Utdanning nr 17 - 2014 - page 22

22 |
UTDANNING
nr. 17/17. oktober 2014
Ramsalt skuledag
i Rug
Reportasje
Sjetteklassingane i Bremanger
fekk eit friskt møtemed
sjøfartstradisjonar då det lokale
kystlaget arrangertemaritimdag.
TEKST OG FOTO
Kjell Askeland
I og kring
sjøbua Gulebuda i Rugsund i Nordfjord
var det folksamt og livleg då 6.-klassingar i Bre-
manger kommune fekk kontakt med det salte og
våte element. Der møtte dei tre karar frå kystlaget
Hornelen, som gjekk gjennom Sjøfartsdirektoratet
sitt opplegg, Sjøvett og sikkerheit på sjøen.
Kystlaget har dei seinare år hatt denne sjøbua
som base for tiltak retta mot publikum.
Dei siste fem år har elevane på mellomtrinnet
i Bremanger-skulane hatt ekskursjon hit og fått
både oppleve og prøve seg på varierte sider ved
sjølivet; slikt fiskarar og sjømenn måtte beher-
ske før dagens teknologi slo gjennom. Hamp,
kokus, sisal, plankar trakt med sjøvatn og tjøre
vert element som gjev atmosfære og set tida i
revers.
Sjøfartsdirektoratet har i år ein kampanje retta
mot sjøvett og redningsutstyr. Siktemålet er å
styrke kunnskapen som gjev tryggare liv ved og
på sjøen.
– Veit de forskjell på flyteutstyr og redningsvest?
spør Lars Olav Rylandsholm, senior i Kystlaget.
– Flyteutstyr hindrar umiddelbar drukning og
krev rask assistanse. Redningsvest syter for rett
stilling i sjøen. Redningsdress held på kroppsvar-
men. Vanleg arbeidsdress er livsfarleg. Då søkk du
rett ned, held han fram.
Skipper på «Baltanskjer»
I opplegget inngår ein tur med gavlbåten «Baltan-
skjer», der Sigmund Larsen er skipper om bord.
Iført losjakke, eller «sjørøvarfrakk», alt ettersom,
og brøsmehue på hovudet, tvilar ingen på at han
har reva segla i mange stormar.
Framfor elevane krev han straks ro så han får
snakke:
– Eg heiter Sigmund Larsen og er skipper
om bord. Veit de kva det betyr? Det betyr at eg
bestemmer alt her. Dei som ikkje gjer som eg
seier, vert kjølhala. Det brukar vi i Kystlaget rett
som det er. Med tau i den eine foten dreg vi man-
nen under kjølen og opp att. Det har god disipli-
Elevar frå skulane
i Bremanger kastar loss under myndig leiing av skipper Sigmund Larsen.
1...,12,13,14,15,16,17,18,19,20,21 23,24,25,26,27,28,29,30,31,32,...60
Powered by FlippingBook