Utdanning nr 01-2014 - page 64

«Du som er lærer
– du gjør Norges viktigste jobb. Mange unge
menneskers fremtid ligger i dine hender.» sa Erna Solberg i sin
tale 1. nyttårsdag. Statsministeren talte om psykisk helse, om
utdanning som drivkraft i samfunnsendring og om «drømme-
lærere». Solberg brukte arbeidet mot mobbing som eksempel
på korleis utdanning og helse er knytt saman. Om slike tema
skal henge i hop, må vi forstå at lærararbeidet er komplekst, og
at kunnskapens som trengst, er mangfaldig.
Mitt nyttårsønske for
denne regjeringas kunnskapspolitikk er
at dei i handling vil utvikle barnehage og skule med respekt for
og på grunnlag av lærarane sin profesjonelle kunnskap. Statsmi-
nisteren sa ikkje noko i nyårstalen om kva slags tiltak regjeringa
vil sette i gang. Men vi veit at etter- og vidareutdanning av læra-
rar har høg prioritet i denne regjeringa sitt kunnskapsprosjekt,
og det er bra.
Somme meiner at
ønsket om meir utdanning til lærarar er eit
teikn på mistillit. Det treng det absolutt ikkje å vere. Om ein
berre ropar på meir akademisk kunnskap, eller trur at det er
forskarar og politikarar som kan gjere barnehagen og skulen
betre – då kan det oppfattast som mistillit. Men systematisk
etter- og vidareutdanning av lærarar bør først og fremst bidra
til ei foredling av den erfaringsbaserte kunnskapen. Vekslinga
mellom det å stå i kvardagens utfordringar, og å få høve til å
reflektere over desse med ny teoretisk kunnskap, kan utvikle
sjølve lærararbeidet. Dette er berre mogeleg om ein gjer læra-
rane si eiga læring til ein del av det kontinuerlege lærararbeidet.
«Å undervise er
ikkje rakett-vitskap. Det er mykje vanskele-
gare.» Omtrent slik skreiv Ryan Fuller i Washington Post sitt
magasin, Slate, rett før jul. Og mannen veit kva han snakkar om.
Etter ei karriere i NASA har han valt å bruke kunnskapen sin
som lærar på ein vidaregåande skule i Colorado Springs. Og han
hevdar at medan arbeidet i NASA handla om å tenkje gjennom
tekniske problem, så handlar lærargjerninga om å bruke heile
sitt repertoar av tanke, kjensler og evne til kommunikasjon og
improvisasjon. På mange vis er lærararbeidet to jobbar, seier
Fuller. På den eine sida er det planlegging, gjennomtenking,
e-postveksling, foreldrekontakt, rettleiing og kollegial utveks-
ling – og dette arbeidet kunne ha vore ein heil jobb. På den
andre sida er sjølve undervisninga. Og desse sidene heng tett
saman. Om ein ikkje får gjort dei rette førebuingane, vert sjølve
undervisninga dårlegare. Balansen i lærararbeidet er ei viktig
sak for regjeringas satsing på kunnskap.
Statsministeren peiker på
at barn og unges framtid ligg i læra-
rane sine hender. Det ansvaret kjenner vi. Og saman skal heile
profesjonen forvalte det ansvaret på ein profesjonell måte - i
tråd med den profesjonsetiske plattforma. Alle barn må, frå dei
begynner i barnehagen, møte ei utdanning der de får utvikle
seg og lære i eit trygt fellesskap.
Vi som er
lærarar i barnehagar og skular, er ikkje superheltar,
men kvardagsheltar. Vi er ikkje magikarar, men praktikarar. Og
vi arbeider ikkje som einsame ulvar, men som eit kollektiv. Vi
blir som alle andre yrkesutøvarar gode av solide rammevilkår
– og vi presterer svakare av dårlege.
Om kunnskap er
den nye oljen, slik statsministeren sa i si
nyårstale, må regjeringa lytte til oss som skal utvinne han.
Godt nytt år!
«Å undervise
er ikkje
rakett-vitskap.
Det er mykje
vanskelegare.»
Eit ønske for det nye året
Fra forbundet
Utdanningsforbundet
Ragnhild Lied
|
leiar
FOTO
TOM-EGILJENSEN
64 |
UTDANNING
nr. 1/10. januar 2014
1...,54,55,56,57,58,59,60,61,62,63 65,66,67,68
Powered by FlippingBook