Første Steg nr. 1-2015

KRONIKK

I skjeringspunktet mellom barn og medarbeidarar

Pedagogisk leiar sitt primære ansvar er barna, så relasjonen til foreldra, deretter tilmedarbeidarane. Og utan ein god relasjon tilmedarbeidarane kan ikkje pedagogisk leiar skapa godemøtemed barn og foreldre. Temaet for denne artikkelen er korleis pedagogisk leiar kanmøtemedarbeidarane for å skapa ein praksis somanerkjenner barn somsubjektmed eigne tankar, kjensler ogmeiningar.

Det personlege ansvaret handlar omå vere involvert. Pedagogisk leiar må vere nær medarbeidarane (ibid.), det finst ingen forutbestemt eller logisk måte å møte andre på, det er i møte med andre vi får større innsikt og medvit (Levinas i Johannesen 2013:10; Løgstrup 2010:56). Somleiararmåvi ha reglar, prosedyrarog faktakunnskap,menberreomvi går fram medvarleikog respekt fordet konkreteog unike i situasjonen , kanvi anvendedei rett (Martinsen1990:76; Brunstad2009:15-16; Kierkegaard i Reindal 2012:538-539). Dette fordrar erfaring, men det betyr ikkje at nyutdanna og uerfarne barne- hagelærarar skal unngå rolla sompeda- gogisk leiar. Pedagogisk leiar, erfaren eller uerfaren, må gjere seg kjent med medarbeidarane og den enkelte situasjo- nen for å kunne handle etisk rett, nokon gonger må ho nytte skjønn (Grimen og Molander i Tholin 2013:105; Brunstad 2009:33; Martinsen, 1990:76, 91-94; Christoffersen 2011:72, 89). Fordringa (det etiske ansvaret for andre) seier ikkje alltid kva vi skal gjere, pedagogisk leiar må sjølv vurdere kva ho går ut på (Levi- nas i Johannesen 2013:10-12; Løgstrup 2010:32). Fordringa (det etiske ansvaret for andre) er taus kunnskap; pedagogisk leiar må sjølv vurdere kva ho går ut på (Levinas i Johannessen 2013:10 – 12, Løgstrup 2010:32). Skal nærleiken til medarbeidarane fungere, må pedagogisk leiar – i tillegg til å vere nær – kunne sjå tingmed distanse, sjå situasjonar i ein større samanheng. Vi må kjenne og vere i stand til å nytte

nokomed korleis dei oppfattar arbeidet sitt. Det betyr atmåten pedagogisk leiar møter medarbeidarane på, legg førin- gar for korleis vi – pedagogisk leiar og medarbeidarar – saman møter barnet og barnegruppa. Det er svært viktig for pedagogisk leiar å vere seg bevisst sitt yrkesetiske ansvar i dette skjerings- punktet. Vi har aldri med andre men- neske å gjere utan å halde noko av deira liv i våre hender (Løgstrup 2010:25). Pedagogisk leiar skal vere rollemodell for personalet i møte med barna. PERSONLEG YRKESETISKANSVAR Pedagogisk leiars formelle yrkesetiske ansvar er nedteikna i yrkesetiske ret- ningslinjer1. Det personlege kan knytast til nærleiksetikken og korleis vi møter andre menneske. Det er viktig å vere klar over at etikk handlar ommøtemel- lom menneske (Henriksen og Vetlesen 2006:14), ikkje berre omreglar og sosiale normer.

KAREN INGEBJØRGDRAUGSVOLL (kidraugsvoll@hotmail.com) er pedagogisk leiar i Hamramyra barnehage i Fjell kommune i Hordaland . Ho har mastergrad i pedagogikkmed vekt på pedagogisk leiing (privat foto).

Barns rett til å bli anerkjente som sjølvstendige subjekt finn vi innskrive i menneskerettane og i FN sin barne- konvensjon (Bae 2012:13), denne ret- ten er òg nedteikna i rammeplan og barnehagelov. Drøftinga her skjer i lys av nærleiksetikken som set det nære eg – du -forholdet i sentrum (Vetlesen og Nortvedt 1996:179). Nærleiksetikken inneber at det etiske ansvaret for andre oppstår i møte mel- lom menneske, mellom eit eg og eit du , i møtet med den andre sitt ansikt (Ber- gem 2011:96, Leer-Salvesen 2002:190). Dette gjer tenkinga interessant når det er snakk ompedagogisk leiar sitt etiske ansvar i skjeringspunktet mellom barn og medarbeidarar. Måten pedagogisk leiar møter barna på, er med å forme dei som menneske. Måten vimøtermedarbeidarane på, gjer

1 Offentlege styringsdokument, rammeplan og barnehagelov.

46 | første steg nr 1 | 2015

Made with