Utdanning nr. 15 - 2016

Mitt tips

Har du eit tips som du vil dele med andre? Send det til redaksjonen@utdanningsnytt.no. Merk e-posten «Mitt tips».

- Barn elskar å leike med vatn, uansett. Men her regnar det så mykje at vi må variere vassleiken. Da gir vi berre leiken ein sprut, seier Anita Volland. Leik som har vaska seg

Anita Volland

Pedagogisk leiar på Bukkene Bruse, Søre Skogvei barnehage i Bergen Aktuell Byr på boblefest i bergensvêr

TEKST Kirsten Ropeid | kr@utdanningsnytt.no FOTO Silje Katrine Robinson

I Søre Skogvei Barnehage i Bergen gjekk det med ei heil flaske oppvaskmiddel den dagen Utdanning var på besøk og regnet piska friskt. – Det er berre Zalo som duger, vi kan ikkje bruke det storkjøkken-skvipet av ei såpe som vi har i kjøkkenet, forklarar Anita Volland, pedago- gisk leiar i barnehagen. Båtar på kanalar Når bergensregnet slår i vasspyttane, da finn dei barnehagetilsette fram Zalo-flaska. Ein sprut, og regnet piskar opp eit flott skum. Dermed går lei- ken så det skvett. – Vi sprutar i alt vi kan sprute i, fortel Anita Volland. – Da vi fekk nye leikekasser til å ha inneleikene i, tok vi dei gamle ut. Det går meir vatn i dei enn i små bøtter, så der blir det mykje skum. Det nyaste er ei stor vassleike, eigentleg laga for innebruk. Der er det eit kanalsystem for å køyre båtar i og mykje anna. Men det vart for stort, grisete og upraktisk å ha det inne, så nå er det flytta ut, fortel ho. Når det er godt regn, får også denne leika ein

Regnvêrstips fra Bergen

Bruk Zalo mot uvêr!

Fire- og femåringane frå avdelingane Bukkene Bruse og Ole Brum i Søre Skogvei barnehage nyttar bergens- vêret til ein skikkeleg skumfest. Oppvasksåpe i striregn gir mye gøy. Frå v.: AdyamWeldeab, Amina Magona og Nardos Markos (på bordet).

20 | UTDANNING nr. 15/16. september 2016

Made with