Bedre skole nr. 3-2014

nok vart 30 studiepoeng spesialpedagogikk lagt inn som ein del av pedagogisk teori og praksis på slutten av 1970-talet. Pedagogisk teori og praksis hadde då eit omfang på 60 studiepoeng. Praksis tok om lag 30 av studiepoenga og allmennpeda- gogikken 30 studiepoeng. Resultatet vart at det spesialpedagogiske elementet stort sett vart borte i allmennpedagogikk og praksisopplæring (Haug, 2000). Det vart ikkje noko kompetanselyft. Difor kalla Edvard Befring ordninga «ei papirføreskrift utan særleg realinnhald» (Befring, 1991). Det var kanskje grunnen til at det i 1983 kom eit krav om at spesialpedagogiske emne skulle inn i alle faga i lærarutdanninga. Ein studie eg gjorde i lærarut- danninga i 2000, tyder på at så ikkje har skjedd. Innslaget av spesialpedagogiske emne synest å vere svært personavhengig. Innrettinga på det spesialpedagogiske var også relativt sterkt prega av ein tradisjon som ikkje lenger samsvara med dei offentlege reguleringane på feltet (Haug, 2000). Lenger har ein ikkje kome i å syte for spesi- alpedagogisk kompetanse hos lærarar. I den nye grunnskulelærarutdanninga har spesialpedago- giske tema fått plass, men i kva grad og korleis dei vert tekne omsyn til, veit vi ikkje mykje om. I grunnskulelærarutdanninga er spesialpedagogikk definert som eit skulerelevant fag, og kan inngå i utdanninga i eit omfang på inntil 30 studiepoeng. Dersom dei skal ta mastergrad i faget, har dei med seg 30 studiepoeng på masternivå i spesialpedago- gikk som ein del av den fireårige utdanninga. Dei resterande studiepoenga opp til master tek eit og eit halvt år. For dei vil difor mastergraden ta fem og eit halvt år, og ikkje fem år. Spesialundervisninga sine vilkår I ein omfattande gjennomgang av historia til spe- sialundervisninga i grunnskulen i Noreg stiller eg mellom anna spørsmålet om den politikken ein har valt på dette området i Noreg, er realiserbar (Haug, 1999). Politikken handlar om inkludering, om at alle skal vere i vanleg skule og klasse med sosialt og fagleg utbyte. Den politikken er ikkje realisert. Han har aldri fått vilkår for å verte rea- lisert. Det har vore for stor tru på at politikken skulle skape seg sjølv i praksis. Så er ikkje tilfelle. Eit av dei områda der det har svikta, er å skaffe nok relevant spesialpedagogisk kompetanse til

skulen. Innafor dagens retorikk vil spesialpeda- gogisk kompetanse kunne vere med på å løfte kunnskapsnivået i nasjonen. Minst like viktig er at med meir spesialpedagogisk kompetanse i spe- sialundervisninga vil mest sannsynleg vi få fleire elevar som får oppleve å lukkast.

NOTER 1 http://www.hivolda.no/speed

litteratur Befring, E. (1991). Spesialpedagogikken opnar samfunnet for dei funksjons- hemma. I: K.S. Melbostad, K.K. Grøndahl, I. Lønning og N. Mæhle (red.), Med viten og vilje mot et lærerrikt samfunn? Oslo: Universitetsforlaget. Bele, I. (2010). Læreres egenvurdering av spesialpedagogisk kompetanse – vik- tige kilder til kompetanseutvikling. Norsk pedagogisk tidsskrift, 94 (6), 476–491. Bele, I. (2011). Hva er spesielt med spesialundervisning – slik lærere ser det? I: P. Haug (red.), Kvalitet i opplæringa (s. 223-241). Oslo: Det Norske Samlaget. Egelund, N. og Tetler, S. (red.). (2009). Effekter af specialundervisningen: Pædagogiske vilkår i komplicerede læringssituationer og elevernes faglige, sociale og personlige resultater . København: Danmarks Pædagogiske Universitetsforlag. Ekspertgruppen for spesialpedagogikk. (2014). U tdanning og forsk- ning i spesialpedagogikk – veien videre? Oslo: Norges forskningråd. Hanushek, E.A. (2014). Boosting Teacher Effectiveness. I: C.E.j. Finn og R. Sousa (red.), What lies ahead for america’s children and their schools. (s. 23-35). Stanford CA: Hoover Institution Press. Hattie, J. (2009). Visible Learning. A synthesis of over 800 meta-analyses relating to achievement. London: Routledge. Haug, P. (1999). Spesialundervisning i grunnskolen. Grunnlag, utvikling og innhald. Oslo: Abstrakt. Haug, P. (2000). For alle elevar? Lærarutdanninga og spesialundervisninga i grunnskulen. Volda: Høgskulen i Volda og Møreforsking Volda. Haug, P. (2014a). Spesialundervisning i praksis. Under publisering. Haug, P. (2014b). Er inkludering i skulen gjennomførleg? I: S. Germeten (red.), De utenfor. Forskning om spesialpedagpogikk og spesialundervisning. (s. 15-38). Bergen: Fagbokforlaget. Hausstätter, R.S. (2008). Utdanning til hvilket formål? Spesialpedagogikk (3), 16–20. Kjærnsli, M. og Olsen, R.V. (2013). Fortsatt en vei å gå. Norske elevers kom- petanse i matematikk, naturfag og lesing i PISA 2012 . Oslo: Universitetsforlaget. Nordahl, T. og Hausstätter, R.S. (2009). Spesialundervisningens forutsetnin- ger, innsatser og resultater . Hamar: Høgskolen i Hedmark. NOU 1973:15. Utdanning av spesialpedagoger .

Peder Haug har vore tilsett ved Høgskulen i Volda sidan 1976, frå 1997 som professor i pedagogikk. Han har hatt lengre engasjement ved Møreforsking i Volda, Norsk senter for barneforsking, NTNU i Trondheim, Noregs forskingsråd og Universitetet i Stavanger. Han har leia ei rekkje forskingsprosjekt og gitt ut ei rekkje bøker og artiklar med tema frå

barnehage, skule, lærarutdanning og spesialundervisning. Reformer og klasseromforsking er sentrale interesseområde. Han har erfaring frå undervisning i lærarutdanningar på alle nivå. Han er for tida professor II i spesialpedagogikk ved Institutionen för pedagogik, didaktik och utbild- ningsstudier ved Universitetet i Uppsala.

83

Bedre Skole nr. 3 ■

2014

Made with