Utdanning nr 17 - 2014 - page 19

19 |
UTDANNING
nr. 17/17. oktober 2014
Hijab vert stadig
meir
vanleg i Tyrkia, etter at den
moderat-islamske regje-
ringa i landet dei siste åra
har oppheva forbodet mot
hovudplagget på fleire
sentrale samfunnsarenaer.
FOTO
MUSTAFAOZER/AFP/NTBSCANPIX
Ut i verden
Dei tyrkiske styresmaktene har opp-
heva forbodet mot å bruke religiøse
hovudplagg ved alle vidaregåande
skular. Visestatsminister Bülent
Arinc uttalte nyleg at skulelovene
er endra, slik at jenter kan dekkje til
hovudet dersom dei vil det, og at han
visste at fleire kvinnelege elevar har
lengta etter dette.
Leiaren for ein av Tyrkias skule- og
elevorganisasjonar meiner derimot
at opphevinga av hijabforbudet er
til skade for landets sekulære tra-
disjonar: – Tyrkia er på veg attende
til mellomalderen, seier Kamuran
Karaca, ifølgje NTB.
Lærarar og elevar
aksjonerer mot endra
historiepensum
44.000 elevar vart haldne heime
Ein av to lærarar manglar fagkompetanse
Tyrkia
USA
Japan
Sverige
70 prosent
av lærarane ved to ung-
domsskular i fylket Jefferson i sta-
ten Colorado har nekta å gå på jobb
i protest mot skulestyret sine krav til
historieundervisninga, skriv den bri-
tiske avisa The Guardian. Elevar ved
fleire skular har droppa skuletimane
og i staden demonstrert mot dei lokale
skulestyresmaktene.
Nyleg vart det sentrale historie-
pensumet i skulane i USA revidert,
og fleire konservative medlemmer av
skulestyret i fylket Jefferson meiner
det nye pensumet teiknar eit altfor
negativt bilete av landet si historie.
Konflikten i Colorado blussa opp
då skulestyremedlem Julie Williams
presenterte nye retningsliner for his-
torieundervisninga. Der heiter det at
undervisningsmateriellet skal fremje
mellom anna patriotisme, frie mark-
nadskrefter og respekt for autoritetar,
men ikkje godta sosial uro og mang-
lande respekt for lovene. På nasjonalt
plan har òg det republikanske partiet
kritisert det reviderte pensumet for å
vere antiamerikansk.
Lærarorganisasjonane seier dei
ikkje har noko å gjeremed protestane,
og at det dreier seg omgrasrotaksjonar.
Men den lokale leiaren for den største
lærarorganisasjonen i USA, National
Education Association, uttrykkjer
forståing for lærarane sin frustrasjon.
Rundt 44.000 skuleelevar vart sende
heim i byen Hamamatsu i Japan 1.
oktober på grunn av eit bombetrugs-
mål. Styresmaktene reagerte etter
at ein mann ringde og sa han hadde
plassert ei bombe på ein barneskule
i byen. Politiet sjekka kvar einaste
skule, men ingen farlege funn vart
gjort, melder nyhendebyrået AFP.
Ein av to lærarar i vidaregåande
skule og ein av tre lærarar i grunn-
skulen underviser i fag dei ikkje er
kvalifiserte til å undervise i. Kvar
femte som arbeider som lærar i
skolen i Sverige, har ikkje lærarut-
danning. Det viser ei ny undersøking
frå Skolverket. Undersøkinga viser
også at fire av ti med lærarutdan-
ning ikkje arbeider i barnehage,
grunnskole eller vidaregåande
skole.
– Dette viser at Reinfeldt-regje-
ringa let etter seg eit svart hol, trass
i at utdanningsministeren under val-
kampen sa at lærarspørsmålet langt
på veg er løyst, seier Ibrahim Baylan,
tidlegare utdanningsminister for
Socialdemokraterna, til Tidningarnas
Telegrambyrå (TT).
Hijab vert tillate i alle vidaregåande skular
Elevar protesterer mot
det dei oppfattar som ei politisk motivert avgrensing av
historieundervisninga.
FOTO
BRENNANLINSLEY/APPHOTO/NTBSCANPIX
TEKST
Harald F.Wollebæk
1...,9,10,11,12,13,14,15,16,17,18 20,21,22,23,24,25,26,27,28,29,...60
Powered by FlippingBook