Barnehagepolitikken har levd
eit omskifteleg liv. Barnehagen
har sortert under jamstelling, familie, helse- og omsorgspoli-
tikk, og jamvel budd i lag med forbrukarsaker. Med så mange
private barnehagar vert barnehagepolitikken også næringspoli-
tikk. Men barnehagen si fremste oppgåve er ikkje å syte for jam-
stelling eller å tene næringsinteresser. Barnehagen skal først og
fremst gje born ei god start på si utdanning. Om barnehagen skal
løyse denne oppgåva godt, trengst det fleire barnehagelærarar.
Kva er eigentleg
god utdanning, og kvifor er barnehagen utdan-
ning? Den nederlandske utdanningsforskaren Gert Biesta vitja
ei av våre konferansar i or, og han snakka om at det no er
naudsynt å ta tilbake utdanningsspråket. I dag blir det snakka
for einsidig om læring. Det er ikkje slik at alt som gir læring er
utdanning, og det er heller ikkje slik at all læring er viktig og
verdifull. Den gode utdanninga er noko meir enn læring.
Biesta meiner at
god utdanning inneheld minst tre element.
Den skal kvalifisere born og unge for å løyse oppgåver og gi
forståing som dei treng her og no og seinare. Dessutan skal
utdanninga sosialisere barn og unge inn i eit fellesskap og eit
samfunn, fremje integrering og evne til kommunikasjon med
andre. Sist, men ikkje minst, må utdanninga styrke barns sub-
jektivitet. Barnet og den unge er noko i seg sjølv, og læring og fag
må fremjast gjennom eit innhald som born og unge finn meining
i. Innhaldet må finne gjenklang i deira liv og erfaringar. Utdan-
ning skal styrke den einskilde i opplevinga av å vere ein del av
eit fellesskap, og å vere noko i kraft av seg sjølv.
Ulike delar
av utdanningssystemet legg ulik vekt på dei tre
elementa, seier Biesta. Men alle tre elementa må finnast i god
utdanning. Slik eg kjenner barnehagen, er alle dei tre elementa
til stades. Det er barnehagelærarane si oppgåve å leggje til rette
for eit innhald og ein barnehagedag som kan bidra til at born
lærer og meistrar, at dei vert inkluderte og sosialiserte inn i eit
samfunn og at dei samstundes vert kjende med seg sjølv og får
tru på at dei sjølve kan spele ei rolle i eige liv og for andre. Dette
er ikkje lite! Dette krev kunnskap om barn og om pedagogisk
arbeid – og det krev systematisk pedagogisk innsats.
Likevel er berre
ein tredel av dei som arbeider i barnehagen
lærarar. Nokre barnehagar har ikkje eingong såpass mange.
Kvaliteten i norske barnehagar varierer. Dei store skilnadene
er godt dokumenterte av styresmaktene. Torbjørn Røe Isaksen
har lova å starte arbeidet med å styrke barnehagelova, og han
vil inkludere barnehagen i lærarløftet. Det er godt nytt. Han sit
på ein godt fundert rapport frå Øie-utvalet. Den peikar på kva
som er aller viktigast for å sikra likeverdig kvalitet i norske bar-
nehagar. Eit av dei første råda i rapporten er å lovfeste eit krav
om at minst 50 prosent av dei som arbeider i barnehagen, skal
vere lærarar. Slik kan vi kome meir på høgde med land vi helst
vil jamføre oss med.
Barnehagepolitikk
er ikkje næringspolitikk – det er utdan-
ningspolitikk.
«Den gode
utdanninga
er noko meir
enn læring.»
Fleire lærarar i barnehagen
= betre utdanning
Fra forbundet
Utdanningsforbundet
Ragnhild Lied
|
leiar i Utdanningsforbundet
56 |
UTDANNING
nr. 10/23. mai 2014
FOTO
TOM-EGILJENSEN