Bedre skole nr. 3-2014

Kompetanse for spesialundervisning

■ ■ av peder haug

Eit fleirtal av elevane som får spesialundervisning, får det av personar som ikkje har formell spesialpedagogisk utdanning og kompetanse.

I forskinga om læringsutbyte blir det slått etter- trykkeleg fast at læraren har stor innverknad på læringa til elevane. Uttrykket «Teachers matter» går att i faglitteraturen verda over. Ein studie i USA viser at ein godt kvalifisert lærar på eit år kan løfte elevane sine i utvikling og kunnskap tilsvarande innhaldet i eit og eit halvt skuleår. Ein lite godt kvalifisert lærar klarer berre å løfte elevane tilsvarande innhaldet i eit halvt skuleår på den same tida (Hanushek, 2014). Så viser for- skinga også at elevar som har hatt mindre godt kvalifiserte lærarar over fleire år, har vanskar med å ta att det tapte. Det gjeld sjølv om dei seinare får godt kvalifiserte lærarar (Hattie, 2009). Slik kunnskap ligg mellom anna til grunn for dei store satsingane på å utvikle lærarkompetansen. Det gjeld for lærarutdanningane, og det gjeld dei store nasjonale etter- og vidareutdanningstiltaka som no er sette i gang. Det finst tilsvarande forskingsresultat som gjeld spesialundervisninga. Elevar som får spesial- undervisning av lærarar med spesialpedagogisk kompetanse, når lenger enn dei som ikkje får slik kompetanse (Egelund og Tetler, 2009). Lærarar med spesialpedagogisk utdanning rapporterer også at dei er meir fagleg sikre og trygge i spesial- undervisninga (Bele, 2010). I ein artikkel som er under publisering, blir det også vist til at når elevar får spesialundervisning av spesialpedagogar, er vilkåra for læring betydeleg betre, enn når dei får spesialundervisning av personale som ikkje har slik kompetanse (Haug, 2014a). Difor kan det vere ei god forsikring å la elevar som får spesialunder- visning møte kvalifiserte spesialpedagogar. Kravet til spesialpedagogisk kompetanse Kva som skal til for å kunne kalle seg spesialpeda- gog, er uklart. Eg har møtt personar som ikkje har

Illustrasjon: © tets/fotolia.com

utdanning på feltet, men som gir spesialundervis- ning og som difor kallar seg spesialpedagog. Det mest vanlege er at spesialpedagogar har lærarut- danning og vidareutdanning i spesialpedagogikk. Kva slags kompetanse lærarar med spesialpeda- gogisk vidareutdanning er forventa å ha, er ikkje regulert hos oss. I utdanninga av spesialpedagogar er det ikkje stilt krav til kva læringsinnhaldet skal vere. Det er eit tilhøve som avvik frå slik ordninga er til dømes i Finland (Hausstätter, 2008). Difor er innhaldet i omgrepet spesialpedagog ganske uklart, og kan vere alt frå å representere ein svært

81

Bedre Skole nr. 3 ■

2014

Made with