Utdanning nr 05-2014

ndet er kritisk til KS sitt mandat

Har Rambøll-rapporten styrka KS sitt mandat? Til støtte for krava viser KS til ein rapport frå kon- sulentfirmaet Rambøll (2013). Rapporten er basert på spørsmål til skuleeigarar (kommunar) og sku- leleiarar (rektorar). Vi har no lese denne rappor- ten, som lenge var halden unna offentlegheit. Og vi er svært forundra over at rapporten blir brukt som grunnlag for det mandatet KS sitt sentralstyre og forhandlarar har fått. Krava som KS har stilt, stemmer dårleg med dei sentrale funna Rambøll har gjort, og som står i rapporten. Vi skal gje nokre gode døme på det: «Undervis- ningspersonalet har behov for en egen arbeids- tidsavtale som sikrer like vilkår uavhengig av hvor i landet man underviser». Utsegna blir støtta av 72 prosent av respondentane. Heile 79 prosent av rektorane i grunnskulen støttar ein avtale som er lik for heile landet. Dette er det ikkje teke omsyn til i det heile når KS krev at innhaldet i heile års- verket skal avgjerast på den enkelte skulen, med rektor sin styringsrett. «Undervisningspersonalet må gis mulighet til å disponere deler av arbeidstiden selv». Støtta av 64 prosent av respondentane. Det står i sterk kontrast til KS sitt krav om at rektor skal ha styringsrett over heile arbeidstida til lærararne. «Undervisningspersonalet har behov for selv- stendig tid for å sikre tid til for- og etterarbeid». Støtta av 66 prosent av respondentane, 71 prosent av rektorane. Det er ikkje betryggande at KS vil endre avtalen og brukar begrepet «tilstrekkeleg tid», altså ei vurdering for kvar enkelt lærar. I kva- litative intervju i rapporten blir det endå til peika på at «frihet til å styre egen arbeidstid er en gene- rell tendens i dagens arbeidsliv, og at det derfor vil være unaturlig å reversere den friheten lærerne til nå har hatt.» (Rambøll) «Undervisningspersonalet har behov for en egen arbeidstidsavtale som sikrer ressurstilfan- get». Støtta av 53 prosent av respondentane. Berre 21 prosent tykkjer dette er eit uvesentleg element. Difor står dette i kontrast til at KS vil oppheve dei siste kriteria for ressurstildeling til skulane. Rapporten viser vidare at det er sterk støtte til at det framleis skal vere årsrammer for kor mange timar ein lærar skal undervise (57 prosent). Berre 24 prosent ønskjer å •erne årsrammene. Likevel krev KS at det ikkje lenger skal vere rammer for kor mange timar ein lærar skal undervise. KS har i si kravformulering opna opp for eit arbeidsår på inntil 45 veker og normalarbeids-

dag (7,5 t) for lærarar. Dette har liten støtte i Rambøll-rapporten. Ei slik ordning vil også ha omfattande konsekvensar for organisering av skulen. Ved å flytte arbeidstid vekk frå den delen av året der elevane er på skulen, blir det mindre tid til elevane når dei er til stades. Vi har også lese i rapporten at mange leiarar og skuleeigarar ønskjer konkrete endringar i avta- len. Det betyr nødvendigvis ikkje at dei ønskjer å •erne dei sentrale reguleringane gjennom ei total omlegging – det finst andre og betre løysingar. KS, både sentralt og i Sogn og Fjordane, viser til Rambøll-rapporten når dei skal forklare man- datet for KS sine krav. Utdanningsforbundet Sogn og Fjordane meiner at det er få haldepunkt i rapporten som kan gje støtte til dei konfliktska- pande krava som KS har lagt fram. Er total omlegging nødvendig? KS hevdar at deira krav er grunngjevne med utvikling i skulen. Ein analyse av arbeidstidsavtalen for lærarar, utført av Rambøll i 2011, har fleire interessante hovud- funn. Lokale arbeidstidsavtalar, inngått mellom lokale partar, er vurderte og konklusjonen er slik: «Flertallet av både skoleeiere og skoleledere som har inngått lokal avtale, oppgir at den fungerer godt eller meget godt. Arbeidsgivere som har lykkes med å framforhandle lokale avvikende avtaler, er også i stor grad tilfreds med avtalen». Kvifor har desse lukkast? Rapporten kan for- telje at 100 prosent av rektorane (altså alle) seier at det er to føresetnader for å få til gode prosessar: Ein arbeidsgjevar som er open for innspel frå dei tilsette og at relasjonen mellom skuleleiarar og tillitsvalde er barsert på openheit, ærlegdom og tillit. Lokale avtalar har altså fått godt skussmål i rap- porten, og i Sogn og Fjordane har vi prøvt å arbeide ut frå dette. I 2012 avtalte vi med KS i vårt fylke at vi skulle gjennomføre felles utviklingsverkstad om arbeidstid. Denne satsinga vart skrinlagd av KS våren 2013. Med det kravet somKS no har lagt fram, forstår vi kvifor det ikkje vart noko av pro- sjektet. KS hevdar at dei skal basere seg på godt sam- arbeid med tilsette og tillitsvalde. Leiar i KS, Gunn Marit Helgesen, seier: «Det er ikke sant at KS ønsker å styre lærerens arbeidsdag enda sterkere enn i dag». Det store problemet er at lærarane ikkje trur på slike forsikringar. KS har ikkje søkt råd hos lærarane og dei har ikkje teke omsyn til klare signal frå rektorane. Det er difor det er blitt så mykje frustrasjon, raseri og uro ute på skulane.

Gunn Marit Haugsbø

leiar i Utdannings- forbundet Sogn og Fjordane

FOTO HARALDF.WOLLEBÆK

Jarle Hessevik nestleiar i Utdannings- forbundet Sogn og Fjordane

FOTO HARALDF.WOLLEBÆK

I tillegg har KS kravd at ein skal forlate normale prosessar i arbeidslivet, med forhandlingar og tvisteløysingar, og gå over til eit nytt regime der arbeidsgjevar har full styringsrett. KS har vald konfrontasjon, og då blir det gode samarbeidet med tilsette og tilsette umuleg å ta vare på. Det er ei ulukke for den enkelte skulen, som gjerne vil halde fram med eit tett samar- beid mellom rektor og tilsette, - for å sikre ei god utvikling og god kvalitet for skulen. Utdanningsforbundet Sogn og Fjordane bekla- gar dette på det sterkaste, men det er KS sommå bere heile ansvaret for den vanskelege situasjo- nen vi no er komne i.

«KS har vald konfrontasjon, og då blir det gode samar- beidet med tilsette og tilsette umuleg å ta vare på.»

41 | UTDANNING nr. 5/7. mars 2014

Made with