Utdanning nr 20-2013

Gylne augeblikk

I denne spalta fortel lærarar og førskolelærarar om noko dei har lukkast særleg godt med.

Magisk måndagsmorgon Ei overrasking venta på Helene Rislaa då ho tråkka inn døra til småbarnsavdelinga ein måndag i oktober.

TEKST YlvaTörngren |yt@utdanningsnytt.no FOTO PRIVAT

– Det hendte ein regnfull måndagsmorgon for nokre veker sidan. Eg hadde seinvakt frå kvart på ti, byrjar pedagogisk leiar Helene Rislaa den vesle forteljinga om den «gylne augneblinken» ho har valt seg. Rislaa er nyutdanna og byrja i Mariknotten barnehage i Vennesla 5. august i år. I god leik Om morgonen er avdelinga ikkje sjeldan ute og borna i hektisk leik, slik at dei ikkje legg merke til om nokon kjem inn porten til barnehagens store uteområde. Denne morgonen var alle innandørs. Dei to vaksne assistentane sat på golvet, og borna, eitt- og toåringar, hadde spreidd seg i rommet. – Vi har som ein regel at vi skal vere mykje nede på golvet. Vere tilgjengelege, der borna er, seier Helene Rislaa. Det herska ei roleg stemning. Dei åtte små- borna, fire gutar og fire jenter, var konsentrerte om seg sjølve og det dei dreiv med. Somme heldt på i dokkekroken, andre pusla puslespel. – Nokre sat i ein leik som eg trur berre dei sjølve visste kva handla om, men så … Stilt over golvet Då det smalt i døra, ho gjekk opp og Helene kom inn, reagerte først eit par øyre og eit augepar, så eitt til, og så fleire. – Det var heit magisk. Borna kom ikkje alle styrtande bort samtidig. Ein og ein kom stilt over

golvet, smilte og sa hei, og ville ha klem. Til slutt hadde eg fått åtte varme, gode klemmar! Av dei åtte, dei aller minste i barnehagen, er to eitt år gamle og dei andre to år. – Sjølv om toåringane våre er gode til å snakke, har dei jo ikkje så mykje språk, medgir Helene. – Alle synte likevel så tydeleg med heile krop- pen at dei var glade for å sjå meg. Det var så fint å bli møtt slik. Den gleda dei viste, smitta over. Eg kjende ei glede og ein motivasjon over den viktige jobben eg har, noko eg tar med vidare i kvardagane. – I ettertid tenkjer eg at eg har noko å lære av dei små. Generelt tenkjer eg om det hektiske sam- funnet vårt at vi vaksne har noko å lære av borna: Å stoppe i ein travel kvardag og vise at vi set pris på kvarandre, avsluttar Helene Rislaa.

Helene Rislaa (24)

Kven: Pedagogisk leiar i Mariknotten barne- hage, avdeling Marihøna i Vennesla i Vest-Agder Nyutdanna førskule- lærar frå Høgskolen i Telemark, avdeling Notodden.

Godt å tenkje på: Vi vaksne har noko å lære av borna: Å

stoppe i ein travel kvar- dag og vise at vi setter pris på kvarandre.

«Nokre sat i ein leik som eg trur berre dei sjølve visste kva handla om.»

Har du opplevd eit gyllent augeblikk som du vil dele med andre? Send det til redaksjonen@utdanningsnytt.no. Merk e-posten «Gylne øyeblikk».

33 | UTDANNING nr. 20/29. november 2013

Ut_33.indd 33

21.11.13 14.49

Made with