Utdanning nr 13-2014 - page 64

Utdanningsforbundet er i
streik over heile landet. Det starta
med eit historisk nei-fleirtal. I juni vart det heilt klårt, for alle
som ville sjå, at lærarane ikkje i det heile hadde tiltru til den
skissa meklaren la fram. På vår pressekonferanse, då resultatet
av uravrøystinga skulle offentleggjerast, la vi vekt på at dette
også måtte forståast som eit læraropprør.
Sjølv om den
utløysande faktor var tilbodet i arbeidstidsfor-
handlingane, handlar dette om langt meir. Det er eit opprør mot
den aukande detaljstyringa i skulen og mot alle tiltaka som over
tid har svekka læraren som sjølvstendig profesjonsutøvar. Og
det er ein reaksjon på det stadig aukande gapet mellom fagre
løfter og ambisjonar for skulen frå sentrale politikarar, og man-
glande prioritering og oppfølging i kommunar og fylkeskom-
munar. Lærarane fortel om ein kvardag med stadig mindre tid til
kvar elev, med stadig mindre tid til å kunne gjere ein god jobb,
med stadig fleire oppgåver som tek tid frå arbeidet med elevane.
Lærarane har strekt
strikken langt nok. Det som no har mani-
festert seg, er også ei tillitskrise. Dei nasjonale politikarane, som
ikkje skal betale skulerekninga, kjemmed visjonane, dei store
orda og ambisjonane. Desse blir så i praksis torpedert av lokal-
politikarar, gjerne frå same parti, som skal betale rekninga. Fordi
det ikkje er pengar i kommunekassa.
Ein sentral intensjon
i den skissa som vart avvist, var å byggje
ein tillitsfull samarbeidskultur. Den intensjonen har Utdan-
ningsforbundet framleis. Men vi ser at framgangsmåten må
endrast. Bodskapen frå uravrøystinga var eigentleg at grunn-
muren for dette byggverket ikkje er på plass der ute. Lærarane
kjenner seg mistenkeleggjorte. Det er ein uomgjengeleg realitet.
I denne situasjonen er det heilt fåfengt å freiste å tre ei løysing
lærarane ikkje har tru på ned over hovudet på dei. Det vil faktisk
gjere vondt verre. Tillitsfullt samarbeid kan ikkje manast fram
på kommando. Den gode samarbeidskulturen skapast gjen-
nom å syne lærarane tillit, ikkje gjennom meir styringsrett. Så
skal det leggjast til at det heller ikkje tener saka å omtale dette
som om samarbeid i dag ikkje eksisterer. Sanninga er den stikk
motsette.
Denne veka var
partane samla hos riksmeklaren for å son-
dere og sjå om det var mogleg å finne ei løysing med mekla-
ren si hjelp. Det førte som kjent ikkje fram. Avstanden mellom
Utdanningsforbundet og dei andre lærarorganisasjonane på den
eine sida og KS på den andre var alt for stor. Då dette blei klårt,
signaliserte KS at dei var villige til å la heile konflikten gå til
frivillig nemnd. Dette såkalla «tilbodet» la dei også fram for
media i etterkant, for – med deira eigne ord – å vise at for KS
«skulle ingen ting vere uprøvd». Vi kan berre konstatere at KS
viftar med ord, men ikkje har tatt realitetane inn over seg. Det
burde vere unødvendig å peike på det eine opplagde, som
ikkje
er prøvd: Kva med å ta bodskapen frå ein samla lærarstand på
alvor og faktisk kome dei i møte?
KS har også
flittig nytta metaforen med å snu alle steinar. Saken
er eigentleg ganske enkel. Når steinar blokkerar vegen, er det
ikkje nok å snu på dei. Dei må flyttast. Den dagen KS er klår for
flyttesjau, kan dei rekne med dugnadshjelp. Det tilbodet står ved
lag også etter at meklingsprosessen braut saman. Ja, vi kjem til
å annonsere det på torg og i gater kvar dag frametter.
«Kva med å
ta bodskapen
frå ein samla
lærarstand
på alvor og
faktisk kome
dei i møte?»
Skulestart med konflikt
Fra forbundet
Utdanningsforbundet
Ragnhild Lied
|
leiar i Utdanningsforbundet
64 |
UTDANNING
nr. 13/22. august 2014
FOTO
TOM-EGILJENSEN
1...,54,55,56,57,58,59,60,61,62,63 65,66,67,68
Powered by FlippingBook