Utdanning nr. 6 - 2015

Ut i verda

Dei neste fem åra kjem elevtalet i det arabiske emiratet Dubai til å auke frå 270.000 til 360.000, skriv den lokale avisa The International. For å halde følgje med denne veksten, må det opnast 13 nye skular kvart år, ifølgje ein rapport frå det interna- sjonale eigedomsselskapet Colliers International. Heile 97 prosent av befolkninga i Dubai er under 50 år. Eit stort fleirtal av skulane i Dubai er private, og ifølgje avisa er skulepengane ein stadig meir tyngande post i økonomien til mange familiar. Foreinte arabiske emirat Dubai treng 13 nye skular i året

Tyskland

Lærarar streikar som ei åtvaring

I fleire delstatar har lærarar og andre offentleg tilsette starta tidsavgrensa streikar. Streikane er ei åtvaring til arbeidsgjeva- rane om at dei ikkje er nøgde med fram- drifta i lønsforhandlingane. Dei offentleg tilsette krev 5,5 prosent lønsauke og betre tryggleik mot å miste jobben, melder det tyske kringkastingsselskapet Deutsche Welle. Fleirtalet av tyske lærarar er til- sette som embetsfolk og deltek ikkje i streiken. Rundt 2000 lærarar streika i Berlin, med plaka- tar som «Sterke elevar treng sterke lærarar» og «Pengane er ikkje vekke, det er berre andre som har dei».

FOTO FLORIANBOILLOT/DEMOTIX/NTBSCANPIX

Israel

Meirlønsutvikling for lærarar

Lærarar i Israel hadde betre lønsvekst enn snittet i perioden 2003–12, ifølgje det sentrale statistikkbyrået i landet. I løpet av desse åra auka løna for lærarar med 54 prosent, medan tilsette i andre sektorar hadde ei

gjennomsnittleg lønsvekst på 32 prosent, melder nettutgåva til den israelske TV-kanalen Kanal 9. Gjennomsnittleg bruttoløn for israelske lærarar er no 10.500 shekel i månaden, som svarar til litt over 20.000 norske kroner.

Israelske lærarar har hatt betre lønsutvikling enn gjennomsnittet, ifølgje det sentrale statistikkbyrået.

NETTBASERT MASTER I UTDANNINGSVITENSKAP MED FORDYPNING I ENGELSK, NORSK ELLER SAMFUNNSFAG. Ønsker du å øke din kompetanse i ett av de tre fagområdene, kan du søke master i utdanningsvitenskap i Telemark. Målgruppen for studiet er lærere i grunnskole og videregående skole som ønsker lektorkompetanse. Masteren kan tas på deltid på nett over tre år eller på heltid som campusstudium. Faste undervisningsdager på nett og to samlinger på Notodden pr. semester, les mer på hit.no/muv

USA

To nye muslimske skolefridager

Byen New York, som er det største skoledistriktet i USA, legger to muslimske helligdager inn i skoleåret fra neste høst. Alle New Yorks 1,1 millioner elever i den offentlige skolen får dermed fri på id al-fitr og id al-adha, som er de to vik- tigste muslimske helligdagene. Flere byer i delstatene New Jersey, Massachusetts og Vermont har allerede inn- ført de muslimske helligdagene som fridager i skolen. Id al-fitr (festen for bruddet) er avslutningen på fastemåneden ramadan. Id al-adha (offerfesten) markerer avslutningen av den årlige pilegrimsferden til Mekka. (NTB)

19 | UTDANNING nr. 6/20. mars 2015

Made with