Utdanning nr 07-2014

Fra forbundet

Utdanningsforbundet Ragnhild Lied | leiar i Utdanningsforbundet

FOTO TOM-EGILJENSEN

Ei varsla krise

Denne overskrifta stod på leiarplass i Aftenposten sundag 23. mars. Leiarartikkelen handla om lærarrekruttering, og overskrifta var difor heilt på sin plass. Vi har ein kritisk situa- sjon, og den er grundig varsla. Det har nemleg ikkje mangla på åtvaringar, ikkje minst frå dette hald. Utdanningsfor- bundet har, i alle dei åra vi har eksistert, argumentert for å styrke lærarrekrutteringa. Vi har grundig dokumentert den lærarmangelen som no manifesterer seg. Dette har vore eit sentralt tema i alle tariffoppgjera på 2000-talet. Vi har løfta det fram i samband med statsbudsjetta. Og det har vore eit hovudtema i Gnist-samarbeidet. Ifølgje Statistisk sentralbyrå vil norsk skule mangle 18.000 lærarar i 2020, altså om berre seks år. Atskilleg fleire elevar vert råka. Kvar dag. Det er berre å multiplisere. Etter 2020 vil tala berre stige. Konsekvensane vil bli svært merkbare, ikkje minst i Distrikts-Noreg. For dette vil ikkje slå likt ut. Utvik- linga i Finnmark er eit godt døme. Der går 300 lærarar av med pensjon i løpet av dei neste fem åra. I 2013 vart det uteksami- nert seks allmennlærarar frå Høgskulen i Finnmark. Seks! Det er i ferd med å bli ein svært dramatisk mangel på kom- petente lærarar, konstaterer Aftenposten. Så sant, så sant. Eg kan føye til at det, pr. i dag, er verre enn som så. Diverre har det også – i årevis –mangla kompetent respons på situasjonen. Utruleg nok har denne utviklinga skote fart i ein periode der det å satse på utdanning og lærarar har vore eit hovudtema i kvar einaste valkamp. Slik har det vore sidan stortingsva- let 2001. Det har altså slett ikkje mangla på politikarsnakk. I ord har det vore skarp konkurranse om satsinga. Difor er den situasjonen vi står i no ikkje berre kritisk. Den er også djupt skammeleg. Dei som har lova satsing, og som har vunne val på desse lovnadene, har ikkje levert.

Fasit ligg føre. Seinast i form av rapport nr. 4 frå Følgje- gruppa for den nye grunnskolelærerutdanninga. Den viser at søkinga til lærarutdanningane ikkje ein gong held tritt med den generelle auken av studentar i høgre utdanning – trass i store rekrutteringskampanjar. Det er også slik at tre av ti lærarstudentar sluttar i studiet i løpet av dei to første åra. Ei studie frå Universitetet i Oslo, som følgde 5700 nyutdanna lærarar frå 2006 til 2011, viste at 37 prosent av dei mannlege og 31 prosent av dei kvinnelege lærarane ikkje lenger jobba i skulen etter fem år. Kva skal til for at læraryrket skal få høgare status, og til- trekkje seg – og halde på – dyktige folk? Her er dei to vikti- gaste tiltaka: auka løn og gode vilkår for å gjere fagleg solid arbeid. Om dette står det ikkje strid. Det er vel dokumentert og har vore kjend i årevis. På begge områda har politikarar og arbeidsgjevarar, blant dei først og fremst KS, likevel svikta. Det er heller ikkje slik at kommunane lokalt tek i bruk dei mulegheitene dei allereie har for å nytte løn som rekrutte- ringsmiddel. Dei kan tilby høgare løn for å trekkje til seg og halde på etterspurd fagkompetanse. Men dei gjer det omtrent aldri. Vi treng meir enn luftig politikarsnakk, påpeikar Aftenpos- ten, etter å ha omtalt den kritiske stoda. Nettopp. Det har vore meir enn nok prat og synsing. Det er tid for substansiell leveranse. Lærarlønningane må hevast. Det må leggjast betre til rette for at lærarar kan nytte tida til hovudoppgåva. Alt snakk om kunnskapssamfunn og draumelærar vert utan seriøsitet om ikkje dette vert ordna opp i. Start denne våren. By oss ikkje noko smått. Sats!

«Dei som har vunne val på desse lovnadene, har ikkje levert.»

72 | UTDANNING nr. 7/4. april 2014

Made with