Utdanning nr. 6 - 2015

Innspill

Sjukefråvære hos kvinner

relt har angstproblemer, depresjon, søvnproble- mer og fysisk ubehag.» Kvinner som har vore utsett for vald i nære rela- sjonar, utviklar oftare rusproblem og prøver oftare å ta sitt eige liv enn kvinner som ikkje har vore utsett for slik vald. I tillegg til dei lidingane som rammar kvinner og barn direkte, peikar ein i NOU 2003:31 òg på samfunnsmessige kostnader ved slik vald. Tapte skatteinntekter, sjukepengar, attføring eller uføre- pensjon blir trekt fram her. I «Handlingsplan mot voldtekt 2012-2014» frå Justisdepartementet er det eit eige avsnitt om hel- semessige konsekvensar av valdtekt. Her står det mellom anna: «Flere studier har vist at personer som har vært utsatt for overgrep, opplever plager av fysisk og psykisk karakter i etterkant. Overgrepserfaringer kan medføre depresjoner, selvmordstanker, tap av tillit til andre mennesker og sosial tilbaketrek- ning. Det er videre registrert økt risiko for å utvikle rusproblemer og for å bli utsatt for nye overgrep.» I 2014 fekk vi rapporten «Vold og voldtekt i Norge» frå Nasjonalt kunnskapssenter om vald og traumatisk stress. Rapporten viser at 9,4 prosent av kvinnene og 1,1 prosent av mennene i Noreg har opplevd valdtekt nokon gong i løpet av livet. Av kvinnene som opplevde valdtekt, var nesten halvparten (44 prosent) redde for å bli alvorleg skada eller drepne, og mange fekk fysiske skadar (29 prosent). I denne rapporten kjem det fram at den største gruppa av dei som valdtek kvinner, er «venn/bekjent/nabo/kollega» og nest største gruppe er «kjæreste/partner eller tidligere kjæ- reste/partner». Det kan vel tenkast at dersom ei kvinne har vore utsett for valdtekt av ein kollega, så er det ikkje så enkelt å gå på jobb dagen etter. Kanskje kollegaen til og med var sjefen. Denne rapporten slår fast at vald er eit kjønna samfunnsproblem og at kvinner i langt større grad enn menn blir utsette for alvorleg vald frå sin partnar. Om samanhengen mellom vald, valdtekt og psykisk helse, står det mellom anna: «Kvinner i denne studien var mer utsatt for voldtekt, andre seksuelle overgrep og alvorlig vold fra partner enn det menn var. Vold er knyttet til en spesielt høy risiko for psykiske helseproblemer

(Dahl, 1993). Kvinner hadde også en større total- belastning av vold og overgrep. Siden høyere antall opplevde voldstyper var relatert til større grad av psykiske helseproblemer, er det sannsynlig at vold og seksuelle overgrep kan bidra til å forklare hvor- for kvinner har mer psykiske helseproblemer enn menn. Andre forskere har også fremsatt lignende fortolkninger (Andrews, Brewin,& Rose, 2003; Campbell, 2002).» Kjersti Alsaker gjorde i 2008 ein doktorgrad ved Universitetet i Bergen, der ho studerte helsemes- sige problem hos kvinner som hadde søkt hjelp ved krisesenter i Noreg. Ho legg fram resultata i boka «Quality of Life among Women Who Have Experienced Intimate Partner Violence. A One Year Follow-up Study among Women at Norwe- gian Women’s Shelters». Undersøkinga dokumenterer store helsemes- sige problem for dei kvinnene som har vore utsett for vald frå sin partnar. Forfattaren understrekar behovet for at helsevesenet og andre offentlege instansar kjenner til denne problematikken og er i stand til å tilby nødvendig hjelp. Det har vore ein lang kamp for å synleggjere den valden som særskilt rammar kvinner, og den aktuelle debatten om kvifor kvinner har større sjukefråvære enn menn, kan tyde på at denne kampen ikkje er over. I den tidlegare nemnde rapporten frå Nasjonalt kunnskapsenter om vold og traumatisk stress blir det stilt spørsmål ved om valdtekt og den seksualiserte vald som særskilt rammar kvinner, framleis er den skjulte valden. Det kan sjå ut som om vår kultur har «ein blind flekk», som gjer at slik vald blir usynleg. Dermed kan forskarar drøfte sjukefråvær hos kvinner utan å sjå valdsproblematikken som ein relevant faktor i denne samanhengen. «I tillegg til dei lidingane som rammar kvinner og barn direkte, peikar ein i NOU 2003:31 òg på samfunnsmessige kostnader ved slik vald.»

Arna Meisfjord cand. polit Prosjektansvarleg for høgskolestudiet «Vald mot kvinner – Retten til eit liv utan vald»

FOTO MARTINJØSEVOLD

Kvifor har kvinner fleire helseplager og høgare sjukefråvær ennmenn?

Det går føre seg ein debatt om kvifor kvinner har fleire helseplagar og høgare sjukefråvære enn menn. Årsakssamanhengen her blir omtalt som ei gåte, og fagfolk er på leiting etter den ukjende x. Det finst ein god del forsking og dokumenta- sjon om vald mot kvinner og dei helsemessige konsekvensane som slik vald har. Dersom ein ser på denne dokumentasjonen i relasjon til kvinner sitt sjukefråvære, så syner seg kanskje ikkje dei kjønnsskilnadene som kjem fram i statistikken over sjukefråvære like overraskande. Så tidleg som i 2003 kom NOU 2003:31, «Ret- ten til et liv uten vold. Menns vold mot kvinner i nære relasjoner». Her er ein grundig gjennom- gang av omfang av slik vald, situasjonen for kvin- nene, barna og valdsutøvaren, hjelpeapparatet, dei juridiske aspekta, helsemessige konsekvensar og samfunnsmessige kostnader ved slik vald. Når det gjeld helsemessige konsekvensar for kvinnene, slår utgreiinga fast at menn si vald mot kvinner i nære relasjonar kan ha store og inngripande kon- sekvensar for kvinnene sitt liv og helse, og i verste fall kan slik vald vere dødeleg. Det står mellom anna: «Kvinner utsatt for vold er i risikosonen for å utvikle en rekke psykiske plager og symptomer. Både nordiske og internasjonal forsking viser at voldsutsatte i langt større grad enn kvinner gene-

42 | UTDANNING nr. 6/20. mars 2015

Made with