Utdanning nr. 7 - 2016

Aktuelt navn

Skal sikre nynorsken plass i dei nye storkommunane Magne Aasbrenn prekær om«stenane», blir nymållagsleiar og gler seg over at sidemålsstilen lever godt under blå-blå regjering.

TEKST KirstenRopeid | kr@utdanningsnytt.no FOTO HegeLothe,NoregsMållag

Blir du mållagsleiaren sommå sjå at talet på nynorskkommunar svinn som snø i vårsol når små nynorskkommunar slår seg saman med store bokmålskommunar? Eg får ansvaret for å leie arbeidet for å hindre ei slik utvikling, ja. Og eg trur jo at det finst fornuftige folk både i dei store og dei små kommunane. Kan norsklektoren forklare kvifor de i Fredrikstad seier «stenane», altså riksmåls- stamme og nynorskbøying, ikkje «steinane» eller «stenene»? Det er av di dialektane i Østfold følgjer same dia- lektgrammatikk som andre norske dialektar. Da blir det «-ane» i bestemt form hankjønn. Og nærlei- ken til Sverige gjer at vi i ytre strøk ikkje brukar «ei», men berre seier «e». Vi har, som svenskane, det som blir kalla diftongforenkling. Da blir det «stenane». Barnehagane har vore det viktigaste satsings- området for arbeidet med skolemål i Mållaget dei siste åra. Kvifor? Vi har sett at barnehagen har vore den første plas- sen for å «avdialektisere» ungane. Difor blir eg glad når eg hentar barnebarn i barnehagen og høyrer at Fredrikstad-dialekt er i bruk der. Eg gler meg også over at sidemålsstilen lever godt under den blå-blå regjeringa. Du får halde ein skoletime for det norske folk. Kva skal timen handle om? Eg ville snakka om det spesielle med at vi i vårt land har eit skriftspråk, altså nynorsk, som byggjer på talemålet til småbønder og fiskarar landet rundt,

ikkje på talespråket til eliten i hovudstaden. Det ligg ei stor rettferd i dette. Nynorsken har modernisert seg opp gjennom åra slik at dette skriftspråket i dag er gangbart også for oss med dialektar sommin. Kva for ein kjend person ville du hatt som lærar? Tenk om eg hadde fått treft Ivar Aasen! Da hadde eg spurt kva han hadde brukt av Jacob Nicolaj Wilse, sokneprest i Spydeberg, som døydde i 1801. Wilse ga ut «Norsk Ordbog», ei samling av dialektuttrykk og ord frå «den Østre-Kant af Norge». Kven ville du gitt straffelekse? Desse som okkar seg over at norsk kultur er i fare og gjev innvandrarar skulda, men som vil ha nynor- sken ut av skolen. Kva for ei bok har du ikkje fått tid til å lese? «Språk i skolen: grammatikk, retorikk, didaktikk» av Ingvild Brügger Budal, med bidrag av Rolf Theil, Bernt Ø. Thorvaldsen og Ingebjørg Tonne. Eg ventar at den boka vil gi eit godt oversyn over språksitua- sjonen i landet. Har du ein favorittpolitikar? Eg har beundra Berge Furre for evna han hadde til å bere fram det folkelege saman med politikarrolla. Kva gjer du for å redde verda? Eg trur at om du kan fleire språk, vil det hjelpe deg til å forstå folk som i utgangspunktet ser litt annleis på verda enn det du gjer sjølv. Og skal vi redde verda, må vi forstå kvarandre. Difor er det viktig å undervise i språk og å arbeide for språkleg mangfald.

Magne Aasbrenn (60)

Hvem Lektor ved Frederik II videregående skole i Fredrikstad Aktuell Er innstilt som ny leiar i Noregs Mållag. Blir første mållagsleiar frå Østfold.

«Eg blir glad når eg hentar barnebarn i barnehagen og høyrer at Fredrikstad-dialekt er i bruk der.»

11 | UTDANNING nr. 7/15. april 2016

Made with