Table of Contents Table of Contents
Previous Page  51 / 60 Next Page
Information
Show Menu
Previous Page 51 / 60 Next Page
Page Background

51 |

UTDANNING

nr. 6/24. mars 2017

skap og strategiar for å takle dette. Vi har mange

døme på kor tøft det kan vere for ein enkeltperson

å vere ein varslar. OmUtdanningsforbundet tar på

seg å vere den samfunnsmessige varslaren som vi

alle no treng, vil det kunne gje kraft og mot til kvar

og ein av oss til å sjå og handle.

Eg ser for meg

at skoleringa må innehalde kunn-

skap og forsking om fire felt, som i stikkord kan

omhandle følgjande:

1. Kunnskap om lovverket som sikrar barn sine

rettar. Skoleloven, Straffeloven, Lov om likestilling

og Barnekonvensjonen vil mellom anna vere sen-

trale. Gjennomgang av straffesaker der overgripar

er dømd, kan vere nyttige for å forstå kva som er

straffbart i juridisk forstand og kva som må til av

dokumentasjon for at ein overgripar skal bli dømd.

Kunnskap ommeldeplikt og avverjeplikt og korleis

gå fram ved mistanke. Politiet og rettsapparatet sin

rolle. Forskingsbasert kunnskap om overgriparane,

korleis skal vi kunne sjå faresignal? Korleis vareta

varslaren?

2. Kunnskap om omfang av overgrep, kunnskap

om konsekvensar for liv og helse for dei barn som

blir utsett for overgrep. Korleis skal vi forstå barna,

korleis forstå dei signala som barn sender? Korleis

vareta barn som slit? Korleis bruke Utdannings-

forbundet sin etiske plattform og korleis gjere den

til eit verktøy for barn sine rettar? Korleis sikre at

barna sine behov kjem først? Analyse av skolen

sine rutinar og tiltaksplanar; korleis førebyggje

på eigen skole? Pedagogisk utviklingsarbeid for å

styrke barn sin sjølvtillit, evne til å sette grensar for

eigen integritet, mot til å melde frå om overgrep og

kunnskap om barn sine rettar til eit liv utan over-

grep og vald.

3. Kunnskap om korleis barn sine rettar har

utvikla seg over tid. Kunnskap om korleis seksu-

elle overgrep mot barn og kunnskap om dette, har

kome på den politiske dagsorden. Kunnskap om

samfunnsmessige, kulturelle og historiske faktorar

som gjer det vanskeleg å bli var overgrep. Kva kjen-

neteiknar oss som ikkje merkjer, kva skal til for at

vi skal bry oss? Korleis delta i den samfunnsmes-

sige debatten og korleis jobbe førebyggjande?

4. Kunnskap om hjelpeapparatet, om helseve-

senet, politi, med meir. Korleis kan skole og bar-

nehage samarbeide med alle som har ansvar for å

førebyggje seksuelle overgrep mot barn?

Det som skil

ein overgripar frå den gode lærar, er

at den gode læraren, i tillegg til sine faglege kvali-

tetar, har innebygd ei sperre mot å forgripe seg på

barn seksuelt. Den gode læraren veit, intellektuelt

og kjensleboren, at han ikkje skal misbruke barn

seksuelt, og han er i stand til å handheve denne

kunnskapen i sitt møte med barna. Denne sperra

har ikkje overgriparen. Utdanningsforbundet har

både den gode læraren og overgriparen som sine

medlemmer. Å lage ein handlingsplan med ambi-

sjon om å stanse dei seksuelle overgrepa i skole

og barnehage, vil vere eit viktig signal å sende til

medlemmene i organisasjonen og til samfunnet

elles. Utdanningsforbundet sine klubbar rundt

om på skolane kan stille krav til kommunane om

skolering og oppfølging. Med grundig skolering og

ein sentral plan frå organisasjonen, kan Utdan-

ningsforbundet bli ein maktfaktor som stiller krav

til dei som til sjuande og sist har det overordna

ansvaret for at barna er trygge og ikkje blir utsette

for overgrep i skole og barnehage. Ein slik aksjon,

forankra i kunnskap, frå Utdanningsforbundet si

side, må ha som mål å gjere det umogleg for dei

ansvarlege på alle nivå å nedprioritere dette fel-

tet. Trykket frå ein slik aksjon vil måtte kjennast,

frå kommune og fylkeskommune, til Storting og

regjering.

Tillit er ikkje noko ein har ein gong for alle. Til-

lit må ein stadig kjempe for og gjere seg fortent til.

Lærarstanden og Utdanningsforbundet har ein

jobb å gjere.

Litteratur:

1) Utdanning 21/2016.

2) Utdanning 1/2017.

3) Thorkildsen, Inga Marte: Du ser det ikke før du

tror det. (2015)

4) NOU 2003:31, Retten til et liv uten vold.

5) Hagemann, Gro: Skolefolk. Lærernes historie i

Norge. (1992)

Kronikk

Emnar du på ein kronikk, er det lurt å presentere ideen for redaktør Knut Hovland,

kh@utdanningsnytt.no.

Utgangspunktet er at temaet må vere interessant og relevant – og språket godt og forståeleg – for ei brei

lesargruppe. Stoff som byggjer på forsking, må vere popularisert. Det betyr blant anna at forskingsresulta-

tet er det sentrale i teksten og at det som handlar ommetode, har ein mykje mindre plass. Lengda kan vere

mellom 12.500 og 17.000 teikn inklusive mellomrom. Litteraturliste og referansar må vere inkluderte i talet

teikn. Eventuelle illustrasjonar må ikkje sendast limt inn i wordfila, men separat som jpg- eller pdf-fil.

«Utdanningsforbundet har både den gode læraren

og overgriparen som sine medlemmer.»