Utdanning nr. 6 - 2015

Reportasje

Danseglade gutar: Frå venstre Jon Berisha, Ole–Kristian Bildøy, Benjamin H. Breisnes og Oliver K. Herdlevær frå Loddefjord skole.

Alle får vere med i leiken! Trivselsleiarar med effektiv mobbemedisin:

Skulemiljøet vert betre når elevar passar på at ingen vert haldne utanfor.

Trivselsprogrammet

Trivselsprogrammet skal fremje auka og meir variert aktivitet i langfriminutta, legge til rette for at elevar skal kunne bygge gode venskap, redusere konfliktar og fremje inkludering, vennskap og respekt.

TEKSTOGFOTO IngebjørgJensen

Programmet dekker 4.–10. trinn.

«Ka var det dokkar ikkje skjønte?» Sofie Gjertsen Langhelle, elev ved 7. trinn på Olsvik skole i Bergen, vil sikre seg at alle har forstått. Ho har vore ein av «vertane» på Trivselsprogrammets leikekurs denne vinteren. Og tilhøyrarane, dei vil alle bli trivselsleiarar på sin skule. 250 ivrige trivselsleiarar frå åtte barneskular er samla i Haukelandshallen i Bergen denne dagen. På nokre formiddagstimar skal dei få prøve ut ti leikar med enkelt utstyr – leikar som dei sjølv kan sette medelevane i gang med når dei kjem tilbake til skulen sin. Der har dei ansvar for utstyret, orga- nisering av leikane, og ikkje minst, sørgje for at også elevar som elles står åleine, får røre på seg

eller gjere noko saman med andre i storefri. Rundt 66 skular i byen er no med i programmet. Då programmet starta i 2010, var 27 skular i Bergen med. To år etter var dei 48. No er Trivselsprogram- met også på veg inn i barnehagane. Mindre mobbing Sjølv om den kvalitative suksessen til programmet er vanskelegare å måle, finst det klare teikn på at trivselsprogrammet har ein god biverknad: Min- dre mobbing og utestenging. 92 prosent av triv- selskontaktane på 423 trivselsskular (48 prosent av alle), svara. Dei er samde eller svært samde i at trivselsprogrammet har redusert mobbinga på

Skular i 160 kommunar er med.

Trivselsleiarane får opplæring i regi av Trivselsprogrammet.

Trivselsprogrammet vert drive etter ein nett- verksmodell der skular som ligg nær kvarandre, er i samme nettverket.

Kjelde: Trivselsprogrammet

28 | UTDANNING nr. 6/20. mars 2015

Made with