Utdanning nr 07-2014

Innspill

«Ein unormalt normal klasse»

Ein normalklasse består av eit mangfald av elevar ogmange sær- skilde behov. Det krev at læraren må kunne tilpasse lærestoff til dei behova elevenmåtte ha. Artikkelen byggjer på ei prosjektoppgåve gjen- nomført som del av studiet i spesialpedagogikk ved Høgskulen i Sogn og Fjordane (HiSF). Studen- tane gjennomførte ei kartlegging i ungdomssku- lane i fleire kommunar for å finna kva særskilde pedagogiske behov som elevane far. Her viste det seg at i ein heilt vanleg klasse er det gjennomsnitt- leg 4,3 omfattande særskilde behov som lærar må ha kunnskap om og ta omsyn til. I høve Verdas lærardag skreiv leiar i Utdan- ningsforbundet, Ragnhild Lied, ein artikkel der ho ber om at lærarane må få tid til å være lærarar – «La lærerne være lærere» (Lied, 2013). Lærar- rolla er krevjande og utfordrande, ikkje berre i undervisningssamanheng. Gjennom lærarutdan- ninga vert lærarane lite førebudde på mange av oppgåvene dei vert pålagde. Kartlegginga som denne artikkelen byggjer på viser at av 43 klas- sar er det berre ein klasse som kan omtalast som ein «normalklasse», der lærar kan fokusere meir på undervisning enn tilpassing. Desse tala stad- festar langt på veg rapporten som Tidsbrukutvalet la fram i 2009 om vurdering av tidsbruk i skulen (Melding til Stortinget nr. 19, 2009–2010). I kartlegginga vart det stilt spørsmål om kva behov elevane i dei ulike klassane har. Katego- riane omfatta ulike typar lærevanskar, medisinske diagnosar og psykososiale vanskar. Undersøkinga omfatta 11 ungdomsskular med til saman 795 elevar på 8.–10. trinn. Resultat Gjennom resultata kjem det fram at vanskane til elevane er mange. Det er totalt oppført 184 ulike diagnosar. Dette utgjer i snitt 4,3 diagnosar i kvar klasse. Dette vil seie at over 20 prosent av elev- massen anten har ein diagnose eller ei vanske som læraren må ta omsyn til i undervisninga. Hovud- vanskane til elevane er dysleksi, migrasjonsrela- terte språkvanskar, språkvanskar, astma, psykisk utviklingshemming, ADHD/ADD, dyskalkuli, angst og diabetes. I klassane er det låg førekomst av ulike syndrom, men i fleire klassar er det ulike medisinske tilstandar som læraren må ta omsyn til, som til dømes astma, diabetes, allergi. Same elev kan ha vanskar på fleire område, til dømes

dysleksi og ADD. Det var og ein klar tendens til at mange av vanskane førte til vanskar med skule- fagleg læring. Psykososiale vanskar Ved å samle dei ulike psykiske vanskane ser vi at 22 prosent av det totale vanskebiletet er psy- kiske vanskar. I Myrmel-Isaksen m.fl. (2013) finn ein at førekomst av psykiske vanskar blant 15- og 16-åringar ligg på om lag 17 prosent. Dette resul- tatet er samanfallande med det ein finn i denne undersøkinga. I denne kartlegginga var angst den hyppigast rapporterte psykososiale vansken. Dette stem- mer med forsking som er gjort i den omfattande undersøkinga av borns psykiske helse, Barn i Ber- gen (Folkehelseinstituttet, 2010). Individuell opplæringsplan (IOP) Av 43 kontaktlærarar var det tre som oppgav at dei ikkje har elevar med IOP i klassen. Av den totale undersøkte elevmassen har 15,3 prosent IOP. IOP skal være ein arbeidsreiskap for lærar og sikre at eleven får eit godt og, der det er behov, tverrfagleg tilbod. Det vil til ei kvar tid vere elevar med samansette vanskar, både fagleg og sosialt. Dette verkar inn på elevane sitt læringsarbeid og kan krevje eit tett samarbeid mellom fleire etatar. I Stortingsmelding nr. 16 vert det hevda at det kan vere utfordringar knytt til å få slike samarbeid til å fungere på ein tilfredsstillande måte. Ein grunn til dette kan vere at fagpersonane har for lite kunnskap om kvaran- dre. Eit manglande tverretatleg samarbeid kan føre til at ein brukar tid på å løyse problema innafor rammene av skuledagen. Dette vil igjen føre til at læraren får mindre tid til læringsarbeid. På trass av at ein stor del av elevane treng særskilt tilretteleg- ging, er det berre éin av tre kontaktlærarar som har spesialpedagogisk utdanning. Det utløyser spørs- målet om eleven får den støtte denne har krav på. Oppsummering I undersøkinga finn vi at over 20 prosent av elev- massen har ein diagnose eller vanske som læraren må ta omsyn til i tilrettelegginga av undervisninga. I kvar klasse vil det i gjennomsnitt være 4,3 ulike vanskar som krev særskilt tilrettelegging fagleg, sosialt eller på anna måte. I denne kartlegginga er hovudvanskane i elev- massen dysleksi, migrasjonsrelaterte språkvans- kar, språkvanskar, psykisk utviklingshemming og dyskalkuli. Dysleksi er det som finst hyppigast, og over 83 prosent av kontaktlærarane må ta omsyn til dette når dei planlegg og gjennomfører under-

Åse Julusmoen adjunkt, student spes.ped.

Høgskulen i Sogn og Fjordane Malin Kristoffersen student grunnskolelærarutdanninga og spes.ped. HiSF Rita Å. Vikdal student GLU og spes.ped. HiSF Linn Tove Berdal student GLU og spes.ped. HiSF Stine Steig student GLU og spes.ped. HiSF Marius Salamonsen student GLU og spes.ped. HiSF Kirsten Flaten førstelektor, HiSF

«Kontinuerlig tilsyn med alle landets private skoler krever betydelige ressurser.»

52 | UTDANNING nr. 7/4. april 2014

Made with