Table of Contents Table of Contents
Previous Page  32 / 100 Next Page
Information
Show Menu
Previous Page 32 / 100 Next Page
Page Background

Over halvdelen av norske innsette under 25 år rapporterer at dei har mindre eller

større lese- eller skrivevanskar. Dei tek likevel utdanning i fengsel i same grad som

andre innsette i denne aldersgruppa. Unge i fengsel som har fått diagnosen rekne-

eller matematikkvanskar har lågare utdanning og deltek meir sjeldan i utdanning

enn andre innsette.

Dei innsette sine rettar til utdanning er regulerte

av internasjonale konvensjonar og tilrådingar. Til

dømes heiter det i Den europeiske menneskeretts-

konvensjonen, artikkel 2, at ingen skal bli nekta

retten til utdanning (Council of Europe, 2010).

Ifølgje dei europeiske fengselsreglane (Council of

Europe, 2006) skal det organiserast eit fullstendig

utdanningsprogram ved kvar anstalt. Det heiter

vidare at fengselsstyresmaktene bør leggja sær-

leg vekt på å gi utdanning til unge innsette, og at

det bør organiserast eigne opplæringsprogram

for dei med særskilde vanskar, slik som lese- og

skrivevanskar og rekne- eller matematikkvanskar.

Både i den norske opplæringslova og i

straffegjennomføringslova er det slått fast at

innsette har lik rett til utdanning som folk elles

i Noreg. Dei har alle rett og plikt til grunnskule-

opplæring, og alle som har fullført grunnskulen,

har rett til vidaregåande opplæring, til og med

det året dei fyller 24 år (ungdomsretten). I stor-

tingsmelding nr. 27 (2004–2005)

Om opplæringa

innanfor kriminalomsorga «Enda en vår»

, står det

at målet for opplæringa innanfor kriminalomsorga

er det same som for all anna utdanning. I stor-

tingsmelding 37 (2007–2008)

Straff som virker –

mindre kriminalitet – tryggere samfunn

(kriminal-

omsorgsmelding), heiter det at god opplæ-

ring er eit av dei viktigaste verkemidla for å få

Innsette i fengsel under 25 år:

Tek utdanning, men har vanskar med

lesing, skriving, rekning og ADHD

■■

av

terje manger

,

ole

johan

eikeland

,

lise øen

jones og arve

e

.

asbjørnsen

Bedre Skole nr. 3

2017 – 29. årgang

32