Utdanning nr. 7 - 2016

Ut i verda

USA

Lærarar må gje foreldre karakterar

Lærarar i Mississippi skal gje foreldre karakter etter kor involverte dei er i barna sin skulegang.

Representanthuset i delstaten vedtok dette lovframlegget i midten av mars. Ifølgje framlegget, som vart fremja av demokraten Gregory Holloway, skal det verte eit nytt felt i karakterkortet til kvar elev, der foreldra får karakter for deira vilje til å kommunisere med skulen, mel- der kringkastingsselskapet Fox News. Forskar Clare Reim ved den konservative tankesmia Heritage Foun- dation meiner framlegget er absurd. – Dette er omvendt av korleis utdanningssystemet skal fungere. Det er foreldra som skulle setje karakter på korleis lærarane presterer, seier ho til Fox News. Framlegget må òg handsamast i senatet i delstaten og av guvernøren før det vert gjeldande lov.

Karakterar på foreldre si samarbeidsevne er på veg til å verte lovfesta i delstaten Mississippi i USA. FOTO WIKIMEDIACOMMONS

Russland

Irland

Urfolk får omreisande barnehage

Skulekutt råkar sårbare elevar

Barn av nenets-folket nordvest i Russland får no tilbod om ein ambu- lerande barnehage. Siktemålet er mellom anna å gje kontinuitet i læringstilbodet til barn, utan at dei må vere borte frå familien, skriv den regionale avisa Pravda Severa. Reindrift har vore den tradisjonelle leveve- gen til nenetsarane, og tilbodet er særleg med tanke på barna til familiar som følgjer reinflokken. Barnehagen på tun- draen skal drivast av ein pedagog frå ein av landsbyane i området.

Irske lærarar og rektorar merkar føl- gjene av offentlege nedskjeringar. Rundt halvparten av rektorane meiner dei ikkje klarer å oppfylle styresmak- tene sine retningsliner for tiltak for elevane si mentale helse, skriv den irske avisa The Irish Times. Det går fram av ei spørjeundersøking som er gjort av selskapet Millward Brown på oppdrag av lærarorganisasjonen Association of Secondary Teachers in Ireland (ASTI). Desse tiltaka dreier seg mellom anna om oppfølging av elevar med høgt fravær. Samstundes seier 78 prosent av lær- arane at dei har fått meir administrativt arbeid det siste året. Delen som svarte at dei er svært eller ganske nøgde med jobben, har dessutan falle frå 77 pro- sent i 2009 til 55 prosent no. Som ein del av innsparingane nektar styresmaktene skulane å tilsette nye mellomleiarar, og leiaren i ASTI, Máire G Ní Chiarba, meiner dette særleg råkar tiltak for utsette elevar.

– Korleis ungdom har det, er eit sen- tralt helsespørsmål som vert mykje omtala i media. Men det er ikkje eit prioritert område i utdanningspolitik- ken, seier ho til avisa. Offentlege nedskjeringar i Irland går ut over tiltak for utsette elevar. ILL.FOTO MARTINWIMMER/ISTOCKPHOTO

Barn av nenets-folket i Russland skal få barneha- getilbod samstundes som dei følgjer reinflokken

saman med familiane sine. FOTO ØYVINDRAVNA/WIKIMEDIACOMMONS

19 | UTDANNING nr. 7/15. april 2016

Made with