Første Steg nr. 1-2015

graf 2-5): «Kommunen gir forskrifter om kva målform som skal vere hovudmål i dei enkelte skulane. Hovudmålet skal nyttast i skriftleg opplæring og i skriftleg arbeid.» I Barnehagelova (paragraf 8) har kom- munane fått ansvar for å leggje til rett tilbod for samiske barn: «Kommunen har ansvaret for at barnehagetilbudet til samiske barn i samiske distrikt bygger på samisk språk og kultur. I øvrige kom- muner skal forholdene legges til rette for at samiske barn kan sikre og utvikle sitt språk og sin kultur». Barn somskal lære nynorsk og vekse opp i distrikt prega av nynorsk skrift- kultur, har ikkje fått dei same rettane gjennom lovverket. Det kan føre til grunnleggjande forskjell i oppfatninga av verdien av skriftspråka nynorsk og bokmål, om ein definerer dei som to språk eller to ulike skriftformer av norsk. Tove Bull, professor i språkvitskap, kallar nynorsk eit minoritetsspråk (2004), fordi: «Eit minoritetsspråk er, i høve til eit majoritetsspråk, ikkje berre karakterisert ved at språkbrukarane er færre, men òg ved at maktforholda er asymmetriske.» Dersom ein reknar nynorsk og bok- mål somto språk, kan ein bruke forsking om tospråksopplæring på opplæringa i nynorsk og bokmål. Det kan opne nye perspektiv både på språkstimulering i barnehagen og på nynorskopplæringa i grunnskulen. NYNORSK I BARNEHAGEN Ein person somhøyrer til ei språkgruppe som er i mindretal i samfunnet, tileig- nar seg ofte fleirtalsspråket gjennom direkte kontakt med samfunnet rundt seg der språket er i bruk, som oftast av majoriteten i samfunnet (Skutnabb- Kangas1981:138). I vår medialiserte tid er fjernsyn, film og digitale spel sterke påverknadskjelder for talespråket til barna. Dialektarmed bokmålsgrunnlag har innverknad på tileigning av talesprå- ket til små barn. Dessutan er dei fleste skriftspråklege kjelder somfinst for små barn på bokmål, og dermed vert høgtle- singa for barna også gjerne på bokmål. Det språket somer dominerande i det

norske samfunnet og som vert brukt av fleirtalet, ser ut til å verte meir prega av skriftleg bokmål og bokmålsnære dialektar etter kvart som desse språk- kjeldene får lang verketid. For barn som skal lære nynorsk som hovudmål, «nynorskbarna», kan det sjå ut til at dei lærer andrespråket bokmål gjennom

byggarane til saman kan fleire språk på eit høgt språkbrukarnivå. Å ta vare på den kompetansen eit språk represente- rer bør vere ei plikt. I langtidsprogram- met heiter det at «regjeringen ser det som viktig at innvandrere gis mulighet til å beholde sin kulturelle identitet. På den måten kan det økte mangfoldet

Foto:© Christin Lola

direkte kontakt med majoritetsspråk- brukarane, og at dei lærer førstespråket, hovudmålet nynorsk, gjennom opp- læring i skulen. Dei lærer altså bokmål fordi det vert brukt rundt dei på alle kantar, fordi det er eit språk somhar høg status og fordi fleirtalet bruker bokmål. SPRÅKERSAMFUNNSKAPITAL Hovudgrunngjevinga for opplæring i morsmålet er at det skal gje identifika- sjon og kulturell tilhøyring (Hvenekilde 1994:62). Opplæring i morsmålet skal hjelpe barnet å vekse som menneske, barnet skal utvikle intellektuelle ferdig- heiter, lære seg sjølv å kjenne og utvikle kommunikativ kompetanse. Cum- mins hevdar at nivået eit barn oppnår i andrespråket ermarkant korrelertmed kompetanse i førstespråket ( jf. Befring, Hasle og Hauge 1993). NOU1995 Opplæring i et flerkulturelt Norge peikar på at samfunnskapitalen i Noreg vert styrkt ved at av innbyggarane meistrar mange ulike språk. Det er ein kulturell ressurs for alle samfunn at inn-

i opprinnelse, språk og levesett bli til berikelse for samfunnet totalt sett» (ibid. s. 267). Nynorskskrivarar er vanlegvis ikkje innvandrarar, men dei same rettane bør gjeld for dei: å kunne ta vare på sin kultu- relle identitet, aukemangfaldet og gjere samfunnet rikare totalt sett. Språk og identitet er uløyseleg knytt til kvarandre. I denne samanhengen er det av stor verdi for individet også å kunne utvikle sin identitet i forhold til kulturen og språket i opphavslandet (Skutnabb-Kangas 1980) for å kunne halde på og vidareutvikle sosiale og kulturelle kontaktar. I dette tilfellet er Noreg både «nynorsklandet» og opp- havslandet til kulturen og språket, og både sosiale og kulturelle kontaktar vil endre seg og bli borte ved språkskifte frå nynorsk til bokmål. NYNORSKHOS PERSONALET «De årene barna er i barnehagen, må ikke forstås som et venteværelese for det somskal komme senere i livet», skriv 

første steg nr 1 | 2015 | 51

Made with