Utdanning nr. 13 / 2019

Debatt

Stress Gudbrand i Lia

ILLUSTRASJON TEODORKITTELSEN (FRANN.WIKIPEDIA.ORG)

I lang tid no har eg prøvd å seia noko, noko som eventyret Gudbrand i Lia uttrykkjer så godt, om kor flinke vi er til å stengja einannan inne og kor lite flinke vi er til å vera romslege slik at vi kan opna for andre. Eventyret handlar ommannen som dreg til byen for å selja kua. På vegen heimatt, etter at det viser seg vanskeleg å selja kua, gjer han det eine bytet etter det andre, til sist mot eit måltid mat. Vel heime att fortel han alt til kona og ho fagnar alt han har gjort, same kor dårleg bytet er, glad for at han er vel heime. Utanfor står grannen og lyer og taper veddemålet med Gudbrand, for det går nett slik Gudbrand har sagt. – Og det romslege blir rikeleg løna, også i pengar. 100 riksdalar attpå det å bli vel motteken. Eg har tenkt mang ein gong på dette eventyret dei siste åra her eg går og ser på jakta på det kon- struerte, rette liv. Slik skal du vera for å vera slik du skal vera. Og er du ikkje slik så er du ikkje slik du skal vera. Går du vidare til dei «må» som ligg bakom desse «skal», så skjønar du gjerne kor lite plass det blir for

å kunna vera, kunna vera den du er. Etter å ha møtt mange nok «skal» og «må», så byrjar du å bli kjent med det umogelege. Å slåst med det umoge- lege kan nok gje ei viss tilfredsstil- ling iblant eller for ei stund, men å bli verande i det umogelege, det går på helsa laus. Kvifor er det så vanskeleg å satsa på det mogelege, fylla opp med «kan»? Er det noko som ligg djupt i oss, og i kulturen vår, at vi må ha det kaldt for å læra, at det berre er i møte med det umogelege vi verkeleg tøyer oss mot det verdfulle? Og at det mogelege er det du kan finna i skuggen av det umogelege? Det kjennest som om eventyret rører ved nett dette. For det er fullt av «kan», og grannen sitt spørsmål om Gudbrand ikkje vil møta både «skal» og «må» når han kjem heim og fortel det som har hendt, fell til jorda for det opne, romslege, det mogelege.

Jarle Tufta

54 | UTDANNING nr. 13/15. november 2019

Made with FlippingBook Annual report