Bedre skole nr. 4-2014

som skal integreres i læreplanene på tvers av fa- gene.» 8

not drinks alcohol. Alcohol is for Sand on first place. Mani population drink alcohol. Alcohol is for pupils best fridend.» 15 «Røyse best i Europa på data», skreiv Aftenposten 16 då skulen i desember 2001 vann prisen på 10.000 euro for det beste e- læringsprosjektet i Europa, 17 i konkurranse med nær 1000 andre skular. Ved kåringa av vinnarskule må juryen ha lagt monaleg større vekt på «the fun way» enn på «learn English». Problemstilling Det overordna forskingsspørsmålet for denne studien var: Har førestillingane om positiv effekt av IKT-bruk i skulen, sette fram i ulike offentlege dokument, blitt realiserte i engelskopplæringa i ungdomsskulen? Dei spesifikke problemstillingane var formu- lerte slik: 1. I kva mon synest læringsresultata i engelsk- faget å bli påverka av bruk av IKT? 2. I kva mon synest IKT å vera ein nyttig reiskap for å gje differensiert opplæring i engelsk- faget? Deltakarane i undersøkinga var 138 elevar i åtte klassar frå fire ungdomsskular i Hordaland som hadde eksamen i engelsk skriftleg våren 2010. Totalt gjekk det 159 elevar i dei åtte klassane. Skilnadene i prestasjonar mellom dei 138 elevane som deltok i undersøkinga og dei 21 som ikkje deltok, var statistisk ikkje-signifikante. Snittkarak- ter standpunkt for utvalet var 3,72, snittkarakter eksamen var 3,75. Instrument Forfattarane utarbeidde eit spørjeskjema som deltakarane svara på så snart råd var i dagane etter avviklinga av skriftleg eksamen. Skjemaet inneheldt ulike typar spørsmål. Relevant for denne artikkelen er tre spørsmål kring omfang av elev- og lærarbruk av IKT i engelskopplæringa. Framgangsmåte Deltakarar

Forsking kring effekt av IKT-bruk PILOTer for skoleutvikling 9 er den mest omfattande norske studien som har undersøkt effekt av IKT- bruk i grunnskulen. Konklusjonen, bygd på data for opplevt læringsutbyte, kjem utan reservasjo- nar: «Elevenes læringsutbytte øker». 10 Ein kjend internasjonal rapport kring effekt av IKT-bruk er Computers and Student Learning . For- fattarane, Thomas Fuchs og Ludger Wössmann, hadde fokus på matematikk og lesing. Dei fann ein omvend U-samanheng mellom IKT-bruk og læringsresultat: ingen IKT-bruk var knytt til svake resultat; med noko IKT-bruk steig prestasjonane; når IKT vart brukt fleire gonger i veka, gjekk pre- stasjonane ned. 11 Det no nedlagde British Educational Commu- nications and Technology Agency (Becta) gjen- nomførte i tida 1999–2002 ein studie der bruk av IKT i opplæringa i moderne framandspråk vart spesifikt undersøkt. 12 Studien fann lågt omfang av IKT-bruk i framandspråktimane; såleis var det berre 0,8 prosent av elevane som opplyste at dei brukte IKT kvar veke. Det var stor skilnad mellom prestasjonane til «high [ICT] pupils» og «low ICT pupils», 13 i favør av den fyrstnemnde gruppa, utan at skilnaden nådde nivå for statistisk signifikans. Forsøk med IKT i engelskundervisninga Det mest kjende norske forsøket med å bruka IKT i engelskopplæringa, er prosjektet «Learn English the fun way» ved Røyse skule i Buskerud. 14 I for- søket sende elevar ved fire skular i Italia, Noreg, Tsjekkia og Tyskland dikt eller historier på engelsk til kvarandre via e-post, skreiv om daglegliv eller tradisjonar, eller laga teikningar, medan den tra- disjonelle læreboka vart lagd på hylla. Språket i den nye læreboka kunne gå sine eigne vegar, som i denne teksten: «Alcohol is dull. Population is dependent. Alcohol no one’s pupils lives. Alcohol is harmful for small children. [ John] and [Mary]

53

Bedre Skole nr. 4 ■

2014

Made with