20
•
YRKE
desember 2013
”Bruk av hendene til å utføre arbeid er
sjølve kjernen i vår utvikling. Vi kan
takke teknisk orienterte geni og men-
neske med praktisk sans for at vi er på
det velstandsnivået vi er i dag. Noreg er
på god veg inn i eit postindustrielt sam-
funn med innleigd utanlandsk arbeids-
kraft til meir og meir av det manuelle
arbeidet, men uansett korleis vi ønskjer
å forme framtida, vil det vekse opp ung-
domar med ulike styrker og interesser.
Mange har det i seg at dei likar fysisk ar-
beid, er tilfredse med å skape eit produkt
og få ting til å verke. Færre og færre av
desse ungdomane finn rollemodellar
eller miljø som kan forme dei.”
Orda tilhøyrar lærar Arne Olav Walbye.
Han skreiv dette i tidsskriftet Bedre
skole nr 1/2011, etter at han hadde
opplevd tre elevar som, sjølv om dei
eigentleg var der for å skulke, raskt kom
til med interesserte og gode råd då han
skulle gjere eit komplisert reparasjons-
arbeid i kantina. Det er ei særs nyttig og
viktig påminning, og ikkje minst med
tanke på kva kompetanse vi treng for å
handtere morgondagens utfordringar.
Vi vil, på ei rad samfunnsområde, kome
til å trenge folk med handlekraft og
praktisk sans.
Utdanning er eit gigantisk prosjekt for
samfunnsbygging. Erik Bye introduserte
strofa «mangt skal vi møte og mangt
skal vi mestre» i songen «Vår beste
dag». Skulen handlar i grunn og botn
om å kvalifisere komande generasjonar
til nett det. Vi har ganske lang tradisjon
her i landet for å sjå på skulen som ein
danningsarena. I Danmark seier dei at ”i
skolen skal man træde varsomt – for her
bliver mennesker til”. Og det fortel noko
om kor stort skulens oppdrag er.
Skule og utdanning er samfunnsbyg-
ging. I dag er det slik, om vi tenkjer
på heile perioden frå eittåringen startar
i barnehagen til den vaksne personen
avsluttar utdanningsløpet og går ut i
arbeidslivet, at mellom ein tredel og ein
firedel av livsløpet vert brukt på utdan-
ning. Denne delen av livsløpet er ikkje
berre ein transportetappe, der nokon har
bestemt nøyaktig kva som skal hende
med deg – slik at du kjem til nytte når
det verkelege livet tek til først i den
andre enden. Utdanning er også levd liv,
med eigenverdi. Det er så å seie forming
av livsprosjekt.
Ta deg ein dag i ein barnehage og studer
ivrige fireåringar i aktivitet. Dei utfor-
skar verda, dei andre og seg sjølv, heile
tida. Og dei lærar om det som er rundt
dei, om kven dei andre er og kan vere og
om kven dei sjølve er og kan vere. Den
dyktige førskulelæraren veit mykje om
akkurat dette. Ho er i stand til å følgje
leiken til barna og til å hjelpe dei på
respektfullt vis, til lærdom og vekst.
Dette må vi ikkje tape av syne i vår iver
etter å fylle skulen med alt vi, som er
vaksne og kan ta avgjerdene nett no, av
ein eller annan grunn akkurat i vår tid
meiner er uomgjengeleg viktig. Skulen
er ein sentral del av sjølve livsreisa.
Og undervegs skal helst kvar einaste
passasjer også få utvikla evna til å vere
kapteinen på si eiga danningsreise. Viss
dei ikkje lærar seg å vere kaptein der,
vil dei neppe greie det når utdanninga er
ferdig. Og om det skulle bli resultatet, er
eg faktisk i tvil om kor mykje hjelp det
er i alt det andre.
Dei som går inn i det store utdannings-
løpet i dag, vil verte pensjonistar mellom
2070 og 2080. Det er etter vår tid. Og
det er, heldigvis, lenge til. På eit vis vil
det vere rett å seie at svært mange av
desse barna ein gong skal inn i jobbar
som i dag ikkje eksisterar, der dei skal ta
i bruk teknologi som ikkje er funnen opp
enno og det for å løyse utfordringar vi i
vår tid ikkje kjenner til. Kva vil dei då
ha nytte av? Det er så vanskeleg å svare
presist på at vi etter mitt syn gjer klokt i
å ha ei audmjuk tilnærming.
kompetanse for framtida
forbunds
kommentaren
Ragnhild Lied
leiar i Utdanningsforbundet