Utdanning nr. 6 - 2015

«Silent escape»: Dei stormar framover bak ryggen til «trollet» Aleksander Stadsnes Lønningdal frå Kjøkkelvik skole. Han tel til tre, og ser han at nokon røyrer på seg, ryk dei tilbake til start og kan sjå langt etter nøklane som frigjer prinsessa!

– Betre når barn leiar leiken At det er ein medelev som drar inn dei som går åleine, har ein heilt annan verdi enn om ein vak- sen gjer det, meiner Haugsdal: – Vi prøvde først ut med vaksne til å organisere leiken. Men barn tenker på ein heilt annan måte: Dei stiller ikkje opp alle på ei rekke og lar dei kaste ein og ein! Mange vil vere trivselsleiar på barneskulen, men ikkje alle eignar seg, understrekar ho. Etter at elevane har nominert trivselsleiarkan- didatar, er det lærarane som tar det endelege valet: – Læraren kan overstyre, og hovudkriteriet er at trivselsleiaren er respektfull og venleg. Dei som

skulen. 95 prosent er samde eller svært samde i at færre elevar går åleine i friminutta, viser brukar- undersøkinga hausten 2014. – I dag skal de lære ti nye leikar. De skal leg- gje til rette for leik og sjå spesielt etter at ingen går åleine, at alle har nokon å vere med og noko å gjere. Dersom nokon øydelegg, så hugs at det er dei vaksne som skal ordne opp, også her på kurset, seier programansvarleg for Hordaland, May Linda Haugsdal, til dei høgmotiverte trivselsleiarane. – Det er vertane frå Olsvik som er sjefane her, på same måte som dei sjølv skal vere leikesjefar i storefri på skulen. Ein vert skal følgje kvar gruppe rundt på stasjonane der andre vertar gir dei inn-

føring i leiken. Men først er det trivselsdansen, og snart eksploderer heile idrettshallen i ellevill dans! Trivselsdansane starta først som ein enkel dans på Kaland skole i Bergen, og har utvikla seg til ein dansefestival, der alle dansar på skuleplassen, for- tel Haugsdal etterpå. No har Trivselsprogrammet som mål å lage minst ein ny dans kvart år og leggje dei ut på hei- mesida trivselsleder.no. Haugsdal er sjølv ein pioner i Bergen: På Kaland skole hadde ho ansvar for eit opplegg med aktivi- tetsleiarar alt i 2007. Etter at Trivselsprogrammet blei utvikla i Lørenskog i Akershus i 2009, blei ho først deltids- og så heiltidstilsett frå august 2011.

>

29 | UTDANNING nr. 6/20. mars 2015

Made with