Table of Contents Table of Contents
Previous Page  76 / 100 Next Page
Information
Show Menu
Previous Page 76 / 100 Next Page
Page Background

Ei masteroppgåva på nynorsk skal handle om det som heiter «veiledning» på bokmål,

men forfattaren kjem til kort når det gjeld å finne eit nynorskord for temaet.

Bokmålsordet veiledning er ofte bruk i dialekt ut-

talt som variantar av «veiledning» og «vegleiing».

I nynorsk er ikkje «veiledning» noko ord, ei heller

«vegleiing».

I og med «vegleiing» ikkje finst som ord på

nynorsk, så såg eg i starten to val: enten skrive

oppgåva på bokmål eller velje ei anna oppgåve.

Men i og med at eg kunne ha skrive denne opp-

gåva utan vanskar på bokmål, så meiner eg at det

må vere mogleg å gjere eit forsøk på nynorsk og.

Trass alt så vil ein finne omgrepet «veiledning» i

pedagogisk teori og praksis, vil ein ikkje? Det er

heller ikkje slik at eg nødvendigvis må skrive på

nynorsk, i min kvardag kjem kanskje orda lettare

på enten bokmål eller engelsk, men i arbeidet med

litteraturgjennomgang var det langt mellom dei

nynorske artiklane, bøkene og oppgåvene. Og det,

saman med det manglande ordet «vegleiing», gjer

at eg er nøydd for å prøve å gjere denne studien

på nynorsk.

Kan hende det finst andre nynorskord som

dekkjer omgrepet – eller kan hende det ikkje er

relevant å ha eller bruke dette ordet?

Det er naturleg å gå til «Nynorsk ordliste» for

råd, anvisning, rettleiing eller veg –ja, på bokmål

ville det gjerne ha blitt kalla «veiledning».

Vegleiinga som ikkje er å oppdrive

■■

av

elin

legland

?????

Bedre Skole nr. 3

2017 – 29. årgang

76