Første Steg nr. 1-2015

Foto:©Marco2811

KRONIKK Nynorsk sommorsmål Nynorsk og bokmål er to ulike og sjølvstendige språk, meiner kronikkforfattaren, som spør kva for språk- stimuleringstiltak som trengs i barnehagen når barn skal lære nynorsk skriftspråk. Homeiner at dei styrkingstiltaka for nynorskopplæring som styresmaktene har sett i gang, ser ut til å ha liten effekt.

ANNE LIV STEINSVIKNORDAL (anneno@hivolda.no) er førstelektor og norsklærar ved Høgskulen i Volda (privat foto).

Dei elevane som har nynorsk som hovudmål, vert prosentvis færre for kvart år som går. Kunnskap i og om nynorsk i lærarutdanningane er det gjennomgåande gjort lite for å styrkje. For barnehagelærarar som arbeider i nynorskområde, må kompetanse i skriftspråkstimulering på nynorsk vere sjølvsagt. Thomas Gisholt, direk-

tør i Utdanningsdirektoratet, skriv i innleiinga til heftet Språk i barnehagen – Mykje meir enn berre prat (2013) at heftet handlar om «…barns språktil- eigning og viser korleis personalet kan dokumentere, observere og vurdere språkmiljøet og språket til enkeltbarn somgrunnlag for eit godt språkmiljø og gje tilpassa språkstimulering til alle».

Tilpassa språkstimulering skal altså gjelde for alle barn. Det eg vil her, er å peike på at skrift- språkstimulering i barnehagen må til- passast det skriftspråket barna skal lære som hovudmål i skulen. Barn som skal lære å skrive nynorsk må difor høyre, sjå og bruke nynorsk i barnehagen i større grad enn bokmål. For å utvikle

første steg nr 1 | 2015 | 49

Made with