Utdanning nr 03-2014 - page 49

49 |
UTDANNING
nr. 3/7. februar 2014
for at det ho har sagt og skrive, kan psyke ut ein
del lærarar, og at det kan ta frå oss autoritet. Ho
seier at det er viktig å gjere læraryrket attraktivt,
men nører opp under myten om den late lærar,
og meir enn ymtar om at det er mange «dårlege
lærarar» i norsk skule.
Læraryrket er krevjande,
og det er somme gon-
ger små marginar mellom å lukkast og å ikkje luk-
kast. Dei fleste lærarar har nok kjent på avmakt i
møte med pedagogiske og menneskelege utfor-
dringar, som iblant er (for) store. Det viktige ein
lærar gjer, kan alltid gjerast betre. Slik er det når
vi arbeider med menneske. Eg trur det mange
lærarar ikkje er flinke nok til, er å tenkje: «godt
nok» om det dei sjølv gjer. Å rakke ned på lærarar
som yrkesgruppe — slik dei som synsar i media
om «gode» og «dårlege» lærarar, faktisk gjer — er
å gjere samfunnsugagn. At det kan tynge børa til
slitne lærarar og dei som kjempar langt framme i
fronten, er ille. Ille er det også at det øydelegg for
alle lærarar, fordi det undergrev lærarane sin auto-
ritet, i den grad folk lèt seg påverke av medieom-
talen. Autoritet er verktøyet vårt, på same måte
som skrutrekkar er det for ein elektrikar. Blir vi
fråtekne autoriteten vår, gjer vi ein dårlegare jobb.
Det går ut over oss. For vi vil gjerne gjere ein god
jobb. Men mest går det ut over elevane.
NHO-direktøren sitt utspel renn over av rin-
geakt for oss lærarar som er i skulen i dag. Viss
læraryrket skal bli meir attraktivt, må vi mellom
anna få slutt på slik verbal klasebombing av lær-
arstanden i media frå framståande personar med
ansvar i samfunnet.
Kjelder:
«Drive. The surprising truth about what motivates
us»
, Daniel H. Pink, Canongate 2011
NRK Dagsrevyen
, onsdag 8. januar 2013
Politisk kvarter
NRK radio 6. januar 2014:
/
nrep37000314/06-01-2014
Pressemelding på NHO si nettside:
«Bedre lønn
til gode lærere», publisert 06.01.14, v/ NHO-sjef
Kristin Skogen Lund:
/
Bedre-lonn-til-gode-larere/
«Å være ungdomsskolelærer i Norge. Resultater
fra OECDs internasjonale studie av undervisning
og læring (TALIS)»
. RAPPORT 23/2009. Nils Vibe,
Per Olaf Aamodt og Tone Cecilie Carlsten. http://
.
pdf
«NHO-direktøren sitt utspel renn over av
ringeakt for oss lærarar som er i skulen i
dag.»
1...,39,40,41,42,43,44,45,46,47,48 50,51,52,53,54,55,56,57,58,59,...68
Powered by FlippingBook