40 |
UTDANNING
nr. 13/19. august 2016
Innspill
«Den store avgangen av
lærarar dei næraste åra vil
føre til problemmed rekrut-
teringa av grunnskolelærarar
med kvalifikasjonar for å
arbeide på barnesteget.»
Grunnskolen er ein stor arbeids-
plassmed kring 2900 skolar og
625.000 elevar. Det er meir enn
dobbelt såmange elevar på barne-
steget (1–7) sompå ungdomssteget
(8-10). Kring 900 grunnskolar har
færre enn 100 elevar.
Lærarbehov og utdanningskapasitet
Åsulv Frøysnes
tidlegare høgskoledirektør
Sigmund Sunnanå
tidlegare utdanningsdirektør
Per Østerud
tidlegare rektor
I skoleåret 2013–14
var det 57.600 lærarårsverk
i grunnskolen, av desse var kring 37.000 dekt
av 52.000 personar med allmennlærarutdan-
ning. (Dei har i gjennomsnitt 71 prosent stilling.)
Resten av lærarårsverka var dekt av førskole-
lærarar, faglærarar og adjunktar og lektorar med
fagutdanning frå universitet og høgskolar og prak-
tisk-pedagogisk utdanning. Desse underviste på
ungdomssteget og i enkelte fag på barnesteget.
Førskolelærarane underviste på barnesteget.
I dag er over halvparten av dei 52.000 allmenn-
lærarane i grunnskolen passert 50 år, og dei går i
gjennomsnitt av ved 63 års alder. Opp mot 2000
allmennlærarar vil årleg gå av med pensjon dei
næraste 10–15 åra. Det representerer opp mot
1400 årsverk årleg, for ein stor del på barnesteget.
Kostnaden per elev i grunnskolen var i 2013
102.000 kroner i gjennomsnitt. Kostnadene ligg
godt over gjennomsnittet i OECD-landa og nabo-
landa i Norden. Fleire lærarar per elev og færre
undervisningstimar per lærar er hovudgrunnen
til dei høgare kostnadene her i landet.
Vurdering av lærarbehov
og utdanningskapasitet
Det har i lang tid vore interesse for å følgje med og
søke å tilpasse utdanningskapasiteten i lærarut-
danninga i forhold til behovet for lærarar i grunn-
skolen. Det har vore rimeleg greitt å lage prognosar
ut frå bestemte og alternative føresetnader, men
det har ofte vist seg at føresetnadene endrar seg i
løpet av kort tid. Endringane i føresetnader fører
som oftast med seg auka behov for lærarar. Sei-
naste bidrag er styrking av barnesteget.
Den politiske interessa for grunnskolen og
verksemda der fører med seg at det er tilsvarande
interesse for lærarutdanninga. For å følgje med
utviklinga i behovet for lærarar blir det laga rap-
portar i Utdanningsdirektoratet. Statistisk sentral-
byrå har utarbeidd ein modell, Lærarmod, for å
følgje utviklinga.
Som det går fram av ein artikkel i Utdanning nr.
17/2015 «Tolk tallene forsiktig», er det slik at ein
kan endre på føresetnadene og få endringar i prog-
nosane. Systemet med prognosar kan vere vel og
bra, men endringar kan lett få sterkare fokus enn
dei fortener, særleg når det er fokus på situasjonen
20 år fram i tid. Eit fokus fem til ti år fram i tida
burde vore meir aktuelt. Det er ikkje lett å skaffe
seg grundig innsyn i prognosane og resultata. Dei
fleste vil nøye seg med dei sluttvurderingane som
blir gjort og stole på dei.
Det kan også vere tenleg med ei enklare vur-
dering der ein søkjer å følgje opp faktiske tal, og
så prøve å vurdere behovet for å rekruttere nye
lærarar dei næraste 5–10 åra.
Med dagens utdanningskapasitet blir det
utdanna om lag 2000 grunnskolelærarar årleg,
om lag halvparten av desse for 1.–7. årssteg. Ein
kan rekne med at om lag 75 prosent tar arbeid i
grunnskolen. Tilgangen av lærarar til barnesteget
vil bli ca. 750 årleg. Den fireårige grunnskole-
lærarutdanninga for 5.–10. årssteg vil ha om lag
tilsvarande kapasitet. For ungdomssteget vil det
også vere tilgang på faglærarar og lærarar med ulik
fagbakgrunn og praktisk-pedagogisk utdanning.
Utfordringar framover
Kravet om 30 studiepoeng i norsk, matematikk
og engelsk for å undervise på barnesteget vil vere
problematisk, særleg kravet om engelsk, som
mange ikkje har teke i grunnutdanninga si. 30 stu-
diepoeng i matematikk i allmennlærarutdanninga
for alle blei innført på 1990-talet etter at utdan-
ninga var utvida til fire år. Mange lærarar som er
utdanna før denne tid, har ikkje formell utdanning
med dette omfanget.
Vi vil tru at den store avgangen av lærarar dei
næraste åra vil føre til problemmed rekrutteringa
av grunnskolelærarar med kvalifikasjonar for å
arbeide på barnesteget. Styrkingstiltak på barne-
steget vil på landsbasis for ein ekstra undervis-
ningstime krevje minst 800 nye årsverk. For dei
høgare årsstega vil det vere ei breiare rekruttering.
Dette kan lett føre til ein situasjon der ein på bar-
nesteget i større grad vil måtte tilsette faglærarar i
enkelte fag. Vi trur ikkje det vil vere tenleg å redu-
sere klasselærarordninga på dette nivået.
Med dei nye krava til utdanning med omfang
på 60 og 30 studiepoeng for å undervise i fag på
ungdomssteget kan det bli ein konsekvens at
lærarar som ikkje har slik fordjuping, vel å gå frå
ungdomssteget til barnesteget i staden for å ta
tilleggsutdanning. Om dei vil søke seg til andre
skolar, må dei eventuelt søke seg til barnesteget,
endå om dei har mange års erfaring med arbeid
på ungdomssteget.
Opplegget for ei femårig grunnskolelærarut-
danning og fagkrava for å undervise i ein del sen-
trale fag vil vere styrkingstiltak i lærarutdanninga
og på lang sikt for grunnskolen. Vi er likevel sterkt
i tvil om konsekvensane av ei obligatorisk 5-årig
utdanning på masternivå og absolutte fagkrav for
å undervise i ein del fag vil vere tenlege for grunn-
skolen. Med ei 5-årig utdanning må ein rekne med
at det blir redusert utdanningskapasitet.
Vi har i Norge ein desentralisert skolestruktur
med mange små skolar og lærarmiljø, der ein kan
ha problem med å rekruttere dei lærarane ein
ønskjer, og der ein skal sette saman eit lærarkol-
legium som dekkjer ein timeplan som er fastlagd
i ein nasjonal læreplan. Det er tvilsamt om det gir
god rekruttering til skolen om ein har ein situa-
sjon der mange vel røynde lærarar formelt ikkje
er kvalifiserte for undervisning.
Innlegget har tidlegare stått i Khrono, nettavis for Høg-
skolen i Oslo og Akershus, 19. januar 2016.