Bedre skole nr. 4-2014

For å kunna undersøkja korleis bruk av IKT slo ut for høvesvis «sterke» og «svake» elevar, trong me ein reiskap som kunne todela utvalet. Med dette for auga administrerte me ein fleirvals vokabulartest med femti ord, opphavleg laga i samband med studien Språklæring i mediesam- funnet. 18 Data Datakjeldene var såleis a) informasjon om eigen og lærar sin IKT-bruk, samla inn frå elevane ved hjelp av det nemnde spørjeskjemaet; b) resultat henta frå skulane sine karakterlister: elevane sine standpunkt- og eksamenskarakterar i engelsk skriftleg våren 2010. Presentasjon av resultata og bruk av statistikk Tabell 1 presenterer deskriptiv statistikk for skjermtid. Dei gjennomsnittlege skilnadene mel- lom læringsresultata til elevar som brukte lite IKT i engelskopplæringa og elevar som brukte mykje – ofte referert til som høvesvis «(gruppe) A» og «(gruppe) B» – vert framstilte i ni figurar og analyserte for signifikans ved hjelp av t -test for uavhengige utval. Resultat Skjermtid i engelskfaget Tre slag skjermbruk knytte til engelskfaget vart identifiserte: • elevbruk av IKT i engelsktimane • elevbruk av IKT i arbeidet med engelsk heimelekse • lærarbruk av IKT i engelsktimane

Gjennomsnittleg omfang av skjermbruk vert vist i Tabell 1. Elevbruk i engelsktimane (n = 137) Elevbruk, engelsk heimearbeid (n =137)

Lærarbruk i engelsktimane (n = 135)

Skjermtid for utvalet

23,58

22,38

36,81

Tabell 1: IKT-bruk i engelskopplæringa våren 2010. Minutt per veke.

Effekt for IKT-bruk, heile utvalet Me spurde: «Kor ofte brukar du PC i engelsk- timane i snitt per veke?» Skalaen gjekk frå 0 til 120 minutt. Skilnadene i gjennomsnittlege prestasjonar mellom gruppe A (låg bruk av PC) og gruppe B (høg bruk av PC), standpunkt- og eksamenskarakter, vert viste i Figur 1.

3,3 3,4 3,5 3,6 3,7 3,8 3,9 4 4,1 4,2

UTVALET. LÅG bruk (A) Brukte lite IKT i engelsktimane (n = 64. «Lite IKT»: 0-10 min./veke; Mean = 5 min./veke) UTVALET. HØG bruk (B): Brukte mykje IKT i engelsktimane (n = 73. «Mykje IKT»: 20+ min./veke; Mean = 40 min./veke)

Standpunkt

Eksamen

Figur 1: Læringsresultat og elevbruk av IKT i engelsktimane

54

Bedre Skole nr. 4 ■

2014

Made with