjering som har sommål å skiple balansen mellom arbeidstakar- og arbeidsgivarinteresser til fordel for sistnemnde. Det skal bli endå enklare å kvitte seg med tilsette trass i at den fleksible nordiske arbeidsmarknaden allereie gjer dette enkelt samanliknamed land lenger sør i Europa. Det skal betalast mindre overtidsgodtgjering ved å utvide definisjonen av normalarbeids- dagen. Og forslag som skal gjere det enklare å kombinere arbeid og fritid, er eigentleg også eit forslag om at det skal bli enklare for arbeidsgivarar å påleggemeir arbeid i periodar utan å betale over- tidsgodtgjering. Regjeringa sitt fikenblad for å redusere arbeidstakarorganisasjo- nane si rolle i vurdering av søknader om å gjere unntak frå regel- verket ved særskilde høve, er at i nokre få tilfelle seier dei sentrale organisasjonane nei til unntak somer akseptert av partane lokalt. Å redusere makta til dei som representerer interessene til heile medlemsstokken i fagforeiningar til fordel for lokale tillitsvalde, er ein velkjend strategi for å redusere makta til fagrørsla. Nokre gonger må interessene til dei mange gå framfor interessene til dei få. Det er det solidariteten i fagrørsla handlar om. Den norske arbeidslivsmodellen er under press. Ikkje først og fremst gjennomregjeringa sine forslag til endringar i arbeidsmiljø- lova, men gjennomarbeidslivskriminalitet i formav skattesnyteri, menneskehandel og massive brot på reglane i arbeidsmiljølova. Dette presset er einmykjemeir alvorleg trussel mot norsk arbeids- liv enn noko anna. Det er derfor ikkje tid for å svekke arbeidsmil- jølova. Det er tid for å forsvare ho og satse mykje meir i kampen mot arbeidsmiljøkriminalitet.

56 | UTDANNING nr. 16/3. oktober 2014

Made with