Table of Contents Table of Contents
Previous Page  78 / 100 Next Page
Information
Show Menu
Previous Page 78 / 100 Next Page
Page Background

av deira terminologiordbok. Vidare søk ga resultat

på sida

«betydning-definisjoner.com

» og hadde i

farten oversett «rettleiing» til «veiledning». Ved

søk direkte på «rettleiing» i denne basen var det

ingen treff til noko, heller ikkje knytt til «veiled-

ning»

(www.betydning-definisjoner.com

2016).

Så eg sit her med nokre ordbøker som seier at

bokmålsordet «veiledning» er på nynorsk «rett-

leiing». I talemål er ordet «vegleiing» jamt brukt,

eit søk på «vegleiing» i Nasjonalbiblioteket (2016)

gjev peikarar til mange fagtekstar og offentlege

dokument der ordet «vegleiing» vert brukt. I

fagtekstar på bokmål kan vi finne ordet «rettled-

ning», og nokre ordlister seier at «vegleiing» og

«rettledning» ikkje finst.

«Veiledning» versus «rettleiiing»

For å sjå nærare på dette, vel eg å stille spørsmålet:

Har omgrepa «veiledning» og «rettleiing» same

innhald?

Mi forståing av omgrepet og bokmålsordet

«veiledning» er festa i mi forståing av bokmåls-

orda «vei» og «lede», der substantivet «vei» på

bokmål er tilsvarande «veg» på nynorsk, og pei-

kar mot ei tilrettelagt åre eller rute som er brukt til

framkomst, eller ein retning som kan brukast til å

ta ein framover, gjerne for å nå eit mål. Bokmåls-

verbet «lede» er tilsvarande «leie» på nynorsk,

og eg forstår det i meininga som å føre, vise veg og

følgje. Omgrepsinnhaldet mitt for «veiledning» er

tett på slik: «Veiledning» er å vise veg, føre og/

eller følgje nokon i ein retning eller på ei tilret-

telagt åre, gjerne mot eit mål.

Nynorskordet «rettleie» forstår eg som sett

saman av omgrepet «rett» og «leie». Omgrepet

«leie» er som i førre avsnitt å føre, vise veg og

følgje. Ordet «rett» forstår eg med eit omgreps-

innhald som å vere riktig, vere sant eller ekte i

denne samanhengen. «Rett» kan og sjåast på

som ei føremon, å kunne ha ein gode til fordel

for andre, men eg vel å ikkje trekkje dette inn i

denne samanhengen. Mi forståing av omgrepet

«rettleiing» vert då å føre, følgje eller vise nokon

på ein riktig, sann eller ekte veg.

Ser ein slik på orda «veiledning» og «rettlei-

ing» så peikar det seg ut ein forskjell for meg i

omgrepsinnhald. «Veiledning» fører til ein veg, og

«rettleiing» fører til noko som er sant eller ekte.

Dermed viser desse orda ikkje til same forståing,

og er ikkje heilt samanfallande og samsvarande.

Sundli (2009, s. 160) viser til tilsvarande skil-

nad på omgrepa: «Ordet veiledning består av

delene vei og leidning, og det gir assosiasjoner til

at en leder en annen på vegen. Nynorskbegrepet

rettleiing

angir enda sterkere at det er en som vet

hva som er rett, og at det finnes en rett vei å ledes

på, og svensk

handledning

går enda mer fysisk til

verks.»

Ser vi på det engelske språket blir gjerne ordet

«guidance» oversett til «veiledning» på norsk

(bokmål) ( Johannesen, Kokkersvold og Vedeler,

2010, s. 21). «Guidance» har slik eg ser det og eit

rom for å kunne vurdere kva som er rett eller kva

retning ein vil velje.

Eg vil ikkje prøve å forfekte kunnskap eller for-

ståing av språkhistorie eller språkutvikling på noko

høgare nivå. Mi interesse her er å ha eit funksjonelt

språk og ordforråd som ligg tett opp til det som

vert brukt både daglegdags og fagterminologisk,

og som i høgst mogleg grad har eit felles omgreps-

innhald hjå brukarane. Eit språk vi kan bruke og

forstå i fellesskap.

Eg ville gjerne kunne bruke ordet «vegleiing»

som eit nynorskord i oppgåva mi, eller som eit

bruksord som har eit innhald som eg forstår som

å «føre, følgje og vise veg i ein retning eller langs

ei åre som kan føre mot eit mål» og som direkte

oversett frå bokmålsordet «veiledning». Å bruke

«rettleiing» vil ikkje høve på same måte, der ein

ikkje søkjer seg fram til «det rette» men heller

forskar ut ein mogleg veg.

Alternativet var å bruke bokmålsordet «veiled-

ning» som alt er eit etablert omgrep i det norske

språket vårt. Både «vegleiing» og «veiledning» er

å finne i bruk i formelle faglege tekstar skrivne på

nynorsk, men utan at det har feste i rettskriving.

Kan ein då sjå på at det er mogleg at fagleg praksis

har akseptert omgrepsbruk, og at bruk og forstå-

ing av omgrepet ligg litt føre rettskrivingsreglar

og rettskrivingsformer?

Bedre Skole nr. 3

2017 – 29. årgang

78