Utdanning nr 12-2014

kule!

I etterkrigspanikkens tid kutta folk mange av røtene til det som hadde bore norsk samfunn oppe. Ungar fekk ikkje lov til å lære ting som dei førre generasjonane såg som heilt naturleg, og den store konsentrasjonen om kva ungar hadde «lyst» på, var ikkje det beste for fullstendig men- neskeleg utvikling. Vi kan no ein gong ikkje sitja i samfunnet og vurdere alt etter lystprinsippet. Har eg lyst til å vera den som ringer til ambulanse etter ei ulykke? Neppe, for da må eg vel orientere meg ein del om det som har skjedd, og det er oftast lite hyggjeleg. I eit normalt utvikla menneske er det like fullt noko som forbyr ein å tenkje lyst/ikkje lyst i den stoda. Og det burde vera klart at di før ungar er innstilte på at ein av og til må handle anten ein vil eller ikkje, di meir naturleg og uhys- terisk går dei til verket når dei er vaksne. Slik eg ser det, har pedagogikkvitskapen til denne dagen vore prega av etterkrigsangsten. I så stor grad at det vart høgaste og finaste form for pedagogikk å kutte banda til naturleg opplæring. Særleg på det språklege planet. På eit tidspunkt vart det slik at ein ikkje skulle bruke ord som ungen ikkje alt hadde lært, i det som stod i leseboka. Ungen skulle kunne få kom- pleks av det. Og kompleks, det var fa'li, det! La meg sleppe å karakterisere denne typen «pedagogikk» med adjektiv. Dei må same kva, vera negative. Men eg må få lov til å seia at ordet pedagogikk ikkje var brukt rett. For ettersom ordet pedagog vel eigentleg tydde ein som følgde ungen til skulen, kan ein seia at pedagog opphavleg tyder den som skal føre ungen til kunnskapen. Men dersom ein «pedagog» såg det som si oppgåve å hindre ungen i å møte nye ord i ein naturleg kon- tekst, ville det vera det motsette av å føre ungen til kunnskap. Det ville vera å setja opp gjerde mellom ungen og kunnskapen. Korleis er nemleg naturleg språkinnlæring? At ungen frå før han kjem til verda, blir bombardert med språk. Så lenge ungen kan høyre, får ungen påverknad frå dei som bruker språket. Og ein steller seg ikkje over eit stellebord og forbyr alle menneske ikring å bruke ord som ungen ikkje alt skjønar. Nei, ein rett og slett pratar med ungen, ser i den retninga ungen ser, oppdagar kva ungen ser på, seier namnet på den tingen i den spesielle lyse tonen som vi bruker når vi talar til spedborn. Slik har det vore til alle tider. Den absolutt sik- raste språkinnlæringsmetoden er å prate i veg. Dette må vi menneske eigentleg ha visst i tusen-

på at ungar kan bli utruleg skadde av å ikkje møte pedagogisk utdanna personale frå dag ein. Ja, eg hoppar bukk over dei artiklane. For meg er den slags tankegang for prega av angst-krampe i ei etterkrigstid. At ein i neste omgang har å gjera med det totalt unaturlege fenomenet at mange ungar på same alder skal lære om eitt og same emne på same tid, er ei anna sak. Det er slik det har blitt i samfunnet vårt, og da må ein lærar ha trening i å vende seg til mange på ein gong. Intimiteten på mors fang er eit tilbakelagt stadium, same kva. Men den peda- gogiske grunnsituasjonen er den på mors fang. Til denne optimale pedagogiske situasjonen treng ein ikkje meir enn å følgje natur og tradisjon. La ikkje “ollete pedagogikk-teoriar hindre dykk i å la ungen få høyre ord. Ungen lærer ikkje språket sitt med ordbok i handa, ungen lærer ved at språket blir brukt i ein naturleg kontekst. Kjære politikarar! Her er kjelda til ein god skule. Språket er reiskapen vi har når vi skal skaffe oss kunnskap. Difor må vi starte der. Så kan vi vonleg gjennom nokre generasjonars arbeid atterreise norsk skule, som ein gong i tida hadde godt renommé. Diverre må ein da også lytte litt til dei som åtvara mot nedgangen i skulen den gongen i 1950-60-70 åra. Dei var «forut for si tid», men bør ikkje bli usynleggjorte no. Dei hadde sitt å seia. Enkelte av kommentarane fortel at somme av dei såg andre samanhengar enn vi ser no. No kranglar vi som om det var ein spesiell parti- politikk som dreiv fram alt saman. Den gongen kunne åtvaringane ha ei form som denne: Hugs at om stormakta USA kom til og gjorde ein innsats i andre verdskrigen, er ikkje det det same som at kvar einaste del av samfunnet der borte, skal bli kopiert hos oss. På eitt felt har vi i Noreg gjeve blanke i dei pedagogiske teoriane som ynkeleggjorde ungane og hindra dei i utviklinga. Ingen har nokon gong kravd av ein norsk gutunge at han ikkje skulle prøve seg i skibakken før han var viss om å kunne stå heilt ned. Heller ikkje jentungane har blir utsette for den slags. Resultatet er at vi framleis kan vera med i siste runde i internasjonale kon- kurransar.

«Mødrer som pratar med ungane dei har på fanget, er engasjerte i verdas viktigaste yrke.» vis av år. Faktisk må det også ha kome inn i noko av den teoretiske kunnskapen som barnelegar og liknande får i våre dagar. For i 1977 fekk eg ros av ein lege av di eg tala ved ungen min. Legen fortalde meg i same slengen at det å tala ved ungane frå fyrste ferd av, kunne reparere små fødselsskadar. Ein utviklar altså hjernen til ungen når ein talar til han. Det bør seia noko både til pedagogar og til politikarar. Og så kan dei setja inn pengar. Ikkje på å premiere lærarar som har flinke elevar, men med å la mødrer vera heime med ungen i minst tre år. La dei ha tid til å prate med ungen! La familien få dei pengane dei treng for å kunne gje ungen opti- mal start på livet! Og la oss for all del sleppe den flausen som ein politikar presterte i “ernsynet da det var snakk om å tvinge mødrer ut i arbeids- livet etter berre nokre månader heime. Vedko- mande meinte at det var latskap av mødrene å vera heime. Kanskje politikaren heller var den late som hadde unngått å oppleva korleis jobben med hus og barn er? Og kanskje vedkomande hel- ler ikkje var intellektuelt nyfiken nok til å arbeide med spørsmålet: Kva skjer eigentleg når mor og barn har ei pratetid saman? Mødrer som pratar med ungane dei har på fan- get, er engasjerte i verdas viktigaste yrke. Og dei er utruleg godt skikka, heilt utan pedagogiske teoriar som mal. Det er så genialt laga at når ungen blir trøytt av å lytte etter det mor seier, så er gjerne mamma trøytt av å tala ved ungen. (Politikaren med latskapsteorien burde prøvd seg på den job- ben, for når ein har auge- og pratekontakt med ungen, er det temmeleg intenst den tida det varer.) Dersom ein både tek omsyn til det ungen ønskjer seg og det mor klarer, kjenner ein snart at det blir ein naturleg rytme. Av dette blir ungen ein vanleg oppvakt unge og ingen masekopp. Naturen og det vi sjølve opplevde som små, har lagt inn eit vasstett pedagogisk opplegg i oss. Den lyse røysta alle mødrer grip til når dei talar ved ungane, har synt seg å vera den ungen har lettast for å oppfatte. Det slår meg at eg her har hoppa totalt bukk over dei mange artiklane eg har lese som går ut

43 | UTDANNING nr. 12/20. juni 2014

Made with