Første Steg nr. 1-2015

ULIKEOGSJØLVSTENDIGE For å få til dette i barnehagen, må ein truleg endre det tradisjonelle synet på statusen til bokmål og nynorsk. Nynorsk og bokmål vert ofte nemnt somto former av norsk, altså språkforma bokmål og språkforma nynorsk. Om ein skal få til endringar og styrkje nynorskopplæringa, bør ein definere nynorsk og bokmål som to ulike og sjølvstendige språk. «Det er stort sett sosiologiske og politiske grunnar til å kalle bokmål og nynorsk for målformer og ikkje for ulike språk», skriv språkforskarane Terje Lohndal, Mila Vulchanova og Tor Anders Åfarli ved Norges teknisk- naturvitskapelege universitet (NTNU) i Trondheimi ein kronikk i Aftenposten i november 2013. Deimeiner atmoderne språkforsking gjev gode argument og eit anna grunnlag for å seie at bokmål og nynorsk er ulike språk, og ikkje to former av norsk, som dei tradisjonelt har vorte kalla. Omnynorsk og bokmål er ulike språk eller former av same språket, har vore ein langvarig debatt. I lova vert dei kalla bådemålformer og skriftspråk; «Bokmål og nynorsk er likeverdigemålformer og skal vere jamstelte skriftspråk i alle organ for stat, fylkeskommune og kom- mune» (§ 1 Lov og forskrift ommålbruk i offentleg teneste). Her vil eg definere nynorsk og bokmål som to språk. MORSMÅL Dersom ein ser på nynorsk og bokmål som to ulike språk, kan ein også sjå på nynorsk som morsmålet til dei barna som skal lære nynorsk som hovudmål i skulen. Omgrepet morsmål vert brukt på ulikt vis, og vanlegvis har ein rekna at norsk er morsmålet til dei fleste som vert fødde i Noreg, utan å skilje mellom nynorsk og bokmål. Ein folkelige definisjonen av om- grepet morsmål er at det er språket ein tenkjer på, drøymer på, tel på, og så vidare (NOU1995:12). Ein annan defini- sjon som ofte vert brukt, er at morsmål er det språket ein lærer først, forstår best og det språket ein identifiserer seg med (Engen ogKulbrandstad 2004:182). Detmå likevel nemnast at somme er like

eit godt skriftspråk og ein eigen språkleg identitet, er adekvat språkstimulering grunnleggjande for den språklege utvik- linga når det både gjeld skriftspråk og leseforståing. TALESPRÅK Barna oppdagar tidleg at andre barn, per- sonale og foreldre bruker ulike variantar av talespråket. Imange familiar snakkar familiemedlemmene ulike dialektar og somme tider ulike språk, og personar med opplæring i nynorsk skriftspråk og bakgrunn frå nynorskområde, bur over heile landet. Dei tilsette i skulen skal tilpasse språket dei bruker etter elevane sitt språk. I Lov om grunnskulen og den vidaregåande opplæringa § 2-5. Målfor- mer i grunnskolen, er det uttrykt slik: « Kommunen gir forskrifter om kva målform som skal vere hovudmål i dei enkelte skulane. Hovudmålet skal nyt- tast i skriftleg opplæring og i skriftleg arbeid. I den munnlege opplæringa avgjer elevane og undervisningsperso- nalet sjølve kva for talemål dei vil bruke. Undervisningspersonalet og skulelei- inga skal likevel i størst mogleg grad ta omsyn til talemålet til elevane i ordval og uttrykksmåtar.» I 1885 kom jamstillingsvedtaket som sidestilte riksmål og landsmål. Vedtaket frå 1885 er bakgrunnen for at det vert gjeve opplæring i begge målformer i grunnskulen. Hovudprinsippa gjeld framleis og er ein del av opplæringslova. Eit odelstingsvedtak frå 1878 gjeld talemålet til lærarane. Vedtaket seier at «Undervisningen i Almueskolen bør saavidt muligt meddeles paa Børnenes eget Talemaal». I Landsskulelova frå 1915 og Byskulelova frå 1917 vart det sagt klart frå om at læraren skal til- lempe sitt talespråk etter talespråket til elevane: «Ved den muntlige undervis- ning bruker elevene sitt eget talesprog. Læreren skal såvidt muligt tillempe det for ham naturlige talesprog efter elevens talesprog.» Desse lovene gjeld framleis for grunnopplæringa, og bør også ha verknad for språkbruken til dei vaksne i barnehagen.

kompetente i to språk og identifiserer seg med begge. Det ser ut til å gjelde mellom anna for mange av dei som har nynorsk som morsmål, dei lærer etter kvart både nynorsk og bokmål. Omein legg definisjonen til Engen og Kulbrandstad til grunn, kan ein sjå på nynorsk sommorsmål for dei som lærer nynorsk somhovudmål. Då kan ein seie at nynorsk ermorsmål fordi dei lærer ein norsk dialekt først, så lærer dei å skrive nynorsk og seinare kan dei identifisere seg sterkastmed skriftspråket nynorsk. (Kanskje er det det som skjer i Sogn og Fjordane, der mange har ei klar oppfat- ning av at nynorsk er språket deira?) At barnehagen skal støtte bruk av morsmål er i Rammeplanen for innhal- det og oppgåvene i barnehagen omtalt i avsnittet om språkleg kompetanse: «Morsmålet er viktig for opplevinga av eigen identitet ogmeistring påmange område. Eit godt utvikla morsmål er ein grunnleggjande føresetnad for den vidare språklege utviklinga, også når det gjeld skriftspråk og leseforståing.» SPRÅKSITUASJONEN I DAG Imange samanhengar vert det peikapå at norsk ermindre brukt enn engelsk i for- retnings- og næringslivet og på område som utdanning og forsking. Engelsk er i ein dominant situasjon i høve til norsk, men norsk vert ikkje rekna som eit truga språk. Norsk skriftspråk vert realisert gjennom skriftspråka bokmål og nynorsk, men nynorsk skriftspråk har større utfordingar enn bokmål, fordi berre noko over 10 prosent av folket i Noreg skriv mest nynorsk. Dei fleste nynorskskrivarane bur på Vestlandet, så ein kan nemne denne regionen som «nynorsklandet», sjølv om det finst nynorskbrukarar i alle landsdeler. Imotsetnad til samisk språk i Noreg, er nynorsk språk ikkje grunnlovsfesta. Etter paragraf 110a i Grunnlova har staten plikt til å leggje til rette for at den samiske folkegruppa kan «sikre og udvikle sit Sprog, sinKultur og sit Sam- funnsliv». Opplæringslova gjev born rett til opplæring både i og på samisk. Nynorskopplæringa i skulen er også lovfesta gjennomopplæringslova (para-

50 | første steg nr 1 | 2015

Made with