Utdanning nr. 6 - 2015

Reportasje

Amøben: Leikevertane frå Olsvik skole, Sofie Gjertsen Langhelle og Stefan L. Minde, viser dei nye trivselsleiarane korleis dei skal leike «amøben». I bakgrunnen: Lærar Robin Swensen og treningsleiaransvarleg Mari N. Bolstad frå Nygårdslien skole.

Gøy med stressball: Jørgen A. Lamo, Damsgård skole (nærast) har klart å ta imot ballen utan at skulekamerat Sayma Haque fekk tak i han. I motsett retning går ein annan «stressball».

– Om det blir mindre mobbing, er vanskeleg å måle. Men eg ser mindre henging i fri- minutta og fleire sunne aktivitetar, seier lærar Kjell Arne Nygård frå Rolland skole. Saman med assistent Randi Hamre og elevane Morten Losnedahl fremst t.v.). Christoper Dincan, Nicolas Stenestø Berge og Emil Kleiveland Nordanger.

Stein, saks og papir: Kristoffer Andreassen frå Nygårdslien skole (t.v.) møter Shaun C. Hausvik frå Kjøkkelvik til duell.

mobbar, får ikkje vere trivselsleiar. Det er heller ikkje berre dei populære som blir valde. Læra- ren kan ta inn dei som treng det, som treng å bli verdsett. Det er spesielt viktig at førsteklassingane får vite at det er ein trivselsleiar i storefri, og stas når ein trivselsleiar kjemmed bøtter og spade for å hjelpe dei med sandkassebygginga. Nokre av dei minste vil gjerne halde dei i handa. Ikkje alle elevar vil vere ute og springe: Til dømes på ung- domsskulen vil nokre spele sjakk eller teikne. Det må vi akseptere, seier Haugsdal. – Kva når skular melder seg av fordi dei må spare og satsar på å drive aktivitetane vidare sjølv? – Dei får gjerne problem når eldsjelene for- svinn. Då er det fare for at aktivitetane døyr ut. Vi sørgjer for påfyll gjennom nettverkssamlingar og kurs, seier Haugsdal. – Vil hjelpe dei som går åleine I Haukelandshallen er elevane i gang med dei fem første leikane. Det er ikkje alltid trivselsleiar-spi-

rene får med seg instruksjonane når dei lågmælte instruksjonane druknar i lyd frå hallen. Resultatet viser seg i «svensk stikkball»: I staden for å setje seg ned når dei har kasta ein ball som ikkje blir gripen, blir mange ståande. Men mykje blir retta opp av vertane undervegs. Fem elevar frå Damsgård har samla seg rundt matpakka før siste leikeøkt. Dei fire jentene har alle vore trivselsleiarar før, men alle fem veit kvi- for dei vil vere trivselsleiar: Audun Åre Østenstad legg vekt på at det er gøy å sette i gang aktivitetar for andre, medan Elin Sveindal Haugland blir mest motivert av å hjelpe dei som går åleine. Får dei nei, kvir dei seg til å spørje igjen neste dag, seier jentene. Men alle har opplevd at dei fleste som går åleine, vil vere med om dei blir spurd fleire gongar. Aktivitet = mindre konflikt Lene Hundvin er trivselsansvarleg for 1.–4. trinn på Kjøkkelvik skole og koordinator for skulane i Fyllingsdalen/Laksevåg bydel. Der er til saman 15

av 17 skular med i Trivselsprogrammet. Ho opp- lever veldig få problemmed trivselsprogrammet: – Lærarane har lenge ønska meir styrte akti- vitetar i friminutta, utan at vi blir så bundne opp med å styre og drive aktivitetane. Eg ser at dei etter kvart blir veldig sjølvdrivne og veldig opptekne av å få med seg dei som står åleine. Berre i starten må vi vaksne trå meir til. Dei andre elevane er merk- same på at det er trivselsleiarane som styrer og vel leik og utstyr, seier Hundvin, som ser at det gjerne er førsteklassingane som strevar mest med å følgje reglar. Men det kjem seg etter kvart som dei får meir trening i å gå på skule. Hundvin og ser stor skilnad på før og etter triv- selsprogrammet kom til skulen: – Før var det mykje meir konfliktar å nøste opp i etter friminutta. Når elevane blir aktivisert, blir det mindre konflikt. I pausar mellom trivselsleia- rar blir elevane meir rastlause og vi opplev fleire konfliktar. Då kjemmange elevar og masar på oss: «Kor tid skal vi starte opp igjen?»

30 | UTDANNING nr. 6/20. mars 2015

Made with