Background Image
Table of Contents Table of Contents
Previous Page  19 / 68 Next Page
Information
Show Menu
Previous Page 19 / 68 Next Page
Page Background

19 |

UTDANNING

nr. 11/5. juni 2015

Ut i verden

I fem år har lærarar og andre offentleg tilsette i øystaten Jamaica måtta klare

seg utan lønsauke. No har styresmaktene tilbode lærarane fem prosent tillegg,

men det vil ikkje lærarorganisasjonen Jamaica Teachers’ Association godta.

Ved fleire skular har lærarane demonstrert, men organisasjonen sin leiar Doran

Dixon seier kampen for lønsauke i minst mogleg grad skal gå ut over under-

visninga. Lærarane sitt krav er 25 prosent lønstillegg over to år, ifølgje avisa

Jamaica Gleaner.

Nikola Gruevski, statsminister i Makedonia og nyleg

attvald leiar for det konservative partiet, kritiserer

foreldre som krev mindre streng testing av lærarar og

at matematikk ikkje lenger skal vere obligatorisk eksa-

mensfag i ungdomsskulen. Den siste tida har det vore

demonstrasjonar i hovudstaden Skopje om dette. For-

eldre har òg klaga over at nye lærebøker i matematikk er

for vanskelege.

– Eg er skuffa over foreldra, som tilsynelatande ikkje bryr

seg om at dei skadar borna sine for livet ved å insistere

på at dei ikkje treng å lære matematikk, sa han i talen sin

til landsmøtet, ifølgje det makedonske nyhendebyrået

MINA. Han la til at reformering av skulesystemet vil

halde frammed å vere ei av dei viktigaste satsingsom-

råda for regjeringa hans i tida framover.

Pedagogar i harnisk

Jamaica

Makedonia

Frankrike

Utdanningsminister Najat Vallaud-Belkacem vil fjerne latin og gammel-

gresk til fordel for et fag om oldtidens sivilisasjonar og kultur, ifølgje

Radio France internationale (RFi).

Dessutan vil ho

gi skulane meir sjølvstyre, fjerne B-språk for særleg dug-

lege 11-åringar og i staden tilby eit moderne språk til alle 12-åringar i landet.

Fagforeiningane SNES og SNALC, der pedagogar i ungdomsskular og vida-

regåande skule er organiserte, er i harnisk. Også det konservative partiet

til Nicolas Sarkozy, Union pour un mouvement populaire (UMP) vil skrote

reformene. Ifølgje OECD er det franske undervisningssystemet eitt av dei

minst egalitære i verda, melder RFi.

Nå med innlest lyd Brettboka Få den digitale versjonen av dine kjente lærebøker. Vi har bøker fra alle forlag, til grunnskole og videregående. Den digitale utgaven har også nyttige studieverktøy som noterings-, markerings-, tegne- og søkefunksjoner. Kan brukes på PC, Mac og nettbrett. (Android, Apple, Windows) Lyst til å vite mer? Gå inn på: www.brettboka.no

Lærarar vil ha kompensasjon for lønsstopp

Statsminister langar ut mot foreldre

Franske pedagogar

rasar

mot utdan-

ningsminister Najat

Vallaud-Belkacem,

sommellom anna

vil fjerne latinfaget.

Her ser vi ein

demonstrant under

ein markering i Paris

19. mai.

FOTO

MICHAELBUNEL,NURPHOTO,

SIPAUSA/NTBSCANPIX