Utdanning nr 05-2014

Innspill

Svar til debattinnlegget «Skuffet over skepsis fra Utdanningsforbundet» Fleire vegar til fagbrev

Takk til Turid Sandvik, fellesfaglærar på yrkesfag, for utfordringa i Utdanning nr 03/2014 i år omNHOs «tredje veg» og omå ta yrkesfaga på alvor.

Ragnhild Lied leiar i Utdanningsforbundet FOTO TOM-EGILJENSEN

Utdanningsforbundet tek alle elevar, lærlingar, yrkesfag- og fellesfaglærarar og instruktørar på største alvor. Det er difor eg ser på framlegget frå NHO med stor skepsis. Vi har eit fagopplærings- system i Norge som krev stor grad av samarbeid mellom alle partar, og Utdanningsforbundet er ein viktig part her. Vi arbeider til dømes gjennom Samarbeidsrådet for fag- og yrkesopplæringa (SRY) for ei best mogleg fagopplæring, og det same gjer yrkesfaglærarane våre i alle dei faglege råda. Her jobbar skule og arbeidslivssida saman for dei beste løysingane. Nett no er det oppfølging av Stortingsmelding 20 «På rett veg» som får mykje merksemd. Meldinga gir oss mulegheiter til å løfte fleire av dei tiltaka Utdanningsforbundet har jobba for lenge, som til dømes ei meir praktisk fag- og yrkesfagopplæring, kartlegging av utstyrssituasjo- nen, hospiteringsordningar for lærarar og rådgiva- rar i skulen og ikkje minst oppfølginga av tiltaka i Samfunnskontrakten for fleire læreplassar. Vi er også opptekne av fellesfaga må få ei sterkare kopling til yrkesfaga. Eg har stor tru på eit utstrakt samarbeid mellom skule og arbeidsliv på alle nivå, skal vi lukkast med å (att)reise ei fagfagopplæring for framtida. Ulike vegar til fagbrev Fagopplæringa er eit mangfald! Ikkje alle faga har fått det fotfestet i 2+2-modellen som styres- maktene og arbeidslivet hadde håpa på gjennom Reform 94. Dei tradisjonelle faga lukkast langt på veg, mens dei «nye» faga ikkje har fått same fot- festet. Mens arbeidslivet den gongen meinte at det var behov for at lærlingane hadde to års teoretisk og praktisk opplæring som grunnlag for læretida, er det fleire som tek til orde for meir praktisk opp- læring og mindre teori. Utprøvinga av fleksible løp i nokre fag er til dømes eit forsøk på at elevane kan komme tidlegare i praktisk arbeid. Det er eit stort rom innanfor dagens lovverk. Utfordringa er heller å utnytte dei mulegheitene ein allereie har, framfor å etablere nye modellar.

Når NHO no er urolege for at det er eit stort fråfall frå fagopplæringa, deler eg den uroa. Eg er likevel ikkje einig i den løysinga NHO føreskriv. NHO lanserer det dei omtalar som «den tredje veg», der all ungdom skal kunne søke på eit toårig læreløp i arbeidslivet. Sluttkompetansen skal vere eit praksisbrev, og så skal ein kunne gå vidare og ta eit fullt fagbrev etter kvart. Føresetnaden er då at ein går tilbake til skulen for å ta teorifaga i eit komprimert opplegg. Av fleire årsaker trur eg ikkje det vil fungere. NHO har anslått at ei slik ordning vil krevje rundt 5000 nye læreplassar. Allereie i dag slit mange med å skaffe nok læreplassar til dei som er i opplæring. Mange stader klarar ikkje arbeids- livet å ta imot elevar i Prosjekt til fordjuping, og det er eit stort behov for anna type praksis- og opplæringsplassar. Det største fråfallet frå fagopp- læringa skjer ved at ungdom ikkje får læreplass. Det er framleis slik at 32 prosent ikkje får lære- kontrakt (per 1.10.2013). Kvar tenkjer NHO-sjef Kristin Skogen Lund at dei ekstra 5000 plassane skal kome frå? Eg trur heller ikkje at det er klokt å setje ein strek over skulen, for vi veit at mange av dei mest skuletrøtte også slit med dei grunnleggjande fer- digheitene. Eg trur at dei unge som hovudregel treng koplinga til skulen. For mange av desse ung- dommane kan vegen attende til skulen elles bli for lang. Så trur eg, som Skogen-Lund, at ein del unge kan lukkast betre med å starte i arbeidslivet. Desse ungdommane er ei mangfaldig gruppe, og dei lyt følgjast opp særskilt. Det er krevjande, og vi veit at mange bedrifter har erfaring og gode resultat å vise til. Vi veit at nokre få klarar seg godt når dei kjem rett i jobb utan vidaregåande opplæring, men vi veit også at det er langt fleire som ikkje gjer det. All forsking og erfaring understøtter dette, og for å sitere Eifred Markussen i Aftenposten 14. februar: – Også litt utdanning lønner seg.

«Det er framleis slik at 32 prosent ikkje får lærekontrakt.»

42 | UTDANNING nr. 5/7. mars 2014

Made with