Background Image
Table of Contents Table of Contents
Previous Page  24 / 68 Next Page
Information
Show Menu
Previous Page 24 / 68 Next Page
Page Background

24 |

UTDANNING

nr. 11/5. juni 2015

Tillit til leiinga

– mistillit til KS

Møre og Romsdal:

Fylkesårsmøte

Årsmøtet i Utdanningsforbundet

Møre og Romsdal har stor tillit til

leiarane i organisasjonen, både

lokalt og sentralt. Men sterkmis-

tillit til KS.

TEKST OG FOTO

JohnRoaldPettersen

Tilhøvet til KS

var ei av sakene som vekte størst

engasjement under årsmøtet i Utdanningsforbun-

det Møre og Romsdal.

– Erfaringane etter 10 år med KS som forhand-

lingsmotpart er svært dårlege, sa lokallagsleiar og

delegat Håvard Moe under møtet, som vart halde

6.-8. mai i Geiranger.

– Vi har vore i streik fleire gonger dei siste åra.

Vi har tal som viser at svært mange lærarar no

vurderer å skifte jobb. Frustrasjon over arbeids-

gjevar og motparten KS er ein viktig årsak til dette.

Det kan ikkje halde fram slik! Frå lokallaget i Giske

ønskjer vi difor å fremje eit tydeleg mistillitsforslag

mot KS.

Moe fekk kraftig applaus. I debatten peikte

likevel fleire på at det kan hende er verken rea-

listisk eller ønskjeleg å gå tilbake til staten som

motpart. Vedtaket vart til slutt slik: «Årsmøtet i

Utdanningsforbundet Møre og Romsdal uttryk-

kjer mistillit med KS som forhandlingsmotpart for

lærarane. Spørsmålet om kor forhandlingsansvaret

skal liggje, sendast som sak til Landsmøtet 2015.»

Støtte til Ragnhild Lied

Stor tillit hadde derimot årsmøtet til leiinga både i

Møre og Romsdal og på landsplan. Leiar Borghild

Moe og nestleiar Anne Marie Bergset vart attvalde

utan motkandidatar. Ragnhild Lied fekk full til-

slutnad på heimebane for å halde fram som leiar

i organisasjonen. I tillegg foreslo årsmøtet Steffen

Handal, Terje Skyvulstad og Hege Elisabeth Valås

som kandidatar til nestleiarverva.

Nei til profesjonsetisk råd

Årsmøtet i Møre og Romsdal ønskjer ikkje at det

skal opprettast eit profesjonsetisk råd. Fylkessty-

ret hadde ikkje tatt stilling på førehand, og hadde

lagt opp til tre moglege vedtak: Ja, nei, eller å råde

landsmøtet til å utsetje saka. Etter debatten stemte

eit klart fleirtal av årsmøtet for å seie nei til pro-

fesjonsetisk råd og råde landsmøtet «til å finne

andre løysingar på utfordringane som er løfta fram

i saka og debatten».

Seniortiltak for barnehagelærarar

Ei sak som fekk stor oppslutnad, var framlegget

frå Ørsta om at organisasjonen skal arbeide for

seniortiltak for barnehagelærarar.

– Å arbeide som barnehagelærar er krevjande.

For å få flest mogleg til å stå lenge i yrket må vi

gjere det mogleg å tilpasse og redusere litt på dei

tyngste og mest slitande oppgåvene, sa hovudtil-

litsvald Orlaug Bjørdal Kårstad. Ho fekk eit sam-

røystes årsmøte med på å krevje at det i samband

med reforhandlinga av arbeidstidsavtalane for

lærarar i barnehagar vert innarbeidd seniortiltak.

Sirikit Vågen

lærar ved Volda ung-

domsskule, leiar i

Utdanningsforbundet

Volda:

Lærartettheit i barne-

hage og skule. Vi treng

fleire pedagogar, og

vi treng tid til kvart

einskilt barn og elev.

Tid nok til å kunne gjere

ein god jobb kjem både

brukarane og lærarane

til gode.

Rigmor Tretnes

Knutson

pedagogisk leiar i

Storbakken barne-

hage, styremedlem i

Utdanningsforbundet

Kristiansund

Arbeidstidsordninga

for barnehagelærarane.

Den har i prinsippet

stått stille sidan 1975,

sjølv om arbeidssitua-

sjonen har endra seg

mykje. Arbeidspresset

er blitt større, og vi

treng meir ubunden tid.

Håvard Moe

lærar ved Valderøy barne-

skule, leiar i Utdannings-

forbundet Giske:

At vi skal gje eit kraftig

signal om kor misnøgde vi

er med KS som forhand-

lingsmotpart. Vi har levd

i ti år med eit konfliktfylt

forhold, no er det nok!

Frustrasjonen blant

lærarane er stor, og

tilliten heilt på

nullpunktet.

Kva sak er

viktigast for deg

på årsmøtet?

Eit framlegg om

å uttryk-

kje mistillit til KS fekk stor

tilslutnad under årsmøtet

i Utdanningsforbundet

Møre og Romsdal.

Det nye fylkesstyret

i

Møre og Romsdal: Bak

f.v.: Randi Lyngbø Ottesen

(FAS), Julie Gunstensen

(G), Mette Spange (G), Ole

Bjørn Helberg (V), Bjarnhild

Rakvåg Ulriksborg (B),

Håvard Moe (G), Hilde Hol-

meide Aandahl (B). Foran

f.v.: Gerd Botn Brattli (V),

leiar Borghild Moe (V),

og nestleiar Anne Marie

Bergset (G). Tore Fosseide

var ikkje til stades.