Utdanning nr 14 - 2014 - page 54

54 |
UTDANNING
nr. 14/5. september 2014
Kronikk
Matematikklekser –
ei hindring for elevars læring?
Fire av ti 10.-klassingar får
karakteren 1 eller 2 på skriftleg
eksamen i matematikk (Udir,
2014).
ILLUSTRASJON
Lars M. Aurtande | aurtande.no
Ikkje i noko
anna fag er det like mange som får
dei lågaste karakterane på eksamen. Resultat frå
PISA-undersøkinga viser òg at matematikkfaget
kjem dårleg ut. På kva måte kan lekser fremja eller
hemma læring i matematikkfaget?
Frå elevar har vi høyrt både «eg har ikkje gjort
leksene, for det var ingen som kunne hjelpa meg»
og «eg gidd ikkje gjera lekser, for eg får dei aldri
til.» Når temaet vert teke opp i lærarkollegiet, får
vi gjerne dette svaret: «Vi må gi lekser, elles kjem
vi oss ikkje gjennom pensum» eller «elevane må
rekna mykje for å læra seg matematikk». Dette
er gode poeng. Vi stiller likevel spørsmål ved kva
følelsar elevane sit att med dersom dei gang på
gang opplever manglande meistring av lekser.
Korleis påverkar dette elevane si læring?
For å forstå læring kan det vera verd å sjå nærare
på forholdet mellom lekser og meistringsforvent-
ning. Meistringsforventning seier noko om ein
persons vurdering av i kva grad han er i stand
til å meistra bestemte oppgåver (Bandura, 1997).
Forsking har vist at meistringsforventning er
bestemmande for val av aktivitetar, for innsats og
uthald, og for val av læringsstrategiar. Elevar med
høg meistringsforventning lærer betre og løy-
ser fleire problem enn andre (Skaalvik & Skaal-
vik, 2013). Desse elevane vel gjerne å jobba med
vanskelege oppgåver, legg ned nødvendig innsats
for å meistra og oppnår dermed ny kunnskap og
auka meistringsforventning. I motsetnad vil ein
elev med lav meistringsforventning kunne føla
at sjølvoppfatninga blir trua dersom oppgåvene
blir for vanskelege. Lav innsats kan då brukast
som forsvarsstrategi. Resultatet blir gjerne dårlege
prestasjonar, liten grad av læring og utvikling av
lært hjelpeløyse. Lav meistringsforventning kan
dermed bidra til at elevar yter liten innsats for å
utvikla ny kunnskap. Dei gir opp.
Meistringsforventning kan påverkast
Bandura (1997) viser til fire hovudkjelder. Av
desse er autentiske meistringserfaringer vikti-
gast. Tidlegare erfaringar med liknande oppgåver
kan auka eller redusera meistringsforventninga,
avhengig av om desse er positive eller nega-
tive. Dårlege meistringserfaringer er mest kri-
tisk tidleg i innlæringa, då elevar kan tilskriva
(attribuera) manglande meistring til negative
eigenskapar ved seg sjølve. Ei anna kjelde til
meistringsforventning er det Bandura kallar
vikarierande erfaringar, som inneber å læra av
andre sine erfaringar. Her brukar eleven personar
det er naturleg å samanlikna seg med og vurderer
i kva grad han sjølv meistrar oppgåver ut frå om
desse har meistra tilsvarande utfordringar. Det
blir dermed avgjerande kven eleven identifise-
rer eller samanliknar seg med. Ei tredje kjelde
til påverknad av meistringsforventning er verbal
overtaling, der oppmuntring kan bidra til auka
innsats, som igjen kan bidra til at eleven lykkast
og opplever meistring. Verbal overtaling krev at
det er til stades ein person som er kompetent til
å vurdera kvar i læringsprosessen eleven er, for
å kunne vita når og korleis ein bør oppmuntra til
ekstra innsats. Fysiologiske og emosjonelle reak-
sjonar er ei erde kjelde til meistringsforvent-
ning. Lekser som vekkjer negative fysiologiske
Cecilie Hem
lærar (adjunkt med
opprykk)
Høyanger vidaregåande
skule
Dorthea
Sekkingstad
høgskulelektor i
utdanningsleiing
Høgskulen i Sogn og
Fjordane
>
FOTO
INGEBJØRGVIKESLAND
FOTO
PRIVAT
1...,44,45,46,47,48,49,50,51,52,53 55,56,57,58,59,60,61,62,63,64,...68
Powered by FlippingBook