Utdanning nr 13-2014 - page 5

5 |
UTDANNING
nr. 13/22. august 2014
TEKST OG FOTO
IngebjørgJensen,Bergen
I tillegg til
66 lærarar ved Amalie Skram er lærarar
ved ti andre vidaregåande skular i Bergen og ein i
Askøy kommune tekne ut i streik frå måndag 11.
august. Ti ungdomsskular i Bergen er òg råka av
streiken.
– Frå KS og media kan ein få inntrykk av at vi
ikkje gjer jobben vår, seier Anny Strand, som har
vore lærar i 30 år.
Ho meiner det er meir effektivt å gå heim etter
ei sekstimars undervisingsøkt, slappe av og ete
middag, for så å ta fram arbeidet. Då kan ein rette
samanhengande eller ta telefonen til foreldra i ro og
fred, seier Strand.
Strand er van med at dei er 30 lærarar som deler
kontor. Sjølv ikkje ein gong ein flunkande ny skule
klarer å gi lærarane optimale kontortilhøve: I rom
som er dimensjonert for fire arbeidsplassar, blir det
pressa inn seks lærarar, ifølgje lærarane.
Entusiastiske streikande
Plasstillitsvald Odd Haga opplyser at førebels er 66
av rundt 70 medlemmar av Utdanningsforbundet
tekne ut, medan rundt 25 frå Norsk Lektorlag og
tre frå Skolenes landsforbund er på jobb. Odd Haga
reknar med at streiken likevel vil ramme meste-
parten av undervisninga, dersom det ikkje kjem
ei løysing før skulestart.
– Er effekten av ein streik ved skulestart like god som
ein streik like før eksamen?
– Ein streik om våren rammar stort sett berre
munnleg eksamen, sidan undervisninga er ferdig.
No får det konsekvensar for undervisninga, påpei-
kar Haga, som fryktar konsekvensane dersom dei
gir etter:
– KS har eit klart uttalt mål om eit arbeidsår på
45 veker. Set vi ikkje ein stoppar for dei no, vil dei
krevje meir i dei neste forhandlingane. Vi blir heile
tida pressa til å jobbe lenger, medan andre yrkes-
grupper får mindre arbeidstid. Når sommaren kjem,
er lærarane rimeleg slitne, seier Haga.
Streik
Streikande fekk
ros og støtte
Lektorlaget: Mistilliten til KS har bygd seg opp
Norsk Lektorlag sier den pågående konflikten handler ommer enn at arbeids-
giveren KS vil ha lærerne til å tilbringe mer tid på skolen. - Mistilliten til KS
har vokst seg stadig sterkere i den tiårsperioden vi har hatt dem som for-
handlingsmotpart, sier leder Gro Elisabeth Paulsen i Norsk Lektorlag til NTB.
– Hvis ikke KS snur, bør staten overta
KrF, SV og Rødt mener staten skal forhandle med lærerorganisasjonene hvis
ikke KS snur. SV-leder Audun Lysbakken krever at KS gjenoppretter tilliten til
lærerne slik at det blir ro i skolen. – Hvis det stadig blir nye konflikter i skolen,
må regjeringen vurdere å ta tilbake forhandlingsansvaret, sier han til NRK.
«Jag hoppas att ni vinner!»
Denne helsinga, og ei raud rose
frå ein svensk mann, fekk tre
lærarar på veg til streike-
samling ved Amalie Skram
videregående skole i Bergen.
Hilda Hønsi
, Anny Strand og Helen Vølstad med rosa og kortet frå den svenske mannen.
Rundt 700 av til saman 742 streikande deltok
på dei to streikemøta i Bergen 11. august, iføl-
gje arrangøren.
– Sjølv om
mange framleis har ferie, møtte dei
opp på streikemøtet. Eg er overraska over den
store entusiasmen, med tanke på at dette er det
fjerde hovudoppgjeret på rad der vi er i streik. Eg
trur frustrasjonane hos medlemmane har bygd seg
opp i dei ti åra sidan KS blei motpart, seier leiar for
Utdanningsforbundet Hordaland, John G. Torsvik.
– Vi har tapt lønsmessig, arbeidstilhøva har blitt
verre, byråkratiseringa større, og når KS no vil ha
meir binding, blei det dropen som fekk begeret til
å flyte over, seier han.
Stor oppslutnad på streikemøte
1,2,3,4 6,7,8,9,10,11,12,13,14,15,...68
Powered by FlippingBook