Table of Contents Table of Contents
Previous Page  50 / 60 Next Page
Information
Show Menu
Previous Page 50 / 60 Next Page
Page Background

50 |

UTDANNING

nr. 6/24. mars 2017

Kronikk

om vi skal kunne stanse dei seksuelle overgrepa

mot barn. Men for å kunne forstå, må vi ha solid

kunnskap om problemfeltet seksuelle overgrep

mot barn.

Inga Marte Thorkildsen

si bok, «Du ser det ikke

før du tror det»

3

, illustrerer dette poenget. Ho

kallar boka eit kampskrift for barn sine rettar. Ho

viser den lange og tunge vegen vi har gått for å få

på plass det juridiske rettsvernet som barn i dag

har. Det har kosta blod, sveitte og tårer, boksta-

veleg tala. Framfor alt for dei offer som har våga

å stå fram med sin smerte for at du og eg skal sjå,

forstå og tru på dei. For det er så vanskeleg for

desse barna å bli trudd. Fordi foreldre, kollegaer,

politi og andre maktpersonar ikkje kan førestille

seg at denne dyktige og kjekke læraren faktisk er

ein overgripar. Her kjem ofte rettsstellet òg til kort,

og ei frifinning av overgriparen blir eit nytt over-

grep. Fordi overgrepet skal kunne bevisast ut over

ein kvar tvil. Denne dyktige og sympatiske læraren

sørgjer sjølvsagt for at det aldri er vitne til stades

når overgrepa går føre seg. Barnet blir ståande

åleine, utan dei rette orda til å forklare kva som

har skjedd. Barnet blir uroleg, aggressivt, skulkar

skolen og får kanskje til slutt diagnosen ADHD.

Kven trur dei vaksne på? Ein kjekk lærar eller ein

vanskeleg elev?

I NOU 2003:31:

«Retten til et liv uten vold», blir

det «primærførebyggande arbeidet» understreka

som metode for å førebyggje vald og seksuelle

overgrep

4

. Det primærførebyggande arbeidet

handlar om å løfte det generelle kunnskapsnivået

i samfunnet slik at dei vaksne har eit fundament

for å sjå og forstå korleis barn reagerer på seksu-

elle overgrep. Vaksne må kjenne det lovverket som

skal verne barn, og dei må forstå sitt ansvar og si

plikt til å hindra overgrep. Alle som jobbar med

barn, må kjenne den viktigaste «kanon» av lovar,

forsking og fakta om seksuelle overgrep. Det er rett

og slett ikkje lov lenger å ikkje vite! Det førebyg-

gjande arbeidet handlar òg om at barn skal kjenne

sine rettar, barn skal få eit språk som gjer det mog-

leg for dei å sette ord på overgrep, og dei skal få

vite at det aldri, aldri er deira skyld når overgrep

skjer. Barn tek på seg skyld og skam, og det hin-

drar dei i å melde frå om overgrep. Barnehage og

skole har eit lovfesta ansvar for å jobbe med desse

problemstillingane. Kommunane og fylkeskom-

munane har som skoleeigarar eit ansvar for å

kvalifisere lærarane etter kvart som det kjem ny

kunnskap og innsikt om utfordringane på feltet.

Kommunane treng tverrfaglege team med høg

kompetanse på dette feltet som kan rettleie og

samarbeide med skole og barnehage for å stanse

overgrepa. Lærarutdanninga må leggje bort «stra-

tegien med dagskurs» og få på plass ei skikkeleg

skolering av komande lærarar. Det var eit viktig

framsteg i det førebyggjande arbeidet å krevje

politiattest for lærarstudentar. Det er likevel naivt

å tru at politiattest i seg sjølv kan hindre over-

grep mot barn. Lovverket har ei viktig oppgåve i å

straffe der overgrep har skjedd. Men endå viktigare

er det at lovverket blir bruka aktivt til å førebyggje,

for å hindre overgrep.

Skal vi kome

vidare i det primærførebyggande

arbeidet, er det etter mitt syn nødvendig at lær-

arstanden og Utdanningsforbundet tek sitt ansvar

på største alvor. Det er ikkje nok å vise til ein etisk

plattform. Sommedlem i Utdanningsforbundet og

som tidlegare tillitsvald i Norsk Lærarlag, saknar

eg ein offensiv frå leiar Steffen Handal, ein offen-

siv som handlar om korleis Utdanningsforbundet

som fagorganisasjon vil jobbe for å stanse desse

overgrepa

1

. Lærarstanden har ein stolt tradisjon i

å kjempe for barn sine rettar, for ein barnevenleg

skole og for pedagogisk utviklingsarbeid til beste

for barn, for vekst og utvikling

5

. Utdanningsfor-

bundet kan gjere ein forskjell. Utdanningsforbun-

det kan ta leiarskap i den dugnaden som vi no må

få til for å stanse seksuelle overgrep mot barn i

skole og barnehage. Sentralstyret i Utdannings-

forbundet må sette saka på dagsorden med mål-

setting om å lage ein handlingsplan for forbundet

som har sommål og meining: «Seksuelle overgrep

mot barn i skole og barnehage skal stansast!».

Sentralt i ein slik handlingsplan

vil vere skolering

av alle tillitsvalde. Utdanningsforbundet har både

ressursar og eit velsmurt skoleringsapparat til å nå

ut til alle skolar og dei fleste lærarar i heile lan-

det. Det nyttar ikkje med ei generell oppfordring

om at «dersom du ser noko mistenkeleg, så meld

ifrå til rektor». Den som skal stå i det trykket som

då kjem, treng solid kunnskap, og det trengst eit

kollegium som har den same kunnskapen. Det

trengst ei forståing for det store ubehaget som ein

slik mistanke fører med seg, og det trengst kunn-

«Barnet blir ståande

åleine, utan dei rette orda

til å forklare kva som

har skjedd.»

«Sommedlem i Utdanningsforbundet og som tidlegare

tillitsvald i Norsk Lærarlag, saknar eg ein offensiv frå

leiar Steffen Handal, ein offensiv som handlar om korleis

Utdanningsforbundet som fagorganisasjon vil jobbe for

å stanse desse overgrepa.»