Table of Contents Table of Contents
Previous Page  37 / 100 Next Page
Information
Show Menu
Previous Page 37 / 100 Next Page
Page Background

lågare utdanning enn andre innsette under 25 år

– kjikvadrat

1

= 18,6 (3), p<,001 – og dei deltek

i mindre grad enn andre i utdanning i fengsel –

kjikvadrat = 16,1 (3), p<,001. Innsette med dei

andre to diagnosane skil seg ikkje signifikant frå

dei utan diagnose, korkje når det gjeld utdannings-

bakgrunn eller deltaking i utdanning i fengsel.

Diskusjon

Undersøkinga av norske innsette under 25 år viser

at ti prosent ikkje har fullført grunnskule og at

nær to tredelar berre har grunnskule som høgaste

fullførde utdanning. Over halvdelen av innsette i

denne aldersgruppa opplever at dei har mindre

eller større lese- eller skrivevanskar, og over åtti

prosent svarar det same om rekne- eller matema-

tikkvanskar. Slike høge tal stemmer godt overeins

med internasjonale funn om lese- og skrivevans-

kar, eller det meir overordna omgrepet «literacy»,

i fangepopulasjonen generelt (t.d. Loucks, 2007;

Rack, 2005). Dei som sjølvrapporterer slike van-

skar, har ikkje signifikant lågare utdanning enn

andre innsette i same aldersgruppa. Det er heller

ikkje slik at dei med desse vanskane i signifikant

mindre grad deltek i opplæringa innanfor krimi-

nalomsorga (over halvdelen av alle innsette under

25 år deltek). Derimot ser vi at dei som rapporterer

at dei har fått diagnosen rekne- eller matematikk-

vanskar (dyskalkuli), både har signifikant lågare

utdanning enn andre unge innsette og i signifikant

mindre grad deltek i den formelle, kompetansegi-

vande opplæringa i fengsel.

Den høge prosenten innsette som har vanskar

med skulefaga, kan vera med å forklara at vi ikkje

finn signifikante skilnader innan gruppa når det

gjeld samanhengen mellom vanskane og utdan-

ningsbakgrunn og deltaking i utdanning. Variasjo-

nen i gruppa når det gjeld desse variablane blir for

liten. Sjølv om nær halvdelen opplyser at dei ikkje

har lese- eller skrivevanskar, kan det også tenkjast

at andre forhold i oppvekst og ungdomstid har

hindra utdanning. Antisosial åtferd og kriminali-

tet, som ikkje er lett å kombinere med utdanning,

er noko både dei med og utan vanskar har felles.

Når det gjeld deltaking i opplæringa i fengsel,

viser tidlegare funn i heile fangepopulasjonen at

sjølvrapporterte vanskar i lesing og skriving ikkje

påverkar deltaking negativt. Tvert imot viser

Jones (2012) at det er meir sannsynleg at dei som

sjølvrapporterer dysleksi i større grad enn andre

deltek i utdanning under soning. Ho fann også at

målt lese- og skrivedugleik ikkje har noko å seia

for om dei tek utdanning eller ikkje under soning.

Det er også funne at innsette som rapporterer at

dei har lese- og skrivevanskar, i større grad ønskjer

å delta i vidaregåande opplæring i fengsel enn dei

utan slike vanskar (Manger, Eikeland, Asbjørn-

sen og Langelid, 2006). Vi tolkar desse funna

slik at lese- eller skrivevanskar både kan forklara

tidlegare avbrot i skulegang og seinare ønske om

å ta igjen tapt utdanning når konteksten endrar

seg. Konteksten kan her drøftast i relasjon til den

sosiale samanlikningsteorien (Festinger, 1954).

Ifølgje denne teorien er effekten av skuleprestasjo-

nar på skulefagleg sjølvoppfatning ikkje primært

knytt til den absolutte prestasjonen, men til eleven

si tolking av prestasjonane sine samanlikna med

dei han eller ho går saman med. Marsh og Parker

(1984) brukar «stor fisk, liten dam»-metaforen

til å visa at det nokre gonger kan vera betre å vera

ein stor fisk i ein liten dam, sjølv om ein ikkje på

kort sikt blir ein god symjar. Med det meiner dei

at skulefagleg sjølvoppfatning kan ha best vekst-

vilkår når ein samanliknar seg med likesinna, og

at ei slik samanlikning over tid kan byggja opp

positiv skulefagleg sjølvoppfatning. Svært mange

innsette har nok i tidlegare skulegang samanlikna

seg med elevar som ikkje hadde lærevanskar og

Illustrasjonsfoto: ©elen31 -

stock.adobe.com

Bedre Skole nr. 3

2017 – 29. årgang

37