Utdanning nr 17 - 2014 - page 43

43 |
UTDANNING
nr. 17/17. oktober 2014
I samband med lærarkonflikten er også spørsmål
som gjeld styring av skulen kome på agendaen,
skriv Sigmund Sunnanå.
Viss statsministeren og kunnskapsministeren
og andre politikarar meiner noko med det dei seier
om å satse på lærarar, visa dei tillit og auka deira
status, må dei visa dette i praktiske tiltak. Elles
blir det berre svada og tull ut av heile greia.
Til dømes må lærarane få meir avgjerdsmynde
i saker som vedkjem skulen dei arbeider i. Det
gamle lærarrådet må attende i ei eller anna form.
Det kan styrast av rektor, men saker som vert
tekne opp, må avgjerast ved fleirtalsvedtak. No
har jo rektor mest diktatorisk makt i skulen. Det
bør ikkje vera slik. På fellesmøta slik det er i dag,
sit lærarane som lydige tilhøyrarar medan den eine
av dei såkalla leiarane skrevar fram til talarsto-
len og lirer av seg eit eller anna. Så kan lærarane
få ordet viss det høver ordstyraren. Det er aldri
snakk om noko votering. Det er då heller ikkje
naudsynt, sidan rektor kan avgjera det heile.
Lærarane må også få bestemma korleis
klassane skal setjast opp og korleis undervis-
ningsgruppene skal organiserast. Slik det er no,
må læraren godta store klassar, ofte opp til 30
elevar også ofte i yrkesfagleg studieretning i
vidaregåande. Det bør vera klinkande klart for alle
at dette ikkje held mål. Ein må ha mindre grupper
for dei som treng ekstra undervisning, kanskje opp
til fem elevar i kvar gruppe og med ein lærar som
har godkjend undervisningskompetanse i faget.
No blir altfor ofte assistentar sett til å leia slike
grupper. Det er då ikkje underleg at mange elevar
ikkje får med seg det faglege, fell frå og sluttar
skulegongen i vidaregåande.
Vidare bør det verta slutt på leiarteam, leiar-
møte og resursteam. Denne ordninga gjer sitt til at
leiargruppa på skulen vert altfor dominerande og
lærarane overkøyrde. Rektor bør attende til klas-
seromma. Han bør ikkje ha mindre enn seks timar
undervisningsplikt for veka. Det skulle no berre
mangle. Litt må jo desse folka ha kontakt med
undervisningskvardagen.
Rektor bør også tilsetjast på åremål. Kanskje
for fem år i slengen. Det bør vera slik skal ein få til
fornying i skulesamfunnet.
Noko som har gjort meg skikkeleg forarga på
Høgre, er at dei har greidd å innføra det at ein elev
anonymt skal vurdera ein lærar. Så skal læraren
inn til rektor og samtala om vurderingsresultatet.
Dette meiner eg er heilt grotesk. Det trenar eleven
opp til anonym tysting, kuar læraren og kan laga
eit dårleg forhold mellom lærar og rektor.
Skal ein få betre resultat i skulen, minska frå-
fallsprosenten i vidaregåande og få gode lærarar i
framtida, må statusen til lærarane opp, men då må
dei òg få meir reell makt i skulesamfunnet.
Håkon Solbakken
Lærarane må få meir
reell makt i skulesamfunnet
Til innspelet «Styring av skulen» på utdanningsnytt.no/119141
Rektor bør attende
til klasseromma. Han
bør ikkje ha mindre enn seks timar under-
visningsplikt for veka, skriv innsendaren.
FOTO
ERIKM.SUNDT
Ønsker du å forløse ideer hos elevene og sette dem i stand
til å komponere gode tekster? Kåre Kverndokkens 101
skrivegrep har som hensikt å hjelpe med nettopp dette.
Alle de 101 skrivegrepene er utformet som konkrete og
praktiske råd og opplegg, og boka fungerer som en hånd-
bok i skriveundervisning. I tillegg kan du lese kapitler av
velkjente skriveforskere om skriving som grunnleggende
ferdighet, skriving som prosess og produkt, eksempeltekster,
sakprosa, og mye mer!
101 måter å lese
leseleksa på
ISBN978-82-450-1205-7
Kr399,-
Gutter
og lesing
ISBN 978-82-450-1432-7
Kr 399,-
EN SKATTKISTE FOR SKRIVEUNDERVISNINGEN!
Kåre Kverndokkens
101 SKRIVEGREP
- endelig er den her!
ISBN 978-82-450-1577-5 Kr 399,-
1...,33,34,35,36,37,38,39,40,41,42 44,45,46,47,48,49,50,51,52,53,...60
Powered by FlippingBook