Utdanning nr. 15 - 2016

Ut i verda

Kamerun

Finland

Terrorfrykt lammar skulesystemet

Svenskspråklegeer utsette for trugsmål og vald

5. september skulle skuleåret ha starta i det nordlege Kamerun, som i resten av landet.

Av 181 skular som heldt dørene stengt i fjor på grunn av frykt for terrorangrep frå den nigerian- ske islamistgruppa Boko Haram, er det berre 10 prosent som vert opna att til årets skolestart, ifølgje den kamerunske ukeavisa L’Œil du Sahel. 69 av skulane har allereie vore utsette for terroristangrep. Hardast råka er det nordlegaste fylket, Logone- et-Chari, som grensar til Tsjad i vest og Nigeria i aust. Her må over tretti skular halde stengt, skriv avisa 29. august.

Utdanningsminister Najat Vallaud-Belka- cem har bede om eit møte med selskapet Niantic, som står bak spelet Pokémon Go. Ho vil oppmode selskapet om at særleg sjeldne og ettertrakta pokémonar ikkje skal vere plasserte på skular. Styresmaktene fryktar at dette kan få uvedkommande til å dukke opp på skulane. Rektorar har allereie høve til å sikre at skulen deira vert Pokémon-fri sone ved å skrive til selskapet, men ministeren vonar selskapet skal setje i verk dette tiltaket i utgangspunktet, skriv den USA-baserte nettavisa Ars Technica. Det er ikkje risikofritt for finlands- svenskar å snakke morsmålet sitt på offentleg stad. Det går fram av ei undersøking som er utført av stu- dentar innan journalistikk, medium og kommunikasjon ved Stockholms universitet. 244 av 412 spurte seier dei har vorte truga eller utsette for vald på grunn av sin finlandssven- ske identitet. Fleirtalet av dei spurte var mel- lom 15 og 24 år gamle og tilknytt skular og universitet i Finland der fleirtalet er svenskspråklege, skriv den svenske avisa Expressen. Over halvparten tykkjer situasjonen er blitt verre dei siste ti åra. Den fin- ske statsvitaren Pasi Saukkonen seier til avisa at tonen i debatten om det svenske språket si stilling er blitt meir aggressiv, og han ser det i samanheng med framvoksteren til Frankrike

Aleksandergata i Helsingfors, med Stockmann, det største kjøpesente- ret i Norden. FOTO WIKIMEDIACOMMONS

partiet Sannfinnane, som mellom anna vil fjerne den obligatoriske undervisninga i svensk. I 2011 opp- gav 291.000 personar, 5,4 prosent avfinnane, at dei hadde svensk som morsmål, ifølgje Finlands nasjonale statistikkbyrå.

Menneske på flukt og stengde skular pregar områda der Boko Haram opererer. FOTO JOSSYOLA/AP/NTBSCANPIX

Ministeren ber om fred frå sjeldne pokémonar

Israel

Fleire arabiske lærarar i jødiske skular

I dei jødiske skulane i Israel har det vore man- gel på kvalifiserte lærarar i arabisk og engelsk. Utdanningsdepartementet starta for tre år sidan eit program for å få fleire lærarar med arabisk bakgrunn inn i desse skulane. Ifølgje nyhendebyrået Jewish News Service har det vorte 76 prosent fleire arabiske lærarar som underviser i engelsk, matematikk og naturfag i desse skulane i løpet av desse tre åra.

Sjeldne og ettertrakta pokémonar, som Porygon, kan trekkje uvedkommande til skular og dermed utgjere eit tryggings- problem, meiner utdanningsministeren i Frankrike.

19 | UTDANNING nr. 15/16. september 2016

Made with